7 Pleie og omsorg

Teneste 7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL Budsjett 2018 Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022
2130 VAKSENOPPLÆRING 0 551 941 551 941 551 941 551 941
2340 AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA -21 722 3 423 858 3 423 858 3 423 858 3 423 858
2343 KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) 190 724 815 887 815 887 815 887 815 887
2344 KAFEDRIFT 0 0 0 0 0
2412 PSYKISK HELSEVERN 0 1 272 630 1 272 630 1 272 630 1 272 630
2421 FLYKTNINGKONTOR 1 660 622 1 557 567 1 557 567 1 557 567 1 557 567
2430 TILBOD TIL PERSONAR MED RUSPROBLEM 0 1 182 433 1 182 433 1 182 433 1 182 433
2530 PLEIE, OMSORG, HJELP I INSTITUSJON 6 373 870 6 686 489 6 686 489 6 686 489 6 686 489
2531 INSTITUSJONSKJØKKEN 246 494 365 842 365 842 365 842 365 842
2540 PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE 50 076 252 53 925 512 53 925 512 53 925 512 53 925 512
2541 BUFELLESSKAP PSYKIATRI VALDERØY 7 539 974 9 319 807 9 319 807 9 319 807 9 319 807
2542 NATTENESTE HEIMEBASERT OMSORG 5 972 577 3 954 966 3 954 966 3 954 966 3 954 966
2543 AVLASTNING 248 785 497 668 497 668 497 668 497 668
2544 BRUKERSTYRT PERSONLEG ASSISTENT 5 157 018 4 707 018 4 707 018 4 707 018 4 707 018
2545 RESET BUFELLESSKAP - DRIFT 79 000 79 000 79 000 79 000 79 000
2546 GISKE OMSORGSSENTER 19 986 643 21 234 497 21 234 497 21 234 497 21 234 497
2547 VIGRA OMSORGSSENTER NORDSTOVA 1 404 719 1 876 105 1 876 105 1 876 105 1 876 105
2548 BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA 15 813 861 19 108 862 19 108 862 19 108 862 19 108 862
2549 KVARDAGSREHABILITERING OG VELFERDSTEKNOLOGI 0 75 744 75 744 75 744 75 744
2650 OMSORGSBUSTADAR 23 496 23 496 23 496 23 496 23 496
2750 INTRODUKSJONSORDNINGA 3 445 000 4 330 800 4 330 800 4 330 800 4 330 800
Sum 7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL 118 197 313 134 990 122 134 990 122 134 990 122 134 990 122

OVERSIKT OVER BRUKARAR AV OMSORG TENESTER 2010 – 24.07.2018

OVERSIKT OVER BRUKARAR AV OMSORG TENESTER 2010 – 24.07.2018
2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018
Brukarar m/ten * 448 462 448 466 500 510 531 734 719
Ant tenester 1 560 1 690 1 760 1 923 2 185 2 185 2 506 2 820 2 322

Einingane Valderøy omsorgsdistrikt, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt, ny eining Meistring og psykisk helse og tildelingskontoret yter tenester innan ramme 7.


Teneste 2343, 2530-2532 Storkjøkkenet:

Storkjøkkenet leverer tenester til institusjon, bufellesskap, bukollektiv og heimebuande. I tillegg til dette samarbeider kjøkkenet med sentralkjøkkenet i Ålesund. Samarbeidet går førebels ut på å lage små rettar til lunsj. Kjøkkenet sel også tenester i høve mat til møter, kurs og liknande i kommunal regi. Kjøkkenet arbeider også med andre tiltak for å auke inntektene. Tenesta utvikler seg kontinuerleg i høve behov, nye krav og samarbeider tett med andre tenester. Tenesta har tatt i bruk digitalt bestillingsverkty som effektiviserer og kontrollerer matbestillinga, reduserer matavfall, tid og kostnader.


