8 Miljø og kultur

Drift

Drift
Teneste 8 MILJØ OG KULTUR Budsjett 2018 Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022
2310 AKTIVITETSTILBOD BARN OG UNGE 248 353 278 952 278 952 278 952 278 952
2340 AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA 0 0 0 0 0
2342 FRIVILLIGHETSSENTRAL 291 003 684 859 684 859 684 859 684 859
2423 MOT - PROSJEKTET 336 902 343 163 343 163 343 163 343 163
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK 298 479 306 662 306 662 306 662 306 662
3620 FRILUFTSLIV 267 256 257 555 257 555 257 555 257 555
3650 KULTURMINNEVERN 161 778 162 006 162 006 162 006 162 006
3700 BIBLIOTEK 1 572 767 1 620 224 1 620 224 1 620 224 1 620 224
3750 MUSEER 278 774 278 774 278 774 278 774 278 774
3770 KUNST OG KUNSTFORMIDLING 175 000 175 000 175 000 175 000 175 000
3801 VIGRAHALLEN 0 0 0 0 0
3810 IDRETT 337 151 339 000 339 000 339 000 339 000
3830 KULTURSKULE 2 520 968 2 597 230 2 597 230 2 597 230 2 597 230
3850 KULTURKONTORET 1 374 794 1 400 013 1 400 013 1 400 013 1 400 013
3851 ANDRE KULTURTILTAK 102 607 105 607 105 607 105 607 105 607
Sum 8 MILJØ OG KULTUR 7 965 832 8 549 045 8 549 045 8 549 045 8 549 045

Investering

Investering
Prosjekt Beskrivelse Budsjett 2018 Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022
47 Universelt utforma badeplass Blimssanden 0 0 0 0 870 000
48 Nettsider for kulturminner i Giske kommune 0 0 0 0 120 000
4302 FLEIRBRUKSHALL VIGRA -3 300 000 0 0 0 0
4306 WC Gjerdesanden 0 0 510 000 0 0
4307 Parkeringsplass Gjerdesanden 0 0 960 000 0 0
4308 Skilt, Informasjon og tilrettelegging av Turvegar og kulturminne 150 000 120 000 120 000 120 000 120 000
4309 WC Vindsneset 0 408 000 0 0 0
Totalt -3 150 000 528 000 1 590 000 120 000 1 110 000

I Giske kommune legg vi vekt på samspel med frivillig sektor, og samarbeidet er godt.

Kultur er viktig for eit samfunn fordi det:

  • stimulerer deltaking i lokalsamfunnet
  • gir tilgang til lokale tilbod og kulturminner / identitet
  • styrker dei sosiale banda mellom innbyggarane (inkludering og integrering).
  • aukar livsglede, helse og velvære.
  • reduserer einsemd, og med det truleg redusere sjukefråver og forfall i skule.
  • positive synergiar kan oppstå som resultat av at folk møtast og utveksler tankar og meiningar, erfaringar og idear.

Mykje av det vi gjer har direkte positiv betydning for andre kommunale tenester. Vi kan f.eks. nemne:

  • Biblioteket låner ut bøker i barnehagane og dei kjem på besøk til biblioteket.
  • Biblioteket er ressurs for grunnskular gjennom fagleg rådgjeving og besøk.
  • Biblioteket stimulerer leselyst, bl.a. aksjon sommarles.
  • Frivilligsentralen gjennomfører mange tilbod på og utanfor institusjon for eldre, bl.a. gjennom «Den kulturelle spaserstokken».
  • Frivilligsentralen organiserer henting og levering av brukarar til kommunale tilbod, utkøyring av måltid, har elevar på arbeistrening m.m.
  • Kulturskulen har konsertar på institusjonar og bukollektiv.
  • Kulturskulen sel tenester til skular i høve gjennomføring av ulike prosjekt.
  • Sysselsettingsprogrammet gir tenester til dei fleste einingar i form av praktiske gjeremål som f.eks. grøntarbeid som luking og felling av tre, rydding, maling m.m.
  • Kulturminnearbeidet synleggjer og viser fram historia vår rundt om i Giske. Dette er nyttig for både barn, vaksne og eldre anten dei oppsøkjer kulturminna direkte eller kombinerer det med f.eks. tur langs turstiar.
  • Rådgiving knytt til spelemidlar for realisering av uteområde ved skular og barnehagar. Spelemidlar genererer gode inntekter som styrkar kommuneøkonomien.

