4.3 Generelle kommentarar til budsjettet for 2024 og økonomiplan 2025 – 2027

4.3.1 Løns- og prisauke (kommunal deflator) i statsbudsjettet for 2024

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2023 til 2024 (kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 4,3 % med ein forventa lønsvekst på 4,9 %.

Administrasjonen sitt utgangspunkt for økonomiplanarbeidet går fram av budsjettrundskriv til einingane.

I budsjettverktøyet ARENA blir alle lønsdata lesne inn frå lønssystemet. Alle einingane har gått over dette grunnlaget og kontrollert og sjekka at alle fast tilsette er komne med, og at dei har fått rett årsløn, ansiennitet, stillingsprosent og eventuelle tillegg. Løna frå august var oppdatert med endringar etter sentralt lønsoppgjer og lagt til grunn for å berekne årsløna. Det er ikkje budsjettert med sjukelønsrefusjon, og utgifter til vikar er rekna berre i dei tilfelle vikar blir sett inn ved sjukefråvær frå dag 1. Det same gjeld der det er nødvendig med ferievikar.

Grunnlaget for det konsekvensjusterte budsjettet er kva det i 2024 og framover vil koste å drive kommunen sitt tenestetilbod ut frå den standard og det volum som er etablert, herunder full årseffekt av endringar/sparetiltak som er sette i gong i løpet av 2023. Grunnlaget er deretter korrigert slik:

  • Løn er lagt inn med venta heilårsverknad av lønsoppgjeret for 2023. Dette utgjer 2,84 % lønsauke frå 1.5.2024 og er i samsvar med lønsvekstanslaget i statsbudsjettet.
  • Det skal takast omsyn til prosjekt/tiltak i 2023 som er under avvikling for å få drifta i balanse
  • Endringar i tenestetilbod og brukarar skal arbeidast inn i konsekvensjustert budsjett
  • Kommunestyrevedtak og kjende endringar som påverkar drifta blir innarbeidde
  • Endringar i tenestetilbod og oppgåvedeling som følge av statsbudsjettet for det komande året

I budsjettet er det ikkje lagt inn generell prisauke på kjøp av varer og tenester. Det skal vere tatt høgde for prisauke i konsekvensjustert budsjett.

Einingane blei bedne om å legge til grunn ein generell auke i kommunale betalingssatsar på 10% der dette var mogleg.

Inntekter frå utleige av næringsareal er lagt inn med 4 mill.kr for 2024 og med ei opptrapping på 5 mill.kr per år frå 2025 - 2027.

4.3.2 Løns- og prisauke i økonomiplan for åra 2024– 2027

I økonomiplanen for åra 2024 – 2027 er det ikkje lagt inn generell prisauke. Alle tala er i 2024-kroner.

4.3.3 Pensjon

Pensjonssatsane er redusert i høve budsjett 2023. Dette skriv seg i hovudsak frå Reguleringspremie som vart endra våren 2023. Pensjonssatsen er redusert med 2,09 % frå 22,12 % i 2023 til 20,03 % i 2024 for sjukepleiarar. For fellesordninga er den redusert med 1,5%, frå 16,24 % til 14,74%.

4.3.4 Skatteinntekter og statlege rammeoverføringar

Det er lagt inn fylgjande skatteinntekter og statlege rammeoverføringar i økonomiplanen for 2024 - 2022027

Løyvingsoversikt drift jfr § 5-4 første ledd Regnskap 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026 Budsjett 2027
Kommunedirektøren sitt forslag
Rammetilskudd -262 905 439 -283 486 000 -300 391 000 -305 227 000 -305 230 000 -305 239 000
Inntekts- og formuesskatt -311 009 204 -298 826 000 -317 363 000 -317 363 000 -317 363 000 -317 363 000
Eiendomsskatt -28 024 416 -21 375 000 -30 000 000 -30 500 000 -30 500 000 -30 500 000
Andre generelle driftsinntekter -24 893 555 -19 383 300 -33 576 600 -31 963 600 -33 576 600 -32 163 600
SUM GENERELLE DRIFTSINNTEKTER -626 832 614 -623 070 300 -681 330 600 -685 053 600 -686 669 600 -685 265 600

4.3.5 Brutto driftsresultat, netto driftsresultat og korrigert netto driftsresultat

Budsjett for 2024 viser eit brutto driftsresultat på kr 42 514 569 og eit negativt netto driftsresultat på - kr 1 867 000. Eit anbefalt netto driftsresultat på 1,75% av driftsinntekter ville til samanlikning vere 14,6 mill.kr.

Kommunen har utgifter til stortingsval i 2025 og kommuneval i 2027 er innarbeidde i framlegget til økonomiplan.