Teneste 2540-2549 Heimebaserte tenester (HBO):

Det vert levert heimebaserte tenester til brukarar i bukollektiv, bufellesskap, omsorgsbustader og i eigen heim. Heimebaserte tenester vert levert som kvardagsrehabilitering, brukarstyrt personleg assistent (BPA), velferdsteknologi, heimesjukepleie, praktisk bistand, omsorgsløn og tryggleiksalarm. HBO er den største tenesta innan omsorg og vert gitt til brukarar i alle aldrar. Det vert kontinuerleg arbeidd med kvalitet- og tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid og nytte ressursane på best mogleg måte. Gode heimebaserte tenester reduserer behov og press på heildøgnsbemanna bustadar. Kostnadene til ressurskrevjande brukarar og BPA har auka dei siste åra, det er også desse tenestene som har den største auka i neste års budsjett med om lag 6,1 mill. Det er vanskeleg å budsjettere for desse tenestene, då nye brukarar kjem til i løpet av året. Prosjekt kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi vart rulla ut som fast teneste juni-18. Kvardagsrehabiliteringsteamet er flytta til ramme 6 og ligg under fysio-ergo avdelinga. Effekt av tenesta skal ligge til ramme 7. Frå 1.1.2019 vert velferdsteknologisk plattform med digitale tryggleiksalarmar og digitale kamera tatt i bruk. Ny alarmsentral vert knytt opp mot desse tenestene. Det vert eit spennande arbeid og ein forventar positive effektar på ressursbruk, tidsbruk og kvalitet på tenestene. Når innbyggjar søkjer tenester innan omsorg, vert velferdsteknologi det første ein vurderer inn som teneste. Giske kommune har tatt i bruk smarte bører ved dementavdeling, digitalt tilsyn, GPS, digital innbyggjardialog og montert omlag 150 elektriske dørlåsar hjå brukarar som bur heime. Det er krav til større effektivisering, omstilling, endringar og justeringar til neste år og åra framover og at tenesta skal vere økonomisk bærekraftig. Ny tilleggssats i turnusordninga vil auke lønsbudsjettet i ramme 7 med om lag 2,2 mill. Giske kommune er med i arbeidet kring Helseplattforma, ei felles journalløysing for Helse Midt Norge, kommunene og fastlegekontora i heile Midt Norge. Målet her er 1 pasient 1 journal.


Teneste 2530 Pleie, omsorg, hjelp i institusjon

Giske kommune har 8 institusjonsplassar ved dementavdeling Vigra omsorgssenter. Tenesta arbeider med tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid både innan i kommunen og med helseføretaket, og tar i bruk digitale og teknologiske hjelpemiddel som til dømes smarte dører ved dementavdeling.


2340 Aktivisering av eldre og funksjonshemma

Tal på brukarar: 13 på Kingelveven og om lag 40 i sosiale tenester. Årsverk: 2,80

Dei fleste brukarane av tilbodet på Kingelveven har også tenester frå Vaksenopplæringa. Talet på søkjarar om støttekontakt- og avlastningsordningar er stabilt. Fleire klagesaker til Fylkesmannen fører ofte til at vi må auke timetalet pr. mnd. Utfordringa er å gi eit tilbod som er forsvarleg samstundes som vi må vere restriktive på grunn av nedskjeringar i budsjettet for å få budsjettet i ramma i balanse.

Dagtilbodet ved Giske omsorgssenter har ein fast tilsett i tillegg til prosjektstilling. Prosjektstillinga er finansiert av midlar frå Helsedirektoratet, det vil bli søkt prosjektmidlar også for 2019. Dagavdelinga har tilbod tre dagar i veka. Tal brukarar varierer mellom 15 og 40 og kjem frå heile kommunen. Frivillige utgjer eit viktig bidrag i drift av tenesta og gjer det mogleg å ta i mot 40 brukarar onsdagar når det er bingo. Nasjonalt krav om dagtilbod for demente vert dekka i dette tilbodet. Vi fortset likvel med å sjå på alternative dagtilbod for demente i kommunen. Kafèdrift tirsdagar, tilbod drive av brukarar ved Gudmundvegen og Skomakarvegen.


Teneste 2430, 2412 Rus- og psykisk helseteneste

Psykisk helseteam for vaksne og rusteam

Tal på brukarar i psykisk helseteam, 85 pr.01.09.18.

Årsverk: 6,3 faste stillingar inkl. kommunepsykolog og inkl. 2 ruskonsulentar frå 01.09.18.

