6 Barn, familie og helse
Ramme 6 omfattar eining Barn, familie og helse. Eininga har følgjande tenester: legeteneste, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, fysio/ergo, logoped, psykisk helseteam barn og unge, PPT, barnevernteneste, hjelpemiddel, helsestasjon og skulehelseteneste, flyktningteneste og introduksjonsprogram.
2. Driftsbudsjett - kommunedirektøren sitt forslag
Teneste | 6 Barn, familie, helse | Regnskap 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 | Budsjett 2026 | Budsjett 2027 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1260 | SAKSBEHANDLING - FELLES | 114 | 251 | 358 | 358 | 358 | 358 |
2111 | STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN | 904 | 1 092 | 1 002 | 1 002 | 1 002 | 1 002 |
2120 | GRUNNSKOLE | 2 509 | 2 490 | 2 943 | 2 943 | 2 943 | 2 943 |
2130 | VAKSENOPPLÆRING | 201 | 283 | 295 | 295 | 295 | 295 |
2320 | FØREBYGGING HELSESTASJONS- OG SKULEHELSETENESTE | 5 713 | 6 908 | 6 614 | 6 614 | 6 614 | 6 614 |
2330 | FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL | 756 | 758 | 820 | 820 | 820 | 820 |
2340 | AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA | 1 141 | 1 260 | 1 294 | 1 294 | 1 294 | 1 294 |
2410 | DIAGNOSE OG BEHANDLING | 14 969 | 14 557 | 16 478 | 16 478 | 16 478 | 16 478 |
2411 | FYSIO-/ERGOTERAPITENESTE | 5 650 | 5 221 | 6 313 | 6 313 | 6 313 | 6 313 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 1 342 | 1 085 | 1 062 | 1 062 | 1 062 | 1 062 |
2420 | SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING | - 140 | - 72 | - 122 | - 122 | - 122 | - 122 |
2421 | FLYKTNINGKONTOR | 3 154 | 2 720 | 4 259 | 4 259 | 4 259 | 4 259 |
2440 | BARNEVERNTENESTE | 6 817 | 7 382 | 8 284 | 8 284 | 8 284 | 8 284 |
2510 | BARNEVERNTILTAK I FAMILIEN | 2 479 | 3 006 | 2 917 | 2 917 | 2 917 | 2 917 |
2520 | BARNEVERNTILTAK UTANFOR FAMILIEN | 4 285 | 5 659 | 6 952 | 6 952 | 6 952 | 6 952 |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 2 542 | 2 556 | 2 519 | 2 519 | 2 519 | 2 519 |
2750 | INTRODUKSJONSORDNINGA | 1 371 | 2 388 | 4 057 | 4 057 | 4 057 | 4 057 |
Sum ramme 6 Barn, familie, helse | 53 807 | 57 544 | 66 043 | 66 043 | 66 043 | 66 043 |
Oppvekstreforma/barnevernsreforma vart gjeldande frå 1.1.2022. Med den nye reforma følgjer oppgåver til barnevernstenesta med nytt ansvar for institusjon og fosterheim. Ut over det ligg reforma til heile organisasjonen å følgje opp arbeid knytt til samhandling, førebyggjande arbeid og tidleg innsats. Det krev mellom anna tett samarbeid mellom ei rekke tenester. Det ligg ikkje ytlegare styrking i budsjett 2024 til oppfølging av oppvekstreforma. Statistikk frå SSB viser at 28% av innbyggjarane i Giske kommune er mellom 0-20 år. Denne veksten påverker tenestene i eininga i særs stor grad. Tverrfagleg samarbeid er vektlagd. Det er framleis nasjonal satsing på helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Kommunen søkjer tilskot til hjå staten for å styrkje bemanninga i desse tenestene for å møte oppgåvene som er lagt til kommunen.
Psykisk helse og rus er også ei nasjonal satsing. Vidare er satsing og fokus på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi stor. Frå 2020 vart velferdsteknologi integrert i helse- og omsorgstenestene. Giske kommune har hatt stort fokus på dette sidan 2015 og har kome langt i arbeidet. Giske kommune deltek i interkommunalt samarbeid og kjøper tenester hjå andre kommunar knytt til legevakt natt, barnevernvakt, krisesenter, overgrepsmottak. Giske kommune har eitt kommunalt legesenter, drifta via kommunalt aksjeselskap.
Betre tverrfagleg samabeid (BTS) er ei viktig satsing i kommunen. For å lukkast må arbeidet prioriterast i heile organisasjonen. Kommunen har starta opp nytt digitalt samhandlingsverkty, DIPS, som skal bidra til betre samhandling og dokumentasjon.
