Ytre vilkår for den kommunale økonomien.

Statlege rammeoverføringar og skatteinntekter (frie inntekter) er den viktigaste inntektskjelda til kommunane. For Giske kommune utgjer desse overføringane i 2019 kr 464 036 000. Overføringa inneheld eit veksttilskot på kr 608 000, dette er ikkje meldt vidareført i 2019. Det er innarbeidd i økonomiplanen. Samla overføring inneber ein auke på kr 22 977 000 eller 5,2 %.

Ei oversikt over regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for kommunane, følgjer som vedlegg til økonomiplanen. Viktige element i statsbudsjettet som har/vil få verknad for Giske kommune vert likevel nemnde her:

  • Opptrappingsplan Rus
  • Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering
  • Tidleg innsats i grunnskulen
  • Heva innslagspunkt før kommunane får kompensert for ressurskrevande brukarar
  • Nasjonal norm for lærartetthet

Normalt vert ikkje statlege tiltak som kommunane skal iverksetje finansiert fullt ut. Dette gir ein effektiviseringsgevinst i kommunal sektor, som ikkje er rekna på.

Utviklinga i rentenivået påverkar også den kommunale økonomien i sterk grad. Tilsvarande gjeld resultata av lønsoppgjera og kommunen sine pensjonskostnader, samt reglar for føring av premieavvik og amortisering av premieavvik.

Kommunen har plasseringar av kapital i aksjar og obligasjonar og endringar i aksjemarknad og avkastning av obligasjonar påverkar den kommunale økonomien. Ustabilitet i aksjemarknaden ser vi effekt av. Om kommunen berre skal overvake situasjonen eller i verksette mulege tiltak vil verte drøfta i formannskapet.