Psykisk helseteam er flytta frå ramme 6 til ramme 7, ny eining Meistring og psykisk helse. Rustenesta er flytta frå ramme 4 til ramme 7, eining Meistring og psykisk helse. Samla er det flytta over kr 6.043.000 til ramme 7. Psykisk helseteneste har fram til 01.10.18 hatt 2,4 stillingar til drift. 40% av stillinga til kommunepsykologen går til systemretta arbeid. Behov for tenesta har auka mykje dei siste åra, dette har mellom anna ført til ventelister og opp til 6 mnd ventetid på å få hjelp. Frå 01.10.18 vil situasjonen betre seg ved ny 100% stilling, dekka av tilskot. I tillegg er vi i gong med å rekruttere 2 100% stillingar som engasjement, dekka av tilskot på 1,5 mill til Rask psykisk helsehjelp (RHP). Dersom vi lukkast med rekrutteringa vil ressursen i teamet vere betre rusta til å møte den store etterspørselen etter tenesta. I 2017 hadde vi ei auke i tilvisingane på 70%. Den største auka kjem frå brukarar med milde til moderate lidingar med angst og depresjon som hovudutfordring. Dette blir av Folkehelseinstituttet vurdert som ein av våre største helseutfordringar og lav terskel for tilgang på helsehjelp betyr mykje for å hindre forverring og dempe etterspørselen etter tilbod i spesialisthelsetenesta. Dette er i tråd med måla i samhandlingsreforma der kommunen har fått eit større ansvar for helsetenester til denne målgruppa. Ved hjelp av tilskot til RHP skal alle tilsette i teamet gjennomføre eit felles etterutdanningsopplegg i kognitiv terapi. Vi arbeider med omstilling til meir digitale sjølvhjelpsverktøy for å kunne bli meir effektive og for å møte veksten i tenesta. Å yte teneste ein til ein vil framover bli altfor ressurskrevande til at vi greier å hjelpe alle med behov.


Teneste 2421 Flyktningtenesta

Flyktningtenesta er organisert under tildelingskontoret og har ansvar for busetjing og arbeid knytt til introduksjonsprogrammet. Tenesta tok i mot 10 flyktningar i 2018 og vi antek at det vert om lag 10 nye flyktningar i 2019, dette er lagt inn i budsjettet. Tenesta arbeider tett med NAV, vaksenopplæringa og andre aktuelle tenester som oppvekst, frivillegsentralen og helsestasjonen. Ansvaret for ei god integrering ligg til heile organisasjonen.


Teneste 2750 Introduksjonsordninga

Målet med introduksjonsordninga er å få flyktningane raskt ut i arbeid eller utdanning, som er avgjerande for deltaking i samfunnet og økonomisk sjølvstende. Ordninga er ei lovpålagt oppgåve for kommunane. Pr. oktober 2018 hadde vi 27 flyktningar som fell under denne ordninga. Tenesta var for lavt budsjettert i 2018. Det er lagt inn ei auke i budsjett 2019 med 1 mill.

Utfordringar i perioden:

  • Det er ikkje lagt inn full dekking i budsjettet til drift av 20 heildøgnsbemanna bustadar.
  • Rekruttere sjukepleiekompetanse er og vert framover ei stor utfordring, konkurransedyktig løn vert viktig.
  • Usikkerhet i høve vekst i ressurskrevjande tenester og BPA
  • Auka press på avlastningstenesta, korttidsplassar og langtidsplassar
  • Auka press på heildøgnsplassar for menneskjer med demens.
  • Auke i tal brukarar og gitt tenester
  • Oppgåveoverføring frå spesialisthelsetenesta. Brukarane er dårlegare og vert tidlegare utskrivne enn tidlegare
  • Auke i tal barn og unge med ulike utfordringar som har behov for tilrettelagt bustad og tenester
  • Stor auke tal brukarar innan psykisk helseteneste
  • Krav om mottak av utskrivingsklare pasientar innan rus og psykiatri frå 01.01.2019. Om vi ikkje klarer dette vert det bot på om lag kr 4.200 pr.døgn.


Resultatmål 2019

  • Opprette dagavdeling for personar med demens knytt til Vigra omsorgssenter innan des-19
  • Auke kompetanse i demensomsorg,
  • Ombygging avd. Skoglyved Vigra omsorgssenter – Skjermingsrom
  • Rekruttering og kompetanseauke innan autismespekteret
  • Implementere velferdsteknologi som ein del av tilbodet i omsorgstenestene, skal vurderast først som teneste.
  • Bytte ut alle analoge tryggleiksalarmar med digitale tryggleiksalarmar. Ta i bruk digitalt tilsyn, velferdsteknologisk plattform og ny alarmsentral, innan juli 2019.
  • Flyktningar som avsluttar introprogrammet skal anten gå til arbeid eller vidare skule t.d grunnskule eller yrkesretta utdanning.
  • Ta i mot alle uskrivingsklare pasientar frå helseføretaket innan rus og psykiatri.
  • Etablere ny teneste Rask psykisk helseteam innan april-19