Ved utrekninga av renteutgifter er det nytta prognose frå Bergen Capital Management, og Norges bank sin renteprognose ligg til grunn for utrekninga.

4.3.6 Skatt og statlege rammetilskot

Det er i 2024 budsjettert med kr 617 754 000 samla i skatt og rammetilskot. Viser her til tabell og kommentarar innleiingsvis. KS sin prognosemodell versjon 2304KS er brukt ved utrekninga. i rammetilskotet er også kr 400 000 i ordinært skjøn inkludert.

4.3.7 Eigedomsskatt

På grunn av kommunen sin økonomiske situasjon vart det frå 2014 innført eigedomsskatt i Giske kommune med 2 ‰ . Denne vart seinare auka til 4 ‰, men set ned til 3 ‰ frå 2023. For 2024 og åra framover der eigedomsskatten budsjettert med ein sats på 4 ‰. Ved utrekning av eigedomsskatt er det teke omsyn til endringar i regelverk for verk og bruk, som fører til ein nedgang. Eigedomsskatten vil i 2024 utgjere kr 30 000 000.

4.3.8 Øvrige generelle statstilskot

Det er budsjettert med kr 1 300 000, og det er rentekompensasjon for ”skule-pakkane” og ”kyrkje-pakkane”, og kompensasjons-tilskot i samband med utbygging av omsorgsbustader. Dette er basert på rekneskap 2022, og vert utbetalt frå Husbanken ca. 20. desember kvart år.

Utbetaling frå Havbruksfondet er budsjettert med kr 2 943 000. Dette er basert på prognose utrekna av Telemarksforskning.

4.3.9 Statstilskot flyktningar

Det er budsjettert med kr 28 137 600. Dette er statstilskot som skal dekke kommunen sine utgifter i samband med mottak av flyktningar og introduksjonsprogram for desse. Dette føreset at vi ikkje har fråflytting og at ein greier å busetje 40 nye i 2024. På grunn av situasjonen i Ukraina er anslaget svært usikkert. Deler av utgiftene er derfor ført i ramme 3 og kan fordelast på dei rammeområda som får auka utgifter ein ser korleis dette utviklar seg.

4.3.10 Finansinntekter / finansutgifter og lån

Det er budsjettert med kr 49 845 760 i renteutgifter på eigne lån. Vidare kr 3 283 580 i renteutgifter på formidlingslån med tilsvarande budsjettert renteinntekter. Utrekning av rentekostnadar er gjort av Bergen Capital Management og Norges Bank sin renteprognose brukt.

Vidare er det budsjettert med kr 43 311 000 i avdragsutgifter på lån til kommunale investeringar.

Det er budsjettert med kr 12 643 580 i avkastning på finansplasseringar, renter bankinnskot, renteinntekter kundar og renteinntekter på formidlingslån. Av dette er kr 7 000 000 avkastning på kommunen sine langsiktige finansplasseringar. Det er då teke utgangspunkt i kommunen sitt kraftfond og ei avkastning som føreset av vi må ha noko høgre risikoprofil enn vi har per i dag.

Kommunen sitt kraftfond utgjer per 31.12.2022 kr 103 783 000, medan marknadsverdien av kommunen sine langsiktige plasseringar 30.09.2023 var på kr 134 372 000. Dette er plassert i aksjar 35 % og obligasjonar / bank / pengemarknad 65 %.

Pr. 30.9.2022 hadde dei langsiktige plasseringane ein gevinst på kr 8 288 000.

4.3.11 Avskrivingar

Avskrivingane har motpost på utgiftssida på dei ulike ansvarsområda (hovudart 15 finansutgifter). Avskrivingar er budsjettert med kr 39 615 835.

4.3.12 Kalkulatorisk rente

Dette er kalkulatoriske renter innan vatn, avløp og renovasjon (VAR-området), som også har motpost på desse budsjettområda. Kalkulatoriske renter er budsjettert med kr 13 345 000.

4.3.13 Disposisjonsfond

Det er ikkje budsjettert med avsetning til disposisjonsfond i 2024.

4.3.14 Overføring til investeringsbudsjett

Det er budsjettert med kr 1 600 000 i kapitalinnskot til KLP for 2023.

4.3.15 Investeringsbudsjett

Lånegjelda til investeringar vil per 31.12.2023 vere kr 1 288 548 000. Av dette vil ca. kr 330 000 000 gjelde lån innan vatn, avløp og renovasjon, der renter og avdrag blir dekte av eigedomsavgifter, som tilsvarar avskrivningsgrunnlaget innan VAR-området.

Det er budsjettert med kr 101 275 000 i bruk av lån, i tillegg kjem kr 8 000 000 startlån frå Husbanken til vidare utlån.

brannbil