Giske som næringskommune – eit framtidsretta næringsliv
Giske kommune er ein av dei største fiskerikommunane i landet med både sjø- og landbaserte verksemder samt store og viktige hamneområde. Ålesund lufthamn Vigra er eit sentralt element i Giske kommune og er dels årsak til veksten i kommunen, trafikkmengde og utgangspunkt for lokalisering av verksemder. Det er omlag 10.000 dekar jordbruksareal i kommunen og dette er av dei viktigaste landbruksareala i fylket. Arbeidsplassdekninga er 63 % (2021, lågast I fylket) og mange pendlar ut (>2300), omlag 650 pendlar inn (2021).
Gjøsund hamn og næringsområde
Giske kommune saman med fiskerinæringa lykkast i 2015 å få mudring av Gjøsund nasjonale fiskerihamn inn på nasjonal transportplan (NTP). Giske kommune søkte i 2018/19 om å forskottere mudringa, noko som vart innvilga, og avtale vart inngått hausten 2019. Grunna økonomi og at kommunen var på Robek, kom arbeidet i gang først i 2021 og arbeidet vart fullført våren 2023. Muddermassen vart då lagt på landdeponi på austsida av Gjøsundet og har som resultat av mudringa bygd nytt land. Til saman eig Giske kommune om lag 300 daa nytt og ubygd næringsareal på Gjøsundet. Kommunen kjøpte til Olmannsvika i 2021. Olmannsvika var i kommuneplanen sin arealdel godkjent i 2018 avsett til næringsareal. Statsforvaltar krevde likevel regulering av området og dette arbeidet er no i gang. i 2022 vart det sett i gang eit prosjekt med mål å lage ein utviklingsplan for vidare utvikling Gjøsund hamn og næringsområde. Planen med tilhøyrande handlingsplan for vidare arbeid vart godkjent politisk første halvår 2023. Kommunen har frå 1. oktober 2023 tilsett ein prosjektleiar som skal arbeide i tråd med vedteken handlingsplan. Det er stor interesse for å etablere seg på området, og kommunen må framover prioritere ein masterplan og utgreie m.a. alternative forretningsmodellar og organisering, samt å ta stilling til forhaldet til Ålesundregionens interkommunale havnevesen.
Slik vil vi ha det
Giske kommune er ei aktiv fiskerikommune innan fangst og foredling. Havrom med stort potensiale.
Slik gjer vi det
- Samarbeide med næringslivet om å nytte teknologikompetanse i regionen til å utvikle nye moglegheiter lokalt og globalt.
- Medverke til å oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvennlege teknologiformer og industriprosessar.
- Delta i regionalt plansamarbeid for arealplan i sjø i Ålesundregionen.
- Ta i bruk marine grunnkart for kunnskapsbasert arealplanlegging.
- Få på plass handlingsdelen i kommunedelplan for naturmangfald.
- Verne viktige naturtypar mot inngrep, bruke arealrekneskap til å samle næringsareal.
- Hindre og i vesentleg grad redusere alle former for havforureining, særleg frå landbasert verksemd, inkludert marin forsøpling og utslepp av næringssalt.
- Søke å lokalisere alle planlagte inngrep i sjø der det gjer minst skade på miljøet.
- Sjå samanhengen mellom bruk av land og sjø i kommuneplanarbeid.
Slik vil vi ha det
- Giske kommune er ei framtidsretta og viktig landbrukskommune
Slik gjer vi det
- Styrke jordvernet og støtte opp om FNs berekraftsmål nr. 2 Utrydde svolt, - om å redusere jordtapet og produsere mat på den jorda vi har.
- Vurdere om lokal matproduksjon skal inngå som ein vesentleg del av beredskapsarbeidet.
- Ta vår del av ambisjonen av minstemål i Landbruksmeldinga i Møre og Romsdal om å halde omdisponert dyrkaareal under 200 daa i året.
- Oppretthalde og om mogeleg auke beitinga for å halde kulturlandskapa i hevd.
- Tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem.
- Vurdere å omregulere ueigna og usentralt bustadarel til LNF-område.
- Legge til rette i arealplanlegginga for kolonihagar på inneklemt jordbruksareal.Revidere landbruksplanen frå 2009.
Slik vil vi ha det
- Giske kommune har eit anerkjent eventmiljø og eit verdskjend studio.
- Kommunen er ein attraktiv kunstnarkommune.
Slik gjer vi det
- I samarbeid med lokale kunstnarar etablere felles lokalitetar for samhandling/nettverk og utstillingar.
- Støtte opp om og tilrettelegge for vidareutvikling av Kulturnæringsklynga Øygardshamna på Giske.
- Styrke Giske kommune sin identitet og sitt omdømme gjennom aktiv formidling av informasjon og kunnskap om kommunen som arbeidsstad, bustad, kultur- og reisemål.
- Sette av areal for bubilparkering.
- Samarbeide med regionen for å utvikle turisme.
- Utvikle og satse på turisme på utvalde stader til dømes Furkenholmen
- Støtte opp om tilrettelegging og vidareutvikling av Giskespelet og tilhøyrande reiselivsaktivitet
- Kommunen har eit stort potensiale til å vidareutvikle reiseliv
Slik vil vi ha det
- Giske kommune har regionens største næringsareal med tilknyting til hamn midt i skipsleia
Slik gjer vi det
- Utvikle Gjøsundneset industriområde som nasjonal fiskerihamn til eit moderne og attraktivt næringsområde for etablering av nye verksemder innan fiskeri, havbruk og annan relevant industri. Utviklinga skal skje i tråd med berekraftsmåla med vekt på innovasjon og framtidige energiberarar.
- Opparbeide industritomter for utleie, sal og fellesfunksjonar jamfør politisk vedteken utviklingsplan.
- Fremje tettare samarbeid mellom næringsområda på alle øyane for å fremje synergieffektar.
- Utvikle berekraftig næringsliv og arbeide for få gods over på kjøl.
- Legge til rette for eit mangfald av arbeidsplassar saman med næringslivet og tiltrekke seg nye næringsaktørar som passar saman som i ein symbiose.
- Sikre solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.
- Forvalte kommunen sitt 300 dekar store industriområde i tråd med formuesbevaringsprinsippet i kommunelova.
- Vurdere å samle meir av kommunen sitt næringsområde på Gjøsund.