- Omstillingsprogrammet skal sikre kvalitet i alle ledd. Dette er ein grunnleggande tankegang i tenesteutviklinga til kommunen. I løpet av planperioden skal det utviklast kvalitetsplanar for kommunen sine tenester, der omstilling og digitale løysingar er sentrale element.
- Gjennomføring av omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi» som starta i 2016, held fram. Lokal handlingsplan for digitalisering, vedtatt av kommunestyret i juni 2016 er grunnlag for arbeidet.
- Kulturplan, Kvalitetsplan for oppvekst og Helse- og omsorgsplanen skal leggjast til grunn for vidare utvikling av tenestene.
- Tverrfagleg samarbeid i og mellom fagområde skal leggjast til grunn for tilbod til brukarar med samansette behov. Kommunen skal sikre at tenestene vert tilstrekkeleg koordinert.
- Innan utgangen av 2019 skal plan for ny administrativ hovudstruktur vere politisk behandla.