6 Barn, familie og helse
Teneste | 6 BARN, FAMILIE, HELSE | Budsjett 2018 | Budsjett 2019 | Budsjett 2020 | Budsjett 2021 | Budsjett 2022 |
---|---|---|---|---|---|---|
2111 | STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN | 2 386 431 | 2 213 358 | 2 213 358 | 2 213 358 | 2 213 358 |
2120 | GRUNNSKOLE | 1 778 445 | 2 027 406 | 2 027 406 | 2 027 406 | 2 027 406 |
2130 | VAKSENOPPLÆRING | 784 928 | 271 492 | 271 492 | 271 492 | 271 492 |
2320 | FØREBYGGING HELSESTASJONS- OG SKULEHELSETENESTE | 5 592 046 | 5 915 706 | 5 915 706 | 5 915 706 | 5 915 706 |
2330 | FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL | 707 000 | 707 000 | 707 000 | 707 000 | 707 000 |
2340 | AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA | 2 695 908 | 18 000 | 18 000 | 18 000 | 18 000 |
2341 | PSYKIATRISK DAGTILBOD | 6 000 | 0 | 0 | 0 | 0 |
2410 | DIAGNOSE OG BEHANDLING | 8 086 897 | 8 375 943 | 8 375 943 | 8 375 943 | 8 375 943 |
2411 | FYSIO-/ERGOTERAPITENESTE | 2 781 650 | 3 823 240 | 3 823 240 | 3 823 240 | 3 823 240 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 2 645 683 | 1 709 717 | 1 709 717 | 1 709 717 | 1 709 717 |
2413 | FRISKLIVSSENTRAL | 106 804 | 94 855 | 94 855 | 94 855 | 94 855 |
2420 | SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING | 3 000 | -72 000 | -72 000 | -72 000 | -72 000 |
2440 | BARNEVERNTENESTE | 4 607 951 | 4 880 985 | 4 880 985 | 4 880 985 | 4 880 985 |
2510 | BARNEVERNTILTAK I FAMILIEN | 1 278 300 | 1 185 146 | 1 185 146 | 1 185 146 | 1 185 146 |
2520 | BARNEVERNTILTAK UTANFOR FAMILIEN | 6 874 954 | 6 817 533 | 6 817 533 | 6 817 533 | 6 817 533 |
Sum | 6 BARN, FAMILIE, HELSE | 40 335 997 | 37 968 381 | 37 968 381 | 37 968 381 | 37 968 381 |
Teneste 2111, 2120. Pedagogisk-psykologisk teneste, logopedteneste.
Talet på brukarar PPT:om lag 350 aktive saker, om lag 25 på venteliste. Kommunelogoped har omtrent 100 saker pr. år.
Årsverk: 4
Auka ressursen med 40% stilling i PPT, totalt i tensta fire 100% rådgjevarstillingar. I tillegg blir det kjøpt tenester tilsvarande 50% stilling som rådgjevar for å hindre fristbrot. Vi vurderer at det også i 2019 vil vere behov for å styrke ressursen i tenesta. Det har enno ikkje vore mogleg innafor dagens ramme å gjennomføre vedtaket om oppretting av fleire faste rådgjevarstillingar i tenesta. Talet på brukarar som har venta lenger enn fristen er p.t. 25. Nytt fagprogram med fullelektronisk arkiv er teke i bruk frå september 2018.
Teneste 2320 Helsestasjon og skulehelsetenesta
Tal på brukarar: helsestasjon 1800, jordmor 80 pr. 28.09.18.
Årsverk: 7,5 faste og 2,5 engasjement
Helsestasjon med skulehelsetenesta og jordmortenesta har fått tilført ressurser siste året på grunn av tilskotsmidlar som har som føremål å styrke skulehelsetenesta og jordmortenesta. Styrking av skulehelsetenesta er ei nasjonal satsing på styrking av psykiske helsetilbod til barn og unge og skulehelsetenesta kan no vere meir til stades på skulen. Styrking av jordmortenesta med 30%, totalt 1,3 årsverk, er viktig for å kunne følge opp barselkvinner som i dag blir mykje raskare utskrivne frå sjukehuset. Ein del av tilskotet er øyremerka kompetanseheving i tenesta. Totalt har vi motteke 1,2 mill i tilskot i 2018, men det har vore utfordringar med å rekruttere tilsette med helsesøsterutdanning.
Teneste 2330 Førebyggande arbeid helse og sosial
Kommunen sin del av kostnadene til krisesenter, overgrepsmottak og deltaking i Mission Possible utgjorde i fjor kr. 721.592, for inneverande år er det sett av kr 692.000. Budsjettet frå Ålesund kommune for neste år ligg ikkje føre endå, men det er grunn til å tru at kostnadene vil bli om lag kr 740.000 neste år. Grunna manglande rammer budsjetterer ein med same sum som i år.
Overføring til private blir på same sum som inneverande år. Støttesenter mot Incest, Amathea og Kirkens SOS blir tilgodesett med kr 5000 på kvar.
