7 Pleie og omsorg
1. Introduksjon
Ramme 7 omfattar einingane Valderøy omsorgsdistrikt, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt og eining Meistring og psykisk helse. Ramme 7 har også eit ansvarsområde knytt til kjøp av tenester Øyeblikkeleg hjelp døgntilbod og utskrivingsklare brukarar.
Einingane yter tenester med heimel i helse- og omsorgstenestelova.
2. Driftsbudsjett - kommunedirektøren sitt forslag
Teneste | 7 Pleie, omsorg og sosial | Regnskap 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 | Budsjett 2026 | Budsjett 2027 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2330 | FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL | 1 330 | - | - | - | - | - |
2340 | AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA | 3 632 | 4 044 | 5 056 | 5 056 | 5 056 | 5 056 |
2343 | KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) | 1 170 | 1 172 | 3 363 | 3 363 | 3 363 | 3 363 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 2 502 | 2 919 | 2 907 | 2 907 | 2 907 | 2 907 |
2430 | TILBOD TIL PERSONAR MED RUSPROBLEM | 1 817 | 1 716 | 1 820 | 1 820 | 1 820 | 1 820 |
2530 | PLEIE, OMSORG, HJELP I INSTITUSJON | 9 762 | 10 473 | 11 484 | 11 484 | 11 484 | 11 484 |
2531 | INSTITUSJONSKJØKKEN | 371 | 422 | 428 | 428 | 428 | 428 |
2533 | VIGRA OMSORGSSENTER - FJELLRO/NORDSTOVA | - | - | 13 934 | 13 934 | 13 934 | 13 934 |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 55 765 | 50 738 | 32 067 | 32 067 | 32 067 | 32 067 |
2541 | BUFELLESSKAP PSYKIATRI VALDERØY | 13 919 | 11 739 | 9 846 | 9 846 | 9 846 | 9 846 |
2543 | AVLASTNING | 16 501 | 14 938 | 16 877 | 16 877 | 16 877 | 16 877 |
2544 | BRUKERSTYRT PERSONLEG ASSISTENT | 6 942 | 6 443 | 7 587 | 7 587 | 7 587 | 7 587 |
2545 | RESET BUFELLESSKAP - DRIFT | 11 411 | 11 676 | 12 560 | 12 560 | 12 560 | 12 560 |
2546 | GISKE OMSORGSSENTER | 30 590 | 29 935 | 30 184 | 30 184 | 30 184 | 30 184 |
2547 | Godøy Bukollektiv | 9 107 | 9 479 | 10 062 | 10 062 | 10 062 | 10 062 |
2548 | BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA | 34 881 | 24 539 | 30 673 | 30 673 | 30 673 | 30 673 |
2549 | KVARDAGSREHABILITERING OG VELFERDSTEKNOLOGI | 549 | 806 | 787 | 787 | 787 | 787 |
Sum ramme 7 Pleie, omsorg, Sosial | 200 249 | 181 039 | 189 635 | 189 635 | 189 635 | 189 635 |
Giske kommune har tre omsorgssenter. Giske omsorgssenter (28 heildøgnsplassar), Vigra omsorgssenter (24 heildøgnsplassar) og Godøy og Alnes bukollektiv (9 heildøgnsplassar). Omsorgssentra driv bukollektiv-drift med unntak av 8 institusjonsplassar ved Vigra omsorgssenter. Frå 1.1.2024 vert Vigra omsorgssenter drifta som sjukeheim med 24 plassar. Samla har kommunen 61 heildøgnsplassar. 11 av desse plassane er korttidsplassar, 8 plassar ved Giske omsorgssenter og 3 ved Vigra omsorgssenter. Den største tenesta er heimebasert teneste som blir gitt både i bukollektiv og i heim til brukar. Kommunen har eige storkjøkken som leverer tenester av høg kvalitet både til omsorgssenter, til eigen heim, møtemat og liknande. Giske kommune har bufellesskap til menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus (Løkevegen, 5 heildøgnsplassar), og bufellesskap til menneske med nedsett funksjonsevne, (Gudmundvegen, Skomakarvegen, Reset, med til saman 15 heildøgnsplassar), avlastningsbustad/barnebustad på Godøya (2 plassar, etablert i 2022) og dagtilbod (Kingelveven) til menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunen har dagtilbod ved Giske omsorgssenter og dagtilbod for demente ved Vigra omsorgssenter.
Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050, vedteke i Giske kommunestyre juni-22, vert viktig for å møte veksten og nødvendig utvikling innan helse og omsorg.