Tenestene

Teneste 2310 Aktivitetstilbod for barn og unge

Dette området gjeld ei rekke tilbod til barn og unge som: ungdomsmidlar / kulturmidlar, Ung Kultur Møtast / UKM, Barnas og ungdommens kommunestyre, og ungdomsmidlar.

Teneste 2342 Frivilligsentralen

Frivilligsentralen er viktig for samspelskommunen og over 100 personar i alle aldrar deltek i frivillig arbeid – alt frå å gi kulturelle opplevingar og til transport til arrangement. Det er utstrakt samarbeid med NAV og kommunale einingar. Frå 2017 er finansiering overført til kommunen si rammeløyving, men med ei form for øyremerking i ein overgangsperiode.

Teneste 2423 MOT-prosjektet

Tiltaket har utgifter til kontingent, løns- og driftsutgifter til aktivitetar (40 % stilling), jf. årleg MOT-rapport. Det faglege opplegget er i tråd med programmet frå MOT nasjonalt.

Teneste 2730 Kommunalt sysselsettingsprogram

Samarbeid med NAV, organisert gjennom eininga og frivilligsentralen. Programmet er ein suksess for dei som deltek som får arbeidstrening, sosialt fellesskap, haldepunkt i livet på fleire plan og utfører viktige oppgåver.

Teneste 3620 Friluftsliv

Brukarar er innbyggarar og mange besøkande. Området inkluderer avtalar om disponering av grunn til to badeplassar, betaling for leige, tilsyn og rydding rundt avfalldsdunkar 4 stadar i kommunen. Som medlem i Friluftsrådet for Ålesund og omland får vi drift av WC og renovasjon (Blimsanden), faglege råd og gratis lån av friluftsutstyr m.m. Innsparing og prioritering gjer drift av friluftsområde, skilting og renovasjon utfordrande. Betalingstoalett må vurderast for nye og etablerte tilbod.

Teneste 3650 Kulturminnevern

Kommunen kan etter søknad tildele støtte til sogelag og ein del andre frivillige lag som arbeider innan området. Vi er avhengig av godt samarbeid med dei då drift og vedlikehald er på minimumsnivå. Det er 8 gravfelt det hastar å gjere noko med ved: Kyrkjevegen/ Vassrema (Vigra), Utom Fjellet (Valderøya), Hamnevegen og Vigra sjukeheim/ parkeringsplass Vigra kyrkje, Husafjellet (Valderøya), Høgstein (Godøya), gravfelt på Blindheim, Godøyvegen og Ytterland.

Teneste 3700 Bibliotek

Giske folkebibliotek hadde i 2017 i overkant av 17.300 utlån, ei auke på 300. Pr d.d. har vi 699 aktive lånarar. I tillegg kjem nettbesøk, tilgang til Internett på biblioteket, besøk til barnehagar, skular og heimebuande (unikt tilbod). Trass små rammer og dårleg eigna lokale, arrangerer biblioteket vellykka språkkafé for flyktningar, ulike kulturelle arrangement knytt til eldre / Den kulturelle spaserstokk, forfattarbesøk, innvandrarar, klesbyttedag m.m. Mange frivillige bidreg her langt utover forventa. Biblioteket har etter biblioteklova fått auka ansvar ift arrangement og debattar. Dette har skjedd utan tilføring av fleire ressursar!

Teneste 3750 Museum (lokale samlingar)

Kommunen har ein samarbeidsavtale med Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM) om stilling som avdelingsleiar / museumsfagleg kompetanse ved Godøy kystmuseum. Dette gir skulane gratis tilbod (Steinalderkofferten). Tenesta blir på same nivå som i 2017 (kr 279 000). I 2017 budsjettet var tenestene 3750 og 3770 foreslått reduserte, men kommunestyret auka ramma for å oppretthalde tilbod og støtte til formåla.

Teneste 3770 Kunst- og kunstformidling

Dette gjeld tilskot til lag og organisasjonar: song og musikk, Giskespelet og Sommarfesten på Giske. Musikklivet er organisert gjennom Giske musikkråd. Det er over 19 kor (ikkje alle registrerte) og 5 korps. To tredelar av desse søkjer om kulturmidlar (varierer kven som søkjer).