Teneste 2410 Diagnose og behandling
Tal på pasientar med fastlege i Giske: om lag 7500
Årsverk: 8 fastlegar, 1 turnuslege
Vi har framleis god legedekning etter oppretting av den siste fastlegeheimelen i 2016. Det er framleis litt ledig kapasitet på 2 av listene, men på grunn av folkeveksten i kommunen må vi truleg i nær framtid opprette enda ein ny fastlegheimel. Legegruppa er relativ stabil, men det er generelt vanskeleg å rekruttere til vikariat og faste stillingar når det er aktuelt. I dag har vi ledig eit vikariat og ei fast stilling. Dersom vi må bruke vikarbyrå for innleige vil det bety store utgifter, om lag kr 75.000 pr. mnd. Prosjektarbeidet med utgreiing av framtidig drift av legesenteret vil også føre til auka utgifter. Driftskostnader til legekontoret på dagens ramme er underbudsjettert og det er forventa auke i utgiftene til drift i økonomplanperioden. Utgifter til interkommunalt samarbeid som drift av Krisesenter og nattlegevakt har også auka.
Teneste 2411 Fysio- og ergoterapiteneste
Tal på brukarar: Fysioterpitenesta om lag 280, ergoterapi 70
Årsverk: 7
7 årsverk , inkl. 100% stilling som vaktmeister og 3,56 stillingar i Kvardagsrehabiliteringsteamet. Det er politisk vedtak på at prosjektet skal videreførast som ei fast teneste, men manglar fullt ut budsjettdekning for stillingane. Kommunen har driftsavtale med to privatpraktiserande fysioterapeuter.
Arbeidet i kvardagsrehabiliteringa skal gi effekt på drifta i ramme 7.
Teneste 2413 Frislivssental
Frisklivssentralen har fysioterapeut i 20% stilling.
Teneste 2412 Psykisk helseteneste, herunder psykisk helseteam barn og unge
Tal på brukarar: 75
Årsverk: 3, inkl. 100% stilling som kommunepsykolog.
Prosjekt psykisk helseteam barn og unge (PHBU 2015- 2018) er no i sluttfasen. I Økonomiplan for 2018-2021 er det vedteke at prosjektet PHBU skal etablerast som ei fast teneste etter prosjektperioden. Det er lagt inn halv dekking av lønsmidlar til to fagstillingar i teamet. Tenesta vil søkje ulike prosjektmidlar og tilskot for å kome i balanse.Psykologstillinga er oppretta som fast stilling noko som er ein føresetnad for å få tilskot til etablering av kommunepsykolog. Tilskot til finansiering av kommunepsykologstilling vil truleg bli avkorta neste år og vi får auka utgifter til finansiering av stillinga. Ressursen i teamet vil også bli brukt til å bidra med kompetanse inn i Betre Tverrfagleg Innsats-prosjektet (BTI) som er ei viktig satsing for å nå målet om betre koordinerte tenester.
Teneste 2130 Vaksenopplæring
Tal på brukarar: 13
Årsverk: 1,08 der 28% stilling inngår i grunnbemanninga i PPT.
Vaksenopplæringa er eit dagtilbod til brukarar i alle aldrar med særskilt behov for opplæring. Ressursane blir samordna med dagtilbodet Kingelveven.
Teneste 2510-2520 og 2440 Barneverntiltak og barnevernsteneste
Tal på brukarar: 103 med tiltak ved halvårsrapportering i juni 2018.
Årsverk: 8, inkl. avdelingsleiar/barnevernleiar, 40% stilling som merkantil.
O fristbrot i undersøkingssaker hittil i år.
Barneverntenesta har søkt om tilskot til finansiering av kompetanseheving i tenesta. Vi har i 2018 gjennomført fleire kompetansehevande kurs som gjer at tilsette kan tilby meir endringsbaserte tiltak. Interkommunal barnevernvakt har vore i drift sidan 01.04.18. Erfaringa så langt er positiv ved at vi no har ein stabil beredskap for utsette barn og unge. Tenesta har tatt i bruk Mobilt barnevern, som skal auke kvaliteten på tenesta. Etter ein periode med utfordringar med tekniske løysingar, fungerer dette mykje betre.
Teneste 2520, Kjøp av tenester frå staten, denne er underbudsjettert i år og det er grunn til å tru at den også vil bli det neste år. Ein finn ikkje midlar i budsjettramma til å styrke posten. Kostnad for opphald i institusjon har auka og vil bli dyrare etter som kommunen skal ta meir av utgiftene dei neste åra.
Utfordringar i perioden:
- Eininga har stillingar oppretta av tilskot og prosjektmidlar innan kvardagsrehabiliteringsteamet og psykisk helseteam barn og unge. Det vart i økonomiplan 2018-2021 vedtatt at desse tenestene skal vere faste tenester i kommunen etter prosjektet vert avslutta. Det er lagt inn halv dekking lønsmidlar i budsjettet. Det vert behov for å søkje prosjektmidlar og tilskot for å få budsjett i balanse.
- Rekruttering av tilsette med naudsynt kompetanse for å løyse stadig fleire oppgåver som blir overført frå spesialisthelsetenesta til kommunalt nivå.
- Auke tal på born og unge med behov for omfattande helse- og omsorgstenester.
- Levere lovpålagde tenester innan budsjettramma.
Resultatmål 2019:
- Utarbeide kompetanselan for alle tenesteområda for å nytte kompetansen meir effektivt.
- Omstilling til meir digitalisering av tenestene for meir effektiv drift. Digitale sjølvhjelpsverkty må etablerast.
- Det skal ikkje vere fristbrot i saksbehandlinga i barnevernstenesta.
- Kapasiteten i fastlegeordninga skal vere tilstrekkeleg til å sikre alle innbyggjarar fastlege gjennom heile 2019.
- HMS-arbeid med NED-satsinga for å nå målet om å halde sjukefråveret under 5%.