Barnehagar

Teneste 2110/2111 Kommunale og private barnehagar/styrka tilbod

Tenesteområde 2110 gjeld kommunale og private barnehagar. Teneste 2111 dekkjer styrka tilbod til førskuleborn for alle born i kommunen uavhengig av barnehagetilbod.

I barnehagane er behovet for bemanning avhengig av samansetjinga av barnegruppa. Dersom barnehagen får mange små barn, krevst det fleire tilsette.

Private barnehagar er finansiert av kommunen på linje med kommunale barnehagar, justert for pensjonsutgifter. Utrekning av tilskotssats skjer på grunnlag av rekneskap for kommunale barnehagar to år tilbake, justert med kommunal deflator for kostnadsveksten. I tillegg får dei private barnehagane kapitaltilskot, avhengig av investeringskostnad og alder på bygg.

Tenesteområde 2111 styrka tilbod til førskulebarn er ein viktig del av kommunen sitt arbeid med tidleg innsats og det blir budsjettert med ca. 8,3 mill. Dette dekkjer både spesialpedagogiske tiltak og tilrettelegging for barn med særlege behov.