Kommunestyret har vedteke følgjande overordna strategiar:
- Heilskapleg bustadpolitikk for rett teneste, meistring og trivsel
- Heilskapleg tenesteutvikling
- Samskapingskommunen Giske
Sjå lenka for meir informasjon: Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050
Samfunnet står overfor store endringar og framtidsbiletet viser at dagens lokalisering, organisering og drift av tenestene ikkje vil vere berekraftig i framtida. Endringar i demografi, oppgåver, forventningar, digitalisering og teknologiske løysingar vil vere store og skje i eit raskare tempo enn tidlegare. Kommunen må ha strategiar og plan for å møte dette og vidare samla følge desse opp. Framskrivingane viser at behovet for pleie og omsorgstenester vil auke med 150% om vi held fram med å yte tenester på same måte som i dag. Kommunen vil verken ha økonomi eller hender nok til å imøtekome dette. «Å vekse smartare» vil kreve ei heilskapleg tilnærming og eit tett samarbeid mellom politikk, administrasjon og kommunen sine innbyggjarar.
Tenesteutvikling er eit kontinuerleg arbeid og kommunen må ta inn over seg at endringar er ein del av kvardagen. Tenestene vert i stor grad påverka av samfunnsutvikling, demografi, nasjonale føringar, overføringar av oppgåver og endringar innan spesialisthelsetenesta. Det inneber mellom anna at kommunane i større grad må ruste seg for å ha meir spesialisert kompetanse i tenestene og handtere meir lokalt og nær brukaren. Knappleik på personell framover gjer mellom anna at det i større grad må nyttast nye arbeidsmetodar og digitale løysingar i møte med brukarane.
Velferdsteknologi er ei nasjonal satsing og ein ser store menneskelege og økonomiske fordelar ved at det i større grad vert nytta i helsetenestene. Det er forventa at den tverrfaglege måten å jobbe på i samspel med teknologiske løysingar skal gi store positive effektar både på tenestekvalitet, effektivitet og økonomi.
I dag er 4 % av innbyggarane 80 år eller eldre, framskrivinga viser 6,8 % i 2040. Om lag 28 % av innbyggjarane er i gruppa 0-20 år, det viser at vi har ei relativt ung befolkning. Vi må vere budde på utfordringar innan denne gruppa. Framskrivinga viser at vi framover vil ha relativt store grupper i alderen 30-54 år og 74-84 år. Kartleggingar som er blitt gjort i kommunen viser at vi har særleg vekst og utfordring når det gjeld tenestetilbod til demente og til barn og unge med særlege behov.
Strategiane skal bidra til at Giske kommune når mål om å ha likeverdige og heilskaplege tenester av god kvalitet som er lett tilgjengelege for alle. Kommunen skal ha helsefremjande, trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, og vere eit aldersvennleg samfunn der den einskilde har ein meiningsfull og helsefremjande kvardag, høg grad av sjølvstende og moglegheit for deltaking i samfunnet. Kommunen må vere i stand til å levere gode og målretta tenester innan tilgjengelege rammer, samtidig tilpasse kommunen sine utgifter til eit bærekraftig nivå. Strategiane skal bidra til at det vert skapt bevisstheit rundt den positive helseeffekten som ligg i deltaking, aktivitet og mestring.
Kommunen må auke bruk av tiltak med helsefremjande effekt, slik at kommunen kan bidra til innbyggjarane sin livskvalitet og helse lengst mogleg. Strategiane skal også skape bevisstheit rundt at helse- og omsorgstenestene i ulik grad grip inn i tenestemottakar sitt liv, og viktigheita av å gi tenester på rett nivå for å oppretthalde funksjonar og ikkje redusere dei. FN'S Berekraftsmål skal følgje oss i alt vi gjer.
Eigenandel for kommunen knytt til ressurskrevjande tenester utgjer i 2024 18% av total budsjettramme for pleie og omsorg. Sum refusjon er 22,2 mill. 13 brukarar.
Giske kommune er i stor omstilling knytt til tenestene innan pleie og omsorg. Leanprosjektet Pleie og omsorgstenester i takt med framtida har pågått sidan mai-22, gjennom heile 2023 og vil fortsetje i 2024. Det er gjort store omstillingar innan brukargruppa andre i hovudsak eldre og psykiatri/rus. Giske kommune har no ei dekningsgrad på heildøgn ved institusjon og bukollektiv på 16%. Kommunen har utarbeidd tydelege tildelingskriterier som vert nytta ved søknader på helse og omsorgstenester. Bufellesskap for psykiatri og rus har no ei dekningsgrad med 5 senger, ein reduksjon frå 10 senger i 2022. Vidare er det etablert ambulant team psykatri/rus. Det vert arbeidd vidare med brukargruppa mennesker med nedsett funksjonsevne, etablering av ambulant team, tildelingskriterier, innhald dagtilbod og innsatstrapp. Kommunen gjorde omstilling for 13 mill i 2023. Driftstiltaket på 22 mill var ikkje mogleg å gjennomføre, 9 mill vert vidareført i 2024.