Giske kommune tok i mot 49 flyktningar i 2022. Kommunen ventar å ta i mot 44 nye flyktningar i år. Vidare planlegg kommunen å ta i mot ytlegare 40 nye i 2024. Heile organisasjonen har ansvar for at kommunen lukkast best mogleg med mottak av nye innbyggjarar. Fokus på arbeid, skule/utdanning, bustad, bustadsosialt arbeid og fritid/aktivitet.
Årsak til auke i budsjett 2023 til budsjett 2024 med om lag kr 8,5 mill:
- Auke i utbetaling av basistilskot fastlegane og auke i kostnader kjøp av tenester med om lag kr 2 mill. Basistilskotet vert delvis finansiert gjennom tilført midlar til kommunen.
- Flyktningtenesta er styrkja med kr 1,5 mill og budsjett utbetaling av introduksjonsstønad er auka med kr 1,6 mill, dette grunna stor auke tal flyktningar.
- Auke i barneverntiltak utanfor heim, om lag kr 1,3 mill
- Psykolog er tilbake i budsjett for 2024
- Fysio/ergo, koordinator velferdsteknologi. Finansiert frå ramme 7.
- Generell løns- og prisvekst.
Driftstiltak 2024:
- Ramme 3, Felles, Flyktning Ukraina, ramme 4 og 5. Auke kr 2,23 mill
- Ramme 2,4,5,6,7,9 Samhandling og koordinering.
- Ramme 2: Stab, Kontinuerleg forbetring, reduksjon kr 0,6 mill
- Ramme 6. BFH, Kontinuerleg forbetring, reduksjon kr 1 mill
- Ramme 6 og 4, Endringar i flyktningarbeidet, reduksjon kr 0,75 mill
3. 1 Utfordringsbilde
- Eininga har redusert stilingar i fleire tenester frå 2019 til 2022. Utfordringa blir å klare å levere lovpålagde tenester med denne reduksjonen. Ytterlegare reduksjon vil føre til at vi må redusere tilbod og nokre av oppgåvene må eventuelt overførast til andre tenester. Andre tenester i organisasjonen får konsekvens, til dømes omsorg og oppvekst.
- Rekruttering av tilsette med naudsynt kompetanse, som må kunne løyse stadig fleire oppgåver i mindre fagmiljø. Oppgåver som blir overført frå Helseføretaket til kommunalt nivå, gjer at vi må yte meir spesialiserte oppgåver.
- Høgt sjukefråvær i fleire tenester.
- Digitalisering og ta i bruk dei verktøya vi allereide har. Erstatte individuell oppfølging med digitale hjelpemiddel.
- Fastlegeordninga er i endring og rekruttering av fastlegar kan vere ei utfordring. Basistilskot til fastlegane auka i 2023. Denne vert ikkje fullt ut finansiert frå staten. Kommunen får difor ein kostnad knytt til dette i 2024.
- Levere lovpålagde tenester innan budsjettramma.
- Halde lovpålagde fristar i barnevernstenesta og PPT.
- Førebu arbeidet med å bygge opp naudsynte hjelpetiltak for å i møtekome krava i Barnevernsreforma som trådde i kraft frå 2022.
- Klare å halde oppe arbeid knytt til satsinga BTS. Samhandlingsplikt og samordningsplikt.
- Nødvendige omstillingsprosessar må gjennomførast. Omstillingsprosessar krev tett oppfølging av leiarane som må arbeide med omstilling og samstundes bidra inn i den daglege drifta.
3.2 Moglegheit og fokusområde
- Betre tverrfagleg samhandling (BTS)
- Tidleg innsats og førebyggjande arbeid
- Samanhengande tenester i organisasjonen. Vi bygger laget rundt barna. Samarbeid mellom helse, omsorg, oppvekst, NAV, legekontor og spesialisthelsetenesta.
- Sikre samanheng i alle satsingane: Kompetansereforma, Inkluderande praksis, Betre tverrfagleg samarbeid, BTS-prosjekt. TALK-prosjektet, Oppvekstreforma/barnevernsreforma og barnekoordinator.
- Bygge kapasitet og kultur for kontinuerleg forbetringsarbeid
- Digitalisering og bruk av ny teknologi.
