Giske som bukommune – ein god plass å leve heile livet
Med inspirasjon frå kvalitetsreforma for eldre, Stortingsmelding nr. 15 (2017-2018) Leve hele livet, ønskjer vi at Giske kommune skal vere ein god plass å leve heile livet for alle. Giske kommune har dei siste åra hatt den forholdsvis største folketalsauken av kommunane i Møre og Romsdal og med noko nedgang vil denne trenden fortsette og i neste planperiode.
Kommunen har og ei relativ ung befolkning med mange barnefamiliar. Kommunen skal legge til rette for å utvikle lavutsleppssamfunnet basert på lokale tilhøve, sosial rettferd, deling av kunnskap og ein dugnad som inkluderer alle.
Det er lagt til rette for god beredskap, mindre ressursbruk og god forvaltning av naturmangfald, kulturlandskap og dyrkbar mark for framtidige generasjonar. Samtidig skal kommunen medverke til ansvarlig forbruk, produksjon og berekraftig bruk av økosystem i havet og på land. Vidare vil kommunen utvikle sentrum og delsentra med gode kvalitetar for innbyggarane sitt nærmiljø.
Slik vil vi ha det
- Giske kommune har unik og flott natur på sjøen, i strandsona og på fjellet som innbyggarane kan nytte.
Slik gjer vi det
- Verne om naturen sin eigenverdi.
- Utvikle kompetanse og ansvarskjensle for berekraftig bruk av havrommet til friluftsaktivitet.
- Fortsette med merking og utbetring av eksisterande stiar og turvegar.
- Trygge Alnesvatnet som drikkevasskjelde og nedbørsfeltet rundt.
- Betre informasjon om friluftsområda, parkering og merking, samt verneområda i samarbeid med statsforvaltaren.
- Legge til rette for gode nærleikeplassar/møteplassar og grøne lunger på land og ved sjø.
- Utvikle eigarskap og ta sterkare styring i planarbeidet.
- Overvake slitasje på naturen og styre tilgangen med tilrettelegging og informasjon. Stimulere til berekraftig viltforvaltning.
Slik vil vi ha det
- Giske kommune skal ha gode og innovative tenester, mellom anna gjennom bruk av digitale verktøy og velferdsteknologi. Innbyggarane skal meistre eigne liv så lenge som mogleg
Slik gjer vi det
- Prioritere før-førebyggande tiltak, aktivitet og fellesskap, og helse og kommune 3.0
- Samskaping med innbyggarane og opne for involvering i tenesteutvikling
- Tidleg innsats og tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid
- Vi bestemmer saman , "Kva skal vi få til i fellesskap i dag?"
- Utvikle gode lovpålagde tenester
- Kommunen vil vere leiande i å ta i bruk digitale verktøy innan helse og omsorg
- Omsorgsbustader, demens og aldersvenlege bustader skal byggast i sentrum
- Legge til rette for aldersvenleg stadutvikling, - rullatoravstand
- Legge til rette for at det vert etablert nye buformer som sikrar at eldre kan bu lenger heime
- Opne for samarbeid med private aktørar og andre aktørar som kan bidra til å realisere kommunen sine mål
Slik vil vi ha det
- Giske kommune har den beste Frivilligsentralen
Slik gjer vi det
- Involvering kommune 3.0, vidareutvikle inn i kommunale teneter
- Stimulere pensjonistar til å bidra meir
- Målrette seniorpolitikken for å oppmuntre til deling av kunnskap og kompetanse
Slik vil vi ha det
- Attraktiv bukommune, arealmessig kompakt - kort veg til alt
Slik gjer vi det
- Forvalte økonomien slik at den økonomiske handleevna blir tatt i vare over tid
- Utvikle og styrke sentrum og delsentra i kommunen
- Regulere og byggje bustadfelt med god nok kvalitet
- Arbeide for ein inkluderande oppvekstsektor med likeverdige tenester
- Samordne skule, barnehage, helse, idrett og bibliotek i kommunesenteret Valderhaugstrand
- Auke antalet livsløptilpassa sentrumsnære leiligheiter, bufellesskap og andre småhus innanfor 10 minutt gåavstand
- Legge opp til lavterskel aktivitetstilbod for alle
- Vi vil legge opp til god informasjon til/med innbyggarane
- Gjennom arealplanlegginga legge til rette for formelle og uformelle møteplassar og på tvers av ulike aldersgrupper
- Sluttføre områdeplan for handelssenter Sætra/Gjøsund med framtidig hovudkryssløysing i dialog med vegeigarane
- Delta aktivt i utviklinga av trafikknutepunkt Ytterland
- Starte områdeplanlegging for delsenter Roald i 2023
- Vurdere løysingar for kollektiv, sykkel og gange ved alle byggesøknader
- Bruke ungdomsråda som høyringspart i aktuelle plansaker
Slik vil vi ha det
Nærheit til Ålesund med arbeidsmarknad, handel og kulturtilbod
Slik gjer vi det
- Arbeide for betre kollektivløysingar med buss og båt
- Arbeide for å utvikle Ytterland med moderne innfartsparkering og sykkelhotell, samt sykkelparkering ved Valderhaugstrand hurtigbåtkai