3 Fellesutgifter - fellesinntekter
Drift
Investering
Teneste 1212 og 1215
Det blir her m.a. ført løn til tillitsvalde, felles kursutgifter og felles velferdstiltak for tilsette.
Teneste 1240
Under teneste 1240 diverse fellesfunksjonar er det budsjettert med felles utgifter som:
- Felles kontormateriell på rådhuset.
- Bevertning til møter og kurs.
- Utgifter til porto, telefon og datakommunikasjon.
- Kommunen si ansvarsforsikring.
- Lisensar og serviceavtaler for felles IT-program og utstyr.
- Utgifter til leige av kopimaskiner.
- Serviceavtaler for anna teknisk utstyr som felles kopimaskiner m.v.
- Kontingent til Kommunenes Sentralforbund KS
- Overføringar til Sunnmøre Regionråd
- Avskrivningar på felles IT-program / og utstyr.
Teneste 1700 - 1730
Premieavvik og amortisering av premieavvik frå KLP og SPK er budsjettert på ansvar 1300.
Premieavviket er forskjellen mellom innbetalt premie og berekna pensjonskostnad.
Premieavviket er budsjettert med bakgrunn i tal frå Kommunal Landspensjonskasse og Statens Pensjonskasse og avstemt mot samla pensjonskostnad. Premieavviket vert anslått til kr 9 290 918 .Dette er tal som skal budsjetterast som inntekt.
Tilsvarande er amortisert premieavvik berekna til kr 6 027 066.
Sidan det er forskjell mellom premieinnbetaling og berekna pensjonskostnad, vil effekten for Giske kommune bli at likviditeten også i 2018 blir forverra.
Giske kommune sitt akkumulerte premieavvik inkl. arbeidsgjevaravgift ifylgje kommunen sin balanserekneskap var pr. 31.12.2017 på 24 mill. kr og kan ved utgangen av 2019 kome opp i 34 mill. kr.
Dette premieavviket skal utgiftsførast i rekneskapen i løpet av over 15 år for premieavvik oppstått før 2011 og over 10 år for premieavvik oppstått i perioden 2011 – 2014, og 7 år for premieavvik oppstått frå 2015. Dette forbetrar såleis budsjettbalansen i høve til om kommunen ikkje fordelte dette over dei 7 åra.
Teneste 1800
Under teneste 1800 er det lagt inn andel av forventa lønsauke i 2019 med 0,56%.
Tenestene 2110, 2120, 2343 og 2540
Løn til lærlingar er samla på dette rammeområdet. Giske kommune har 8 lærlingar: 4 i helsefagarbeidarfaget, 3 i barne- og ungdomsarbeidarfaget og 1 kokk. Vi har som dei andre kommunanen i regionen ein avtale med Sunnmøre kommunale opplæringskontor om administrasjon av lærlingordninga. Vi får kr 20 000 i tilskot per lærling frå utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune – og vi søkjer kvart år Kommunenes Sentralforbund om ytterlegare lærlingtilskot.
Investering
Prosjekt 1301 Omstilling gjennom bruk av IKT, digitalisering og ny teknologi
Det er frå 2019 lagt inn ei nedtrapping av prosjektet, men det vil fortsatt vere behov for investeringar for å utvikle og vere oppdaterte, det er difor lagt inn kr 3 000 000 i budsjettet for 2019, med ei ytterlegare nedtrapping til kr 2 000 000. Dette må til skal vi klare å gjennomføre auka digitalisering. Beløpet vert nytta til investeringar/fornying av IT-program og tilknytning til felles IKT-prosjekt i e-kommune Sunnmøre.
Prosjekt 1304 Eigenkapitalinskott KLP
I 2019 er det budsjettert med kr 1 300 000 finansiert med overføring av driftsmidlar frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet. Dette føremålet kan det ikkje lånast til.