Oversikt tal årsverk i eining barn, familie og helse
Teneste | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
---|---|---|---|---|---|---|
PPT, logoped | 5 | 3,8 | 4,3 | 4 | 4 | 4 |
Helsestasjon, jordmor | 10,3 | 10,3 | 10,3 | 10,3 | 10,3 | 9,6 |
Legetenesta | 2,58 | 2,58 | 2,58 | 2,63 årsverk fast tilsett kommunale legar, 9 fastlegeheimlar | 2,63 | 2,13 årsverk. Snart 11 fastlegeheimlar |
Fysio/ergo/kvardagsrehab | 7,6 | 6,6 | 6,6 | 6,6 | 6,6 | 6,6 |
Psykisk helseteam barn/unge | 3 | 2 | 2 | 1 | 1 | 1 |
Barnevernstenesta | 8 | 7 | 7 | 8 | 8 | 8 |
Frisklivssentralen | 0,2 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingskontor | 4,7 | 3,7 frå1.8.2020 | 3,8 | 3,8 | 3,8 | 3,8 |
Flyktningteneste | 1,63 | 1,63, 1 årsverk frå 1.7,220 | 1 | 1 fast, 1,5 på engasjement grunna flyktningsituasjonen | 3,5. 2,5 er midlertidig | 1 årsverk fast. 2,5 midlertidig grunna flyktningsituasjonen |
Totalt årsverk | 42,81 | 38,18 | 37,48 | 39,73 | 38,83 | 38,63 |
Kostra, helsetenester 2022
Nøkkeltal | Enhet | Giske | Ulstein | Sula | Kostragruppe 1 | Møre og Romsdal |
---|---|---|---|---|---|---|
Avtalte legeårsverk per 10 000 innbyggjarar | Årsverk | 12,9 | 14,7 | 10,4 | 12,2 | 13,2 |
Avtalte legeårsverk | Årsverk | 11,2 | 12,9 | 10 | 333,8 | 354,5 |
Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggjarar | Årsverk | 6,2 | 9,1 | 7,3 | 9,8 | 9,4 |
Avtalte årsverk i helsestasjon- og skulehelsetenesta per 10 000 innbyggjarar 0-20 år | Årsverk | 46,8 | 72,8 | 49,9 | 54,2 | 54 |
Avtalte årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta per 10 000 innbyggjarar 0-5 år | Årsverk | 172,9 | 283,3 | 192,5 | 219,7 | 215,2 |
Andel heimebesøk av helsesjukepleiar til nyfødde | Prosent | 59,8 | 92,4 | 95,7 | 94,5 | 97 |
Andel heimebesøk av jordmor innan tre døgn etter heimkomst | Prosent | 58,9 | 67,4 | 84 | 61,6 | 74 |
Kostra, Barnevern, 2022
Nøkkeltal | Enhet | Giske | Ulstein | Sula | Kostragruppe 1 | Møre og Romsdal |
---|---|---|---|---|---|---|
Netto driftsutgifter til barnevernstenesta per innbyggjar | kr | 1 695 | 1 988 | 2 516 | 2 573 | 2 158 |
Barn med melding ift. innbyggjar 0-17 år | Prosent | 2,8 | 1,8 | 3,4 | 3,9 | 3,3 |
Prosentandel barn med undersøking ift innbyggjarar 0-17 år | Prosent | 2,8 | 2,2 | 3,1 | 4,1 | 3,1 |
Brutto driftsutgifter per barn med undersøking eller tiltak | Kr | 76 545 | 99 458 | 70 604 | 80 069 | 82 078 |
Brutto driftsutgifter per barn som ikkje er plassert av barnevernet | Kr | 51 592 | 19 945 | 28 091 | 47 803 | 32 061 |
Brutto driftsutgifter per barn som er plassert av barnevernet | Kr | 306 571 | 345 095 | 491 962 | 482 709 | 416 438 |
Barn med undersøking eller tiltak per årsverk | Tal | 17,5 | 11,8 | 17,4 | 16,6 | 14,7 |
Undersøkingar med handsamingstid innan 3 mnd | Prosent | 94 | 66 | 90 | 87 | 87 |
Netto driftsutgifter per barn i barnevernet | kr | 133 927 | 163 439 | 174 424 | 170 337 | 168 226 |
Barn med barnevernstiltak ift innbyggjar 0-24 år | Prosent | 2,2 | 2,8 | 3,0 | 3,5 | 2,9 |
Styringskort
Fokusområde | Mål | Måleindikator | Resultatmål 2024 |
---|---|---|---|
Brukarar og tenesteutvikling | Betre koordinerte tenester og tidleg innsats | Tal brukarar i DIPS. Individuell plan, individuell opplæringsplan, stafettlogg. | Fortsetje prosjekt Betre tverrfaleg samhandling. Følgje opp arbeidet. Tverrfagleg samhandling i eininga og mot andre tenester i kommunen. |
Omstillingsarbeid | Ikkje avvik i tenestene som bryt lova | Levere lovpålagte tenester innan ramma. | |
Medarbeidarar | Kompetanseutvikling og rekruttering | Kompetanseplan | Gjennomføre tiltak utarbeida i kompetanseplan for eininga. |
Nærver 93% | Følgje opp fråværs-statistikk, rapportere. Setje i verk nødvendige tiltak. Samarbeid med tilitsvalde og verneombod. | Sjukefråværet skal ikkje overstige 5 % | |
Økonomi | God økonomistyring | Avvik i % av vedtatt netto driftsramme. Alle tenesteområda rapporterer kvar månad på status drift og økonomi. | Avvik ≤ 0 |