Kommunestyret sitt vedtak
K-066/18 Vedtak
1. Giske kommunestyre godkjenner økonomiplanen for 2019 – 2022 inkludert årsbudsjettet for 2019 og forpliktande plan 2019:
- Driftsbudsjettet for 2019 vert godkjent med ei samla netto ramme på kr 432 163 560.
- Investeringsbudsjettet for 2019 vert godkjent med samla nettoinvesteringsramme på kr 71 557 364.
- Kommune sine skatter for 2019 skal skrivast ut etter dei høgast lovlege satsar.
2. Giske kommunestyre godkjenner at det i 2019 vert tatt opp rammelån på inntil kr 70 257 364 til investeringar
og inntil kr 8 000 000 i Husbanken til vidare utlån.
3. Giske kommunestyre vedtek at avdrag på kommunen si lånegjeld i 2019 skal innbetalast med berekna minimumsavdrag jf. kommunelova § 50 nr. 7.
4. Giske kommunestyre godkjenner trekkrett med ei ramme på 75 mill. kr.
5. Giske kommunestyre gir:
- Giske formannskap fullmakt til å gjere endringar i investeringsbudsjettet mellom prosjekt og rammeområde innanfor den samla investeringsramma som er vedteke ovanfor.
- Giske kommunestyre gir rådmannen fullmakt til å omdisponere lønsmidlar avsett på ansvar 1300 Felles drift til andre rammeområde/ansvar i budsjettet.
6. Eigedomsskatt:
I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal fylgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2019:
1. Faste eigedomar i heile kommunen.
2. Verk og bruk: Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget redusert med ein sjuandedel i 2019 (overgangsregel til §§ 3 og 4 første ledd første pkt).
3. Eigedomsskattesatsen er 2 ‰.
4. Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar.
5. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt skal kommunen nytte skattevedtekter for Giske kommune som blir utarbeidde av den valde skattetakstnemnda.
6. Prinsipp og retningsliner for taksering og framlegg til typar bygningar som skal fritakast for eigedomsskatt i Giske kommune går fram av reglar som er utarbeidde av den valde sakkunnige nemnda.
Første setning i pkt. 2 under "Samfunnsutvikling" vert endra til:
I arbeid med utvikling av Giske-samfunnet skal kommunen, etter idéar frå Island, ta initiativ til fempartsprosjekt med føremål å utvikle trygge og gode oppvekstmiljø for barn og unge.
Giske kommunestyre set ned eit utval på tre personar som innan 1. mai skal legge fram forslag til godtgjersle for ordførar, varaoardførar og andre politiske verv. Utvalet skal leiast av leiaren for kontrollutvalsekretariatet.Ein representant vert oppnemnd av formannskapet.Rådmannen er fast medlem og sekretær.
Auke i ramme til prosjekt 5605 Skulevegen med kr. 12 189 696.Av dette vert kr. 2 000 000 finansiert med meir i refusjon frå fylket, kr. 8 469 364 gjeld VAR-investeringar som skal finanserast med auke i låneopptak og resten, kr. 1 720 332 skal finansierast med bruk av kraftfond.
Det vert oppretta eit fond på kr. 1 000 000 til prosjekt Gjøsund hamn ved overføring av beløpet frå fondsmidlar (kraftfondet).
Giske kommunestyre forventar at ingen heildøgnsplassar innan pleie og omsorg vert lagt ned.