4.1. Kommunen sine økonomiske handlingsreglar (MÅL)

3.1.1 Økonomi

Dei overordna økonomiske måla for Giske kommune er:

  1. Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden
  2. Netto driftsresultat skal vere 1,75 % av brutto inntekter frå 2024
  3. Det skal setjast av til disposisjonsfond kvart år i perioden
  4. Disposisjonsfondet skal vere 10 % av brutto driftsinntekter innan 2028

3.1.2 Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden

I ny kommunelov er det vedteke å lovfeste krav om at alle kommunar skal ha eit økonomiregelverk og bruke finansielle måltal i økonomistyringa. Med finansielle måltal er det sikta til politisk vedtekne mål for kommunen si økonomiske utvikling. Den enkelte kommune må sjølv velje måltal og vurdere kva nivå desse bør ligge på. I kommunestyret, sak 52/19, vart økonomiske måltal vedtekne.

Nøkkeltal Vedteke nivå k.sak 52/19
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter 3-5%
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter 5-10%
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter 2-3%
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter Maks 100%
Avvik frå budsjett 0,5-1%

I tabellen nedom er måltala rekna ut med bakgrunn i ny økonomiplan for heile planperioden. Det kjem fram av tabellen at kommunen ikkje vil klare å nå måltala i denne økonomiplanperioden. Både netto finansutgifter i % av driftsinntekter og netto lånegjeld i % av driftsinntekter har ein vekst i staden for ein reduksjon. Med ein så høg auke i lånegjeld og finansutgifter bør kommunen ha ein plan for korleis den høge gjelda skal handterast.

Nøkkeltal Vedteke nivå k.sak 52/19 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026 Budsjett 2027
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter 3-5% 0,22 - 0,35 - 0,97 - 0,00
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter 5-10% - 3,12 - 3,66 - 4,82 - 5,01
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter 2-3% - 8,54 - 8,81 - 8,95 - 9,28
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter Maks 100% - 146,91 - 152,22 - 166,15 - 173,85
Avvik frå budsjett 0,5-1% I/A I/A I/A I/A

Netto driftsresultat i % av driftsinntekter


  • Hensikta med måltalet er at kommunen skal ha handlefridom til å takle utforutsette edringar av driftsvilkår, samt at kommunen skal ha eigenkapital til investeringar.
  • Måltalet viser forholdet mellom inntekter og utgifter, og dermed korleis drifta i kommunen går i balanse.
  • Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan.

Disposisjonsfond i % av driftsinntekter


  • For å sikre økonomisk buffer til uforutsette hendingar er det viktig å bygge eit disposisjonsfond
  • For å ha ein sunn økonomi er det anbefalt at disposisjonsfondet er ca 10% av driftsinntektene
  • Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan.

Netto finansutgifter i % av driftsinntekter


  • Rente- og avdragsbelastning målt ved finansutgifter
  • Gir uttykk for kor eksponert kommunen er for ei endring i rentenivået.
  • Framskrivinga er gjort etter forslag til ny økonomiplan
  • I økonomiplanen er driftsinntekter i 2023-kroner, medan gjeldsrentene er framskrivne. Legg ein inn føresetnad om 3 % auke i driftsinntektene, blir talet meir reelt.

Lånegjeld i % av driftsinntekter


  • Talet fortel kor eksponert kommunen er for renteendringar. Utgjer gjelda over 100 % av inntektene, er kommunen svært eksponert for renteendringar.
  • Generasjonsprinsippet tilseier at investeringar i dag må tilpassast eit nivå slik at framtidig nedbetaling ikkje vert urimeleg belastande på kommande generasjonar.
  • Framskrivinga av nøkkeltal for Giske kommune bygger på framlegg til ny økonomiplan.
  • I økonomiplanen er driftsinntekter i 2023 -kroner, medan gjelda er framskriven. Legg ein inn føresetnad om 3% auke i driftsinntektene, vert talet meir reelt.