Teneste 3810 Idrett

Idretten aktiviserer mange innbyggarar gjennom trening og arrangement som er viktig for folkehelsa og som samfunnsaktør. Idretten organiserer svært mange barn, unge og vaksne: om lag ein-tredel av folket. Kommunen yter tilskot til laga m.a. gratis leige i hallane for tilbod til unge under 18 år og driftstilskot for anlegg. Søknad om spelemidlar går gjennom kommunen.

Teneste 3830 Kulturskulen

Elevmassa i kulturskulen er omtreng jamt fordelt mellom musikk (aspirantar, bass, blås, gitar, «Lykklighet», piano, song og trommer) og dans, kunst og teater. Dei aller fleste elevane går i grunnskulen. Det er ca 80 % jenter. Undervisinga skjer individuelt og i grupper. Kulturskulen har eigne prosjekt, samarbeider internt og med andre einingar. Innanfor ramma kan vi ikkje skaffe vikar når lærar blir sjuk første undervisingsveke.

Teneste 3850 Kulturkontoret

Kulturkontoret arbeider aktivt innanfor dei aller fleste tenestene, i tillegg til at vi administrerer eininga. Dessutan samarbeider vi med frivillige, internt med andre einingar og deltek i interkommunalt samarbeid. Einingsleiar er ny stadnamnkonsulent.

Teneste 3851 Andre kulturtiltak

Tilskot til 17. mai-komitéar, kulturmidlar (lydavis til blinde, Folkeakademi, Seniordans m.m.) og abonnement på «Tilskuddsportalen for lag og organisasjonar» der dei kan orientere seg om mange private og offentlege tilskotsordningar.

Utfordringar i perioden

  • Oppretthalde tilbod med mindre bruk av ressursar
  • Utvikle samspel med frivillige lag og organisasjonar
  • Utvikle samspel mellom kultur og andre tenester i kommunen så som barnehagar, skular og omsorg slik at det blir kvalitet i kulturopplevingane rundt om og kulturskuleelevane får varierte «scener» å opptre på til glede og nytte for innbyggarane
  • Giske kommune skal vere døropnar og vise engasjement i høve kulturaktørar/institusjonar som har potensiale i seg til å utvikle seg til kreative næringar
  • Utvikle digitale uttrykksformer og tilbod
  • Bruke digitale løysingar i administrasjon og kommunikasjon internt og med innbyggarane
  • Manglar uformelle møtestadar
  • Kjenneteikn ved kulturlivet: Eldsjelene blir færre, mange ikkje involvert i dugnad. Nokre eldsjeler gjer svært mykje.Forplikting til større prosjekt er vanskeleg.Utfordring å få folk med i styra og å sikre langtidsplanlegging. Leiarar og leiing over tid er mangelvare.Lettare å få folk til å bidra «no og då»
  • Arbeide med kommunen som eitt lokalsamfunn med forskjellige tilbod på øyane

Resultatmål 2019

  1. Gjennom samspel med frivillige, grunneigarar, lag og organisasjonar skal vi i fellesskap vidareutvikle friluftslivet i kommunen i høve informasjon, skilting, tiltak for å hindre erosjon av området rundt, parkering m.m.
  2. Tenesteproduksjonen i eininga skal ta i bruk digitale løysingar og verktøy for at:
    • Biblioteket skal kunne brukast av innbyggarane store delar av døgnet
    • Undervisinga i kulturskulen skal vere inspirerande, moderne og tilpassa elevane
    • Innbyggarane i større grad kan klare å hjelpe seg sjølve når det måtte passe dei
    • Manuelle prosessar i større grad kan automatiserast
    • All positiv aktivitet blir synleg for innbyggarane
  1. Frivilligsentralen skal vidare styrke posisjonen som aktivum for innbyggarane gjennom samarbeid med lag og organisasjonar og andre kommunale einingar.
  2. Gjennom Ung Kultur Møtast (UKM) og Barnas og ungdommens kommunestyre skal kommunen jobbe for at ungdommen finn sin plass i kommunen vår og at talenta får arenaer dei kan vise seg fram på.
  3. Fullføre arbeidet med dei 8 kulturminna vi har fått eksterne midlar til frå Riksantikvaren og fylkeskommunen