Hovudutfordringar og strategisk arbeid i planperioden
Nokre utfordringar for sektoren i åra som kjem:
- Ressursknappheit, både økonomi og personell.
- Digitalisering og auka bruk av teknologi i tenesteytinga.
- Automatiserte tenester og auka bruk av sjølvbetente løysingar.
- Endra kompetansebehov – redusere talet på ufaglærte, rekruttere fleire med profesjons- og universitetsutdanningar. Det er auka konkurranse om denne kompetansen.
Dei nasjonale utfordringane til sektoren er framleis knytt til reformarbeid, digitalisering av sektoren og overføring av statlege oppgåver til kommunane. Overføring av oppgåver inneber mellom anna auka ansvar for rehabilitering og lokal behandling av fleire somatisk og psykisk sjuke pasientar. Dette gjev trong for auka spesialisert kompetanse innanfor helse- og omsorgstenestene. Samstundes løyser det ut trong for og stiller større krav til tverrfagleg samarbeid og heilskapleg tenking kring behandling. Livsløps-tenking må stå sentralt i vårt arbeid.
Dei lokale utfordringane er knytt til høg lånegjeld og å sikre ei berekraftig økonomisk utvikling. Frå 2017 er Giske innmeld i ROBEK, registeret for kommunar som får særskild økonomisk oppfølging frå staten. Innmeldinga i ROBEK inneber skjerpa fokus på økonomistyring. Kommunen må godtgjere at balansen i økonomiplanen er i samsvar med kravet i kommunelova, dvs. at det er realisme i budsjetteringa. Realisme inneber at inntektene dekker forventa utgifter og at forventa utgifter gir forsvarleg drift.