Årsak til endringar frå budsjett 2023 til budsjett 2024 med om lag 8 mill.
- Løns- og prisvekst
Driftstiltak ramme 7, 2024, samla reduksjon kr 14,2 mill:
- Ramme 7: Pleie og omsorg, Fellestiltak pleie og omsorg kr 12,1 mill.
- Ramme 2: Stab, Kontinuerleg forbetring kr 1,5 mill
- Ramme 2,4,5,6,7,9 Samhandling og koordinering, kr 0,1 mill
Ramme 7 har til saman driftstiltak på kr 14,2 mill i 2024. Auka i budsjettet frå 2023 til 2024 dekkjer ikkje behov i drift eller pris- og lønsveksten innan området. Nødvendig omstilling som ligg i driftstiltaka vert svært krevjande å gjennomføre. Mange er involvert, både leiarar på alle nivå, tillitsvalde, tilsette og stab. Politikarane vil bli jevnleg informert om status i arbeidet. Kommunikasjon og informasjon ut til innbyggjarane vert viktig. Omstillinga fordrar også eit omfattande haldnings- og kulturarbeid og tett samarbeid mellom politikk og administrasjon. Grunna den økonomiske situasjonen i kommunen fordrar det å omstille drifta i eit raskare tempo. Budsjettet til ramme 7 vart justert ila 2023 frå kr 181 mill til 192 mill, gjennom budsjettendring. Dermed vert budsjett for 2024, 3 mill lavare enn budsjett for 2024.
3.1 Utfordringsbilde
- Demogafiske endringar og den økonomiske situasjonen gjer det utfordrande å yte lovpålagde tenester.
- Stort arbeidspress og mange oppgåver gjer at ein står i fare for å ikkje klare å levere nødvendig helsehjelp til ei kvar tid.
- Høgt sjukefråvær og vanskeleg å rekruttere til stillingane.
- Auke i tal barn og unge med særlege behov. Det er kartlagt om lag 50 barn med ulike utfordringar som vil trenge bu- og tenestetilbod innan ei viss tid. Det er vanskeleg å planlegge då vi ikkje veit kor tid hjelpebehovet slår inn.
- Risiko for nye brukarstyrt personleg assistent-brukarar, auka behov for avlastning og tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Behovet er svært lite føreseieleg og vanskeleg å planlegge for, då brukarane kan kome på kort varsel og kan ha behov for store ressursar. Innan omsorg er dette den største økonomiske risikoen.
- Auke i tal demente. I snitt er det registrert 53 nye brukarar i året sidan 2016.
- Oppgåveoverføringar frå andrelinjetenesta gjer at brukarane kjem tidlegare heim og er dårlegare enn før. Vi må i større grad yte spesialiserte tenester innan somatikk, psykiatri og rus.
- Rekruttering av helsepersonell, særleg sjukepleiarar og vernepleiarar, og rekruttering av gode leiarar er spesielt utfordrande
- Auka press på avlastningstenesta og korttid- og langtidsplassar.
- Generell auke i tal brukarar og tal tildelte tenester
3.2 Moglegheiter og fokusområder
- Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050. Operasjonalisering av strategiane.
- Omstillingsprosjekt: Pleie og omsorgstenester i takt med framtida
- Tydelige tildelingskriterier til dei ulike tenestene. Fastsette dekningsgrad heildøgn.
- Styrkje tenestene som ligg lavt i innsatstrappa, vurdere nye tenester.
