2 Kommuneleiing - Stab, kultur, service og næring

Rammeområde 2 er delt mellom reine stabstenester og driftstenester. Det vert lagt vekt på digitalisering, samhandling og koordinering av oppgåver for å oppnå meir effektiv drift.

Kommuneleiing og stab omhandlar tenesteområda 1200 – 1260 (kostra funksjon 120) som er kommunedirektør, kommunalsjefar og stabsfunksjonar.

Staben skal levere tidsrette støttefunksjonar i samsvar med krav og forventningar som er stilt til kommunen si kjerneverksemd og strategiske satsingar. Arbeidsoppgåver er blant anna planlegging, støtte, oppfølging og styring. Dette omfattar blant anna oppgåver knytt til kvalitet og internkontroll, beredskap, fellesfunksjonar, økonomiforvaltning, arbeidsgivarpolitikk, løn og personalforvaltning.

Eininga kultur, service og næring skal saman med resten av staben tilrettelegge for politiske og administrative avgjerdsprosessar, verksemdstyring, analyse og utgreiingsarbeid. Eininga har også ansvar for kulturarbeidet i Giske, dette gjeld bibliotek, frivilligsentral, kulturminnearbeid, friluftsliv og samhandling med lag og organisasjonar. Informasjonsarbeid og fellesfunksjonar som post og arkiv, oppfølging av avtalen med Ålesund knytt til landbruk, samt viltforvaltning er også ein del av eininga. Det næringsretta arbeidet til kommunen samt etableringsstøtte/hoppid blir også fulgt opp her. I tillegg kjem oppfølging av avtale om kjøp av IKT og brukarstøtte frå eKommune samarbeidet.

2. Kjerneverksemd

2. Kjerneverksemd

Ansvar Årsverk 2021 Årsverk til bruk i 2022 Årsverk til bruk i 2023 Årsverk til bruk i 2024
1200 KOMMUNELEIING - STAB 6,86 5 6 8
1220 ØKONOMI 3,7 3,7 4 5
1240 PERSONAL OG LØN 3,9 3,9 3,9 3,9
1250 KULTUR, SERVICE OG NÆRING 11,2 11,1 11,6 14,4
Sum 25,66 23,7 25,5 31,3
Alle tal i heile 1 000 kroner

3. Driftsbudsjett - kommunedirektøren sitt forslag

3. Driftsbudsjett - kommunedirektøren sitt forslag

Teneste 2 Kommuneleiing - Stab, kultur, service og næring Regnskap 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026 Budsjett 2027
1000 KOMMUNESTYRE OG FORMANNSKAP - - 404 404 404 404
1200 RÅDMANN - KOMMUNALSJEFAR 5 256 5 938 5 937 5 937 5 937 5 937
1210 PERSONAL OG LØN 2 689 2 690 2 721 2 721 2 721 2 721
1220 ØKONOMI 3 043 3 995 4 590 4 590 4 590 4 590
1230 SERVICEKONTORET 2 506 2 984 2 792 2 792 2 792 2 792
1240 DIVERSE FELLESFUNKSJONAR 18 - - - - -
1250 IKT 777 816 875 875 875 875
1260 SAKSBEHANDLING - FELLES 807 893 967 967 967 967
2110 FØRSKULE OG PRIVATE BARNEHAGAR 1 364 491 1 262 1 262 1 262 1 262
2120 GRUNNSKOLE 212 480 1 218 1 218 1 218 1 218
2121 PEDAGOGISK RETTLEIINGSTENESTE - - 989 989 989 989
2310 AKTIVITETSTILBOD BARN OG UNGE 50 779 1 025 1 025 1 025 1 025
2412 PSYKISK HELSEVERN 105 106 113 113 113 113
2423 MOT - PROSJEKTET - 25 - - - -
2440 BARNEVERNTENESTE 259 255 269 269 269 269
2530 PLEIE, OMSORG, HJELP I INSTITUSJON - 25 396 396 396 396
2540 PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE 755 979 1 076 1 076 1 076 1 076
2541 BUFELLESSKAP PSYKIATRI VALDERØY - 99 - - - -
2549 KVARDAGSREHABILITERING OG VELFERDSTEKNOLOGI - 1 - 50 - - - -
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK 428 367 376 376 376 376
2831 Formidlingslån (frå 2020) - - - 120 - 120 - 120 - 120
3010 PLANLEGGING / REGULERING - - 1 313 1 313 1 113 1 113
3100 FORMIDLINGSLÅN - 165 - 120 - - - -
3250 NÆRINGSKONTORET 710 184 731 731 731 731
3253 JORD- OG SKOGBRUK 538 543 785 785 785 785
3610 VILTFORVALTNING 128 63 63 63 63 63
3620 FRILUFTSLIV 193 261 200 200 200 200
3650 KULTURMINNEVERN - 116 25 11 11 11 11
3700 BIBLIOTEK 924 1 587 1 625 1 625 1 625 1 625
3750 MUSEER - 28 25 25 25 25
3770 KUNST OG KUNSTFORMIDLING 95 140 140 140 140 140
3810 IDRETT 285 230 255 255 255 255
3850 KULTURKONTORET 426 788 880 880 880 880
3851 ANDRE KULTURTILTAK 200 159 148 148 148 148
3852 FRIVILLIGSENTRAL 502 518 426 426 426 426
Sum ramme 2 Kommuneleiing - Stab, kultur, service og næring 21 988 25 276 31 492 31 492 31 292 31 292

