Kommune- og økonomiplan
Den raude tråden
Økonomiplanen er handlingsdelen til kommuneplanen og skal syne korleis kommunestyret prioriterer dei økonomiske ressursane for å nå måla som er nedfelte i kommuneplanen. Gjennom samfunnsdelen i kommuneplanen har kommunestyret tatt stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for samfunnet som heilskap og for kommunen som organisasjon.
Visjon og hovudgrep
Visjonen "historisk og framtidsretta" skal inspirere til felles utvikling og endring.
Energien som finst hos innbyggarar, naturgjevne forutsetningar, næringsliv, kultur og historie er viktig for utviklinga. Kommuneplanen sin samfunnsdel er rullert, og kommunedirektøren sitt framlegg til handlings- og økonomiplan byggjer på framlegget til ny samfunnsdel.
Det er valt tre satsingsområde frå 2022-2032:
- Giske som bukommune - ein god plass å leve heile livet
Gode levekår gjennom heile livsløpet - Giske som næringskommune - eit framtidsretta næringsliv
Aktiv medspelar overfor eksisterande næringsliv samt legge til rette for etablering av nye berekraftige verksemder og næringar - Giske som samspelskommune - Giske på lag med Sunnmøre - betre saman
Godt samspel mellom det offentlege, private, frivillige organisasjonar og Ålesundsregionen
FNs berekraftsmål si betydning for planen
FNs berekraftsmål gir viktige premissar for berekraftig samfunnsutvikling i norske kommunar. FNs barnekonvensjon blir lagt til grunn for alt arbeid overfor barn og unge.
Berekraftsmåla byggjer på tre dimensjonar som må sjåast i samanheng for å oppnå ei berekraftig utvikling:
- Økologisk berekraft handlar om å utvikle samfunnet innanfor planeten sin tålegrenser og redusere tapet av biologisk mangfald. Klimaendringane må reduserast, og samtidig må samfunnet tilpasse seg konsekvensane av endringane som allereie pågår.
- Sosial berekraft handlar om å sikre innbyggarane like moglegheiter til å delta i samfunnet, å invistere i gode oppvekst- og levekår, helse, utdanning, likestilling, inkludering og mangfald. Samhaldet i samfunnet, tillit, demokrati og opplevd tilhørigheit er avgjerande for berekraftig utvikling.
- Økonomisk berekraft handlar om ansvarleg forbruk og produksjon, økonomisk vekst med mindre miljøbelastning, samt rettferdig og anstendig arbeid. Berekraftig utvikling føreset at det vert skapt verdiar i lokalsamfunnet som over tid opprettheld eit godt velferds- og tenestetilbod.