- Styrkje heimebasert og ambulant teneste
- Fokus på tidleg innsats, lavterskeltilbod og vidareutvikle dagtilboda
- Samarbeid på tvers, mellom tenester og einingar
- Styrkje bruk av velferdsteknologi, sjølvhjelpsverkty, digitale løysingar
- Styrkje bruk av kvardagsrehabilitering
- Fortsetje å søkje tilskot/midlar til utviklingsarbeid og styrking av tenestene
- Leiarutvikling
3.3 Oversikt tal brukarar i perioden 2011-2023
2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | Per 20.09.2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Brukarar med tenester | 462 | 448 | 466 | 500 | 510 | 531 | 734 | 878 | 946 | 951 | 929 | 1024 | 946 |
Tal tenester | 1 690 | 1 760 | 1 923 | 2 185 | 2 185 | 2 506 | 2 820 | 3 199 | 3 626 | 3 675 | 3 716 | 4212 | 4309 |
Tal vedtak | 732 | 952 | 924 | 624 | |||||||||
Tal e-meldingar | 0 | 0 | 2 283 | 9 201 | 14 186 | 14 374 | 16 605 | 16 585 | 18 346 | 21 535 | 21185 | 15292 |
Timetal tenester tildelt
Teneste | 31.12.21 | 31.12.22 | 02.10.23 |
---|---|---|---|
Brukarstyrt personleg assistanse, tal brukarar | 10 | 8 | 8 |
Brukarstyrt personleg assistanse, timetal per veke | 360 | 280 | 282 |
Praktisk bistand/opplæring, tal brukarar | 122 | 104 | 108 |
Praktisk bistand/opplæring, timetal per veke | 2 716 | 2268 | 2271 |
Heimesjukepleie, tal brukarar | 200 | 214 | 224 |
Heimesjukepleie, timetal per veke | 2 202 | 1822 | 1870 |
3.4.1 Oversikt tal årsverk pleie og omsorg, ramme 7
Teneste | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 | Merknadar |
---|---|---|---|---|---|---|
Valderøy omsorgsdistrikt | 57,75 | 68,67 | 73,72 | 67,93 | 67,77 | |
Vigra, Giske om Godøy omsorgsdistrikt | 67,07 | 55,86 | 58,13 | 58,13 | 56,84 | |
Meistring og Psykisk helse | 67,4 | 69,95 | 77,13 | 77,13 | 73,96 | 1,48 årsverk prosjekt ambulant teneste. Midlertidig. Barneavlastninga: lovleg drift turnus, 1 årsverk. |
KOSTRA, Helse og omsorg, 2022
Nøkkeltal | Enhet | Giske | Ulstein | Sula | Sykkylven | Kostragruppe 01 | Møre og Romsdal |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utgifter kommunale helse- og omsorgstenester per innbyggjar | kr | 33521 | 32015 | 33029 | 35858 | 35908 | 39147 |
Årsverk helse- og omsorg per 10 000 innbyggjar | Årsverk | 289,3 | 309 | 317,5 | 320 | 341,3 | 367,2 |
Netto driftsutgifter til omsorgstenester i prosent av kommunens samla netto driftsutgifter | Prosent | 36,9 | 32,1 | 34,7 | 35 | 35,9 | 38,8 |
Andel brukarretta årsverk i omsorgstenesta med helseutdanning | Prosent | 79,7 | 77,3 | 75,7 | 79,6 | 79,2 | 76,6 |
Årsverk per brukar av omsorgsteneste | Årsverk | 0,82 | 0,46 | 0,47 | 0,43 | 0,51 | 0,59 |
Andel innbyggjarar 80 år og over som brukar heimeteneste | Prosent | 31,1 | 37,4 | 45,8 | 30 | 30,8 | 31,5 |
Andel brukarar av heimeteneste 0-66 år | Prosent | 33 | 55 | 49,9 | 55,7 | 50,5 | 47,5 |
Andel innbyggjarar 80 år og over som er beboar på sjukeheim | Prosent | 1,6 | 6,3 | 2,2 | 6,5 | 9,3 | 10,8 |
Andel brukartilpassa einerom med eige bad/wc | Prosent | 100 | 100 | 100 | 90,2 | 94,6 | 95,1 |
Utgifter per oppholdsdøgn i institusjon | Kr | 4421 | 4471 | 8072 | 5705 | 4831 | 4653 |
Legetimar per veke per bebuar i sjukeheim | Timar | 0,47 | 0,8 | 0,7 | 0,63 | 0,53 | 0,5 |
Andel innbyggjarar 67-79 år med dagaktivitetstilbod | Prosent | 1,38 | 1,2 | 0,93 | 1,05 | 0,53 | 0,84 |
3.5 Styringskort
Fokusområde | Mål | Måleindikator | Resultatmål 2023 |
Brukarar og tenesteutvikling | Pleie og omsorgstenester i takt med framtida | Gjennomføre tiltak innan Leanprosjektet Pleie og omsorgstenester i takt med framtida. Måleindikatorar vil vere venteliste heildøgnsplassar, kostnader utskrivingsklare brukarar ved helseføretaket, tal brukarar og tal tildelt tenester, tal timar, dekningsgrad ikkje over 16%. | Dekningsgrad heildøgn 16% . Etablering av ambulant teneste til mennesker med nedsett funksjonsevne. Alle vedtak vert gjennomgått. Tildelingskriterier for dei ulike tenestene. Styrke tenestene lengst nede i innsatstrappa som dagtibod og heimebasert teneste. |
Medarbeidarar | Nærvær 93% | Jobbe kontinuerleg med nærværstiltak. | 93% |
Vi klarer å rekruttere nødvendig kompetanse. | Oversikt stillingar og funksjonar. | Vi klarer å rekruttere og har rett kompetanse på rett plass | |
Økonomi | God økonomistyring | Rekneskap skal ikkje overskride budsjett. Jevnleg rapportering status økonomi | ≤ 0 |