9 Teknisk
Driftsbudsjett
Dei fleste tenesteområda innan ramme 9 er budsjettert innanfor regelverket for sjølvkost. For å få fram balansen i sjølvkost blir teknisk sitt budsjett presentert med ansvarsområda. Samla inntekter, utgifter og nettokostnad går fram av tabellen ovanfor. Overskot innan eit sjølvkostområde blir sett av i fond og underskot blir dekt med bruk av fond. Betalingssatsane er lagt opp for å få balanse (over 5 år) jf. eigen sak.
Områda som ikkje er sjølvfinansierande er eigedomsavdelinga, brannvern, regulering og grunnkjøp, opparbeiding og utbyggingsområde og veganlegg – jamfør oversikta ovanfor. Plan er ikkje eit vedteke sjølvkostområde men gebyra legg opp til auka dekningsgrad. Nettoutgift for teknisk er kr 42,7 millionar kr 50,2 millionar i 2015. Dette er oppnådd gjennom auka sjølvkostdekning, delar av stillingar overført til investeringar og reduksjon av tensteomfang.
Ansvar 5000 Byggesak - Teneste 3020 byggesak
Dette er eit vedteke sjølvkostområde der betalingssatsen aukar med 20%.
Ansvar 5100 Eigedomsavdeling - Teneste Kommunale bygg (fleire nummer)
Eigedomsavdelinga er fordelt på ei rekkje tenester som dekkjer drift av alle kommunale bygg. Det er gjennomført innstrammingar gjennom reduksjon i tal på stillingar, unntaksvis bruk av vikar, mindre vedlikehald og reinhald. Når andre tenester treng meir areal blir det stramma inn på allment reinhald og ombyggingar gjer at allment vedlikehald også får lågare prioritert. Robotar og digital styring må takast i bruk i åra som kjem for å oppnå vidare effektivisering og rasjonalisering.
Ansvar 5300 Brannvern - Teneste 3380 Brann- og oljevern
Giske kommune har felles brannvesen med Ålesund (DIB) og er underlagt deira drift, men med 28 eigne deltidstilsette brannmenn (0,8 stilling), eige utstyr og bilar. Grunna skjerpa krav til kompetanse aukar utgiftene kr 1 million årleg og og utskifting av leiande brannmenn medfører ein kostnad påkr 1 million ekstra i 2019.
Ansvar 5210 Feiing og tilsyn - teneste 3380
Kommunen kjøper tenesta med Ålesund.
Ansvar 5400 Kommunalt kartverk - Teneste kommunalt kartverk 3015
Lovpålagt teneste som ikkje er sjølfinansiert.
Ansvar 5410 Oppmåling - Teneste 3030 oppmåling
Vedteke sjølkostområde og betalingssatsen aukar med 18%.
Ansvar 5500 Regulering - Teneste 3010 Regulering
Regulering skal vere sjølvfinansierande. Det er 1,5 stillingar på dette tenesteområde og betalingssatsen aukar med 26% for å dekkje kostnadane.
Ansvar 5520 Grunnkjøp - Teneste fleire
Om lag 1,5 stillingar som arbeider på området finansiert som ein del av utbyggingsprosjekt.
Ansvar 6100 Veganlegg - Teneste 3320 kommunale vegar, teneste 3341 gatelys, teneste 3350 parkar og plassar m.m.
Ansvarsområde dekkjer drift av veganlegg, gatelys og parkar og plassar. Dette er ikkje sjølvkost.
Ansvar VAR - Vatn, avløp og renovasjon: 6200 Vassforsyning, 6300 Avløp og reinsing, 6350 Slamtøming. 6400 Renovasjon,
Drift og vedlikehald av vassforsyninga som saman med avløp og reinsing, slamtømming og renovasjon blir regulert av eige lov og regelverk, og skal drivast innanfor særavgifter, sjølvfinansierande. Noko vatn blir kjøpt frå Ålesund då ein har nådd maksimal kapasitet på eige vassverk. Vidare er tenste 3400 Behandlingsanlegg og teneste 3450 Leidningsanlegg eigne tenesteområde under sjølvkost der det er store investeringsbehov. Det er slik auke i gebyra:
Vassgebyr tilknyting, ab.gebyr og forbruk Avløpsgebyr – tilknyting, ab gebyr og forbruk |
20 % - 2 % - 12 % 26 % - 7 % - 26 % |
Slam og renovasjon er administrert av ÅRIM. Vi legg satsane til ÅRIM til grunn runda opp til næraste heile 10-kr.
- Ordinær renovasjon minus 9 %
- Renovasjon redusert pluss 1,5 %
- Renovasjon redusert med kompost pluss 8,2 %
- Ekstra henting:
- Avstand 5 – 25 m pluss 280 %
- 26 - 40 m pluss 133,33 %
- 41 – 60 m pluss 133,33 %
- 61 – 100 m pluss 121,21 %
Samla investeringsbudsjett for teknisk eining
Utfordringar framover
- Investeringsbudsjett og prosjekt må planleggast slik at ein får tilfredsstillande gjennomføring, god flyt.
- Drifte eigedomane, effektivt med nye verkty og færre folk – møte behova frå tenestene/brukarane.
- Utskifting av vass- og avløpsleidningar og utbygging av reinseanlegg.
- Komplekse byggesaker.
- Omdømme
Resultatmål 2019
- Ta i bruk digitale, smarte driftssystem,
- Smartbyggløysingar; digitale lås, teknisk overvaking og drift
- Verkty som effektiviserer drift og organisering av personale, utstyr og bilpark
- Digital saksbehandling med nye, automatiserte system.
- Saksbehandling skal vere forsvarleg og skje innan oppsette fristar (jf. LEAN)
- Ny og brukarvenleg kartløysing for private og professjonelle brukarar er no på plass.
- Tatt i bruk og prøvd robotar i vedlikehald av plenar, reinhald osb. Dette blir vurdert fortløpande.