Omstilling, digitaliserte tenester og teknologibarsert tenesteutvikling
Det strategiske arbeidet for å møte framtidige utfordringane er forankra i kommuneplanen. Trongen for vekst i tenestene er sterkare enn veksten i dei økonomiske ressursane som er tilgjengelege. Dette er ei nasjonal utvikling som må løysast på kommunalt nivå. Vi vil i aukande grad erfare at tenester vert levert som digitale eller teknologibaserte løysingar, for å frigjere menneskelege ressursar til oppgåver som ikkje kan erstattast med teknologi.
Giske kommune skal halde fram med omstillingsprogrammet i planperioden. Programmet legg til grunn utvikling av organisasjon og tilsette gjennom endra arbeidsdeling, nye arbeidsmetodar, kompetanseutvikling både hos tilsette og brukarar, automatisering av oppgåver og sjølvbetente løysingar.
Omstillingsprogrammet skal bidra til målsetjinga om å redusere driftsutgiftene på permanent basis. Kommunen må bygge opp fond og etablere drift på eit sunt økonomisk nivå. Kommunestyret sin vedtekne økonomiplan 2019 -2022 legg opp til å gjennomføre reduksjonar i tenestene gjennom tiltak som:
- Å halde fram arbeidet med omstillingsprogrammet gjennom digitaliseringog bruk av ny teknologi.
- Ny organisasjonsstruktur der tverrfagleg samarbeid og kompetente fagmiljø bidreg til god kvalitet i tenesteytinga..
- Stabilitet i tal årsverk, reduksjon i innkjøp, tilskot til ulike føremål og endringar i struktur og nivå på tenester.