4 Diverse tenesteområde

Teneste 4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE Budsjett 2018 Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022
2111 STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN 0 0 0 0 0
2420 SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING 1 851 609 2 791 583 2 791 583 2 791 583 2 791 583
2421 FLYKTNINGKONTOR 0 0 0 0 0
2430 TILBOD TIL PERSONAR MED RUSPROBLEM 1 364 946 0 0 0 0
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK 20 000 20 000 20 000 20 000 20 000
2750 INTRODUKSJONSORDNINGA 0 0 0 0 0
2760 KVALIFISERINGSPROGRAM 1 003 384 513 452 513 452 513 452 513 452
2810 ØKONOMISK SOSIALHJELP 2 236 516 2 297 516 2 297 516 2 297 516 2 297 516
2851 NAV DRIFT - STATLEG DEL -14 000 -14 000 -14 000 -14 000 -14 000
3250 NÆRINGSKONTORET 1 616 518 1 635 074 1 635 074 1 635 074 1 635 074
3253 JORD- OG SKOGBRUK 523 000 423 000 423 000 423 000 423 000
3610 VILTFORVALTNING 43 000 43 000 43 000 43 000 43 000
4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE 8 644 973 7 709 625 7 709 625 7 709 625 7 709 625

Investering

Investering
Prosjekt Beskrivelse Budsjett 2018 Budsjett 2019 Budsjett 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022
5856 GJØSUND NASJONAL FISKERIHAMN 0 -1 000 000 0 0 0
5856 GJØSUND NASJONAL FISKERIHAMN 0 1 000 000 0 0 0
5856 GJØSUND NASJONAL FISKERIHAMN 0 0 0 0 0

Tenesteområda 3250 – 3253 – 3610 og beredskap

Næringskontoret i rådmannen sin stab arbeider med :

  • kommunal beredskap,
  • næringsliv og bedrifter: etableringar, samarbeid med næringslivet, utviklingsprosjekt
  • saksbehandling (alkoholsaker, motorferdsel i utmark, fonds-støtte og andre nærings-relaterte saker),
  • redaksjonsarbeid for nett og media mv.

Strategisk næringsplan er retningsgjevande for arbeidet med næringssaker. Verkemiddel er bl.a. bruk av næringsfond , tilrettelegging av byggeklare næringsareal, deltaking i nettverk, prosjektsamarbeid.

Utfordringar:

  • Vidareutvikle samarbeidsfora mellom kommune og næringsliv med målsetting om å utvikle nye lokale arbeidsplassarSikre areal for næringsetablering
  • Bygge opp att næringsfondet og tilføre det tilstrekkeleg midlar for økonomisk støtte til oppstart av småbedrifter og prosjektretta næringssamarbeid

Strategisk næringsplan 2016-25:

Resultatmål:

  • Fiskerikommunen Giske – tiltak:
  1. Utvikle Gjøsund som nasjonal fiskeri- og industrihamn gjennom å etablere utviklingsselskap i samarbeid med interesser
  2. Utvikle den årlege fiskerikonferansen «The Next Wave» saman med Momentium.
  • Infrastruktur/transport – tiltak:
  1. Bygge ut Gjøsund som logistikk-knutepunkt
  2. bidra til: etablering av bunkersanlegg for LNG og etablere cluster av teneste-næringar
  • Matkommunen Giske – tiltak:
  1. Avklare framtidig bruk av landbruksareal i ny kommuneplan,
  2. samarbeid med landbruksmynde og Bondelag om landbrukskonferanse
  • Kreative næringar, identitet og omdømme – tiltak:
  1. Støtte utvikling av kulturnæringsklynga på Øygardshamna
  2. Avklare muleg etablering av atelier / galleri i kommunen
  3. Styrke Giske kommune sin identitet og sitt omdømme gjennom aktiv formidling av informasjon og kunnskap om kommunen som arbeidsstad, bustad, kultur- og reisemål.

Teneste 3253 Jord og skogbruk. Teneste 3610 Viltforvaltning

Kommunen kjøper tenester gjennom landbrukskontoret i Haram og tilskot til Sunnmøre forsøksring (kr 30.000). Viltforvaltning har eit samla budsjett på kr 43 000.

Samla kostnad for området er kr 566 000.

Utfordringar i perioden:

Kulturlandskapet er svært stor del av kommunen og krev aktiv forvaltning. Førutseieleg arealforvaltning i samsvar med kommuneplanen sin arealdel.

Resultatmål: :

  • Gjennomføre synfaringar og gardsbesøk ved behandling av enkeltsaker i landbruksnemnda.
  • Rullere kjerneplanen for landbruk
  • Reforhandle avtalen om kjøp av landbrukstenester frå Nye Ålesund kommune

Tenestene 2420, 2730, 2760,2810 og 2851

Tenestene vert i vare tatt av NAV Giske. Oppgåvene er til dels forankra i lov, som økonomisk sosialhjelp, og i nasjonale program som kvalifiseringsprogrammet. Desse er førande for kommunen sitt arbeid i høve grupper som treng særskild oppfølging. Giske kommune og NAV Giske har eit tett og godt samarbeid, vi ser at det gjer tenestene kvalitativt betre og heng betre saman. Kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønad må sjåast i samanheng med økonomisk sosialhjelp. kvalifiseringsprogrammet er regjeringa sitt viktigaste verkemiddel i kampen mot fattigdom. Målet med programmet er å fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet ved hjelp av tettare og meir forplikta bistand og oppfølging, også i dei tilfella vegen fram kan vere relativ lang og usikker.

Teneste 2430, tilbod til personar med rusproblem, er flytta i si heilhet til ramme 7.

Utfordringar i perioden:

  • i møtekome nye oppgåver og krav til tenesteutvikling
  • Vedlikehalde og vidareutvikle samarbeidet mellom NAV og kommunen
  • Ein ser ein trend i auke i utbetalingane innan økonomisk sosialhjelp

Resultatmål 2019:

  • jobbe med alternative tiltak for å halde budsjett innan økonomisk sosialhjelp