Grunnskular
Teneste 2120 Grunnskule
Dei tre siste åra har kostnadene per elev har gått ned frå 107.176 i 2015 til 105.126 i 2017. Berre 6 kommunar har lågare kostnader enn Giske, mot 14 i 2015.
Dei siste åra har vore prega av prosjekt med ungdomstrinn i utvikling (nasjonalt program), vurdering for læring, realfagskommune og digitalisering. Spesial- og sosialpedagogisk kompetanse har vore prioritert gjennom tverrsektorielle tiltak for barn og unge. Gjennom prosjektet TALK fokuserer vi på elevar med som har lettare diagnosar innanfor autismespekteret, Asperger syndrom eller ASF-H («Autismespekterforstyrrelser, høytfungerende»). Med eit tilpassa tilbod til denne gruppa vil vi redusere og helst unngå den menneskelege og økonomiske belastninga det er når slike elevar fell utanfor og må ha store tiltak, gjerne livet ut.
Det har vore fokusert på tidleg innsats, i første omgang på småtrinn, men med innføring av lærarnormen blir dette utvida til heile grunnskulen. Lærarnormen blir forskriftsfesta og blir innført gradvis. I skuleåret 2018-19 skal det vere maksimalt 16 elevar per lærar i 1.-4. trinn og maksimalt 21 elevar per lærar i 5.-7. trinn og 8.-10. trinn. Dette skal dekkjast gjennom ei vidareføring av midlane til tidleg innsats, som no er ein del av rammetilskotet til kommunen. I 2018 var det samla tilskotet til formålet på om lag 2,3 mill. For inneverande skuleår oppfyller alle skulane normen med ein liten margin. Truleg må ein ha minst to nye årsverk frå hausten 2019.
Giske har etter måten mange elevar med vedtak om spesialundervisning, men gjennomsnittleg årstimetal for elevane er forholdsvis lavt. På oppdrag frå kommunestyret har rådmannen sett ned eit utval for å sjå på korleis ein kan redusere omfanget av spesialundervisninga. Ettersom timeforbruket til spesialundervisning er forholdsvis lavt, er det lite truleg at dette i seg sjølv vil medføre store økonomiske innsparingar. Skulane varslar og nye elevar med behov for store tiltak frå hausten 2019.
Skulane får store utfordringar med budsjettreduksjonane og må ta grep for omorganisering og innføring av nye arbeidsmåtar. Skulestruktur er uendra. Valderøy ungdomsskule har i år fire klasser på alle trinn på grunn av høgt elevtal og elevar med særlege behov. Elles er klasse- og elevtal som tidlegare år. Einingsleiarane varslar om at det blir utfordrande å gi eit forsvarleg tilbod med dei budsjettrammene som ligg føre.
Vigra skule og Valderøy ungdomskule har klare utbyggingsbehov, tilbygg/ombygging er kostnadsrekna, men i budsjettet for 2018 var det berre rom for midlertidige lokale i brakker.
Elevtalsutvikling ved skulane i Giske kommune 2011-12 til 2018-19
Elevtal og klassetal 2019.
Symjeopplæring
Det blir gitt eit minimumstilbod i bassenget på Vigra ( vårsemesteret). Bassenget over 50 år gamalt og har mindre kapasitet enn behovet er i dag. Bygging av nytt 25 meters basseng med god kapasitet i samsvar med dagens krav er utgreidd men ikkje med i rådmannen sitt framlegg. Kostnadene ved å bruke bassenget blir ført på kvar enkelt skule.
Teneste 2121 Pedagogisk rettleiingsteneste
Tenesta omfattar planlegging, koordinering, støtte til forsøk og arbeid med søknadar om midlar til fylke og stat, oppfølging av einingane sine planar/rapportar, kurs og rettleiing til leiarar, fellesutgifter til kurs (inntekter og utgifter), midlar til kommunalt foreldreutval og interkommunalt arbeid blir også ført her.
Teneste 2150 Skulefritidsordning (SFO)
SFO-tilbodet skal vere eit likeverdig tilbod til alle barn i 1.-4. årstrinn og til barn i 5.-7. årstrinn som har særskilte behov. Kommunen dekkjer ekstra kostnader til barn som har særskilte behov for tilrettelegging. Utover dette skal foreldrebetalinga dekkje kostnadene for tilbodet. Sjølvkost for SFO skal no inkludere utgifter til lokale.