Auken i budsjett frå 2023 til 2024 på 6 216 000 kroner kjem i hovudsak av:

  • Administrativt personell er flytta frå oppvekst og helse til kultur, service og næring.
  • Ny stilling som ungdomsarbeider
  • Ny stilling som Controller
  • Planlegger flytta frå Teknisk til Stab
  • Pedagogisk rettleiar er flytta frå Ramme 5 Oppvekst til Ramme 2 Stab


4. Utfordringar og mål

4.1 Utfordringar

  • Levere lovpålagde tenester innanfor tilgjengelege økonomiske rammer.
  • Etablere effektiv organisering, støtte og tenestenivå som er tilpassa bemanning og trange økonomiske rammer. Dette inneber blant anna tydeleg prioritering mellom arbeidsoppgåver, forventingsavklaring, og ikkje minst sikring av tvillingkompetanse slik at viktige funksjonar vert levert ved eventuell sjukdom, ferie og anna fråver.
  • Svært pressa bemanningssituasjon kan gå utover fullverdig tenesteleveranse.
  • Implementering av nye digitale verkty, opplæring og størst muleg gevinstrealisering.
  • Finne rett organisering under rammeområda for betre samhandling.
  • Øve på uforutsette beredskapshendingar.
  • Sikre nødvendig kvalitet- og internkontroll i kommunen.
  • Systematisk informasjonsarbeid, rett utvikling av heimeside, intranett og bruk av sosiale medier.
  • Tilrettelegge for døgnopen forvaltning ved å betre innbyggardialogen slik at innbyggarane kan vere sjølvhjelpte uavhengig av arbeidstid.

4.2 Satsingsområde

  • Framhaldande fokus på og oppfølging av systematisk HMS arbeid
  • Sjukefråversarbeid frå A - Å i samarbeid med NAV og Bedriftshelsetenesta (BHT)
  • Styrking av leiarkompetanse på budsjett- og økonomisk styring
  • Oppfølging av tiltak i helse og omsorgssektoren for å imøtekome framtidas behov (Leanprosjekt)
  • Tilrettelegging for nytt IKT-system for økonomi, løn og personal, nytt styringsverktøy
  • Vurdere samarbeid med andre kommunar eller innkjøp av tenester av sentrale stabsfunksjonar som er sårbare i dag (løn, rekneskap, arkiv m.m)
  • Framhaldande fokus på kvalitet og internkontroll
  • Framhaldande fokus på beredskapsarbeid
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid

4.3 Styringskort og styringsindikator

4.3 Styringskort og styringsindikator

Fokusområde Mål Måleindikator Resultatmål 2024
Innbyggarar Kvalitet tilpasse dei økonomiske rammevilkåra Plassering i forbrukarrådet sine testar av kommunal service 100 eller betre av kommunane i landet. 10 eller bedre av kommunane i Møre og Romsdal
Velfungerande informasjons- og kommunikasjonskanal Relevant informasjon er lett tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette døgnet rundt. System med digitale søknader mm fungerer godt Videreutvikle og arbeide meir strategisk med informasjon til innbyggarane. Giske kommune si heimeside er oppgradert. Utarbeide fleire digitale skjemaer for innbyggarane
Medarbeidarar Beredskapsarbeid med rett kvalitet eksternt og internt Gjennomførte beredskapsøvingar og ajourført beredskapsplan Beredskapsøvingar er gjennomført. Kompetanseheving i beredskapsarbeid er gjennomført.
Velfungerande kvalitets- og internkontroll Statistikk over avvik og forbetringsforslag 10% auke i meldte avvik og forbetringsforslag i alle einingar
Internkontroll er integrert i planverk og rapportering Alle einingar rapporterer systematisk på internkontroll
Plassering i kommunebiletet Heve plasseringa på alle område i kommunebildet
IT - sikkerheit Medarbeidarar som meistrar og kjenner seg trygge på IT-sikkerheit. Alle medarbeidere har gjennomført opplæring i personvern og informasjonssikkerheit
Godt arbeidsmiljø og tilfredse medarbeidarar Nærversprosent 96 %
Velfungerande HMS-arbeid på alle nivå i organisasjonen. Vernerunder og arbeid i HMS-utval. Opplevd kvalitet på samarbeid mellom verneteneste/tillitsvalde og arbeidsgivar. Systematisk HMS-arbeid vert gjennomført i tråd med HMS-årshjul og handlingsplanar. Samlingar med vernerunde er gjennomført med rett kvalitet.
Redusere sårbarheit i viktige stabsfunksjonar Det er etablert tvillingkompetanse eller etablert samarbeid som fungerer med god kvalitet Samarbeid med andre kommunar eller kjøp av tenester for sentrale stabsfunksjonar som er sårbare i dag (løn, rekneskap, arkiv m.m) er etablert.
Økonomi Lav andel av administrative ressursar. God økonomistyring Alle leiarar har kompetanse og forståelse for økonomi og økonomistyring Kompetanseheving i budsjett og økonomistyring er gjennomført.
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 administrasjon per innbyggar ≥ kr 3 500 per innbygger
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 som andel av totale utgifter 6 %
Avvik i % av netto driftsramme ≤ 0