4.4 Økonomiplan 2025 - 2027

4.4.1 Skatt og rammetilskott

Viser til tabell og kommentarar innleiingsvis. KS sin prognosemodell versjon 2304KS er brukt ved utrekninga.

4.4.2 Havbruksfond

Havbruksfond er lagt inn med kr 2 943 000 for 2024, kr 1 330 000 for 2025, kr 2 943 000 for 2026 og kr 1 530 000 for 2027. Samla utbetaling for økonomiplanperioden vert kr 8 746 000.

4.4.3 Lånegjeld. Renter og avdrag

I framlegget til økonomiplan for 2024 – 2027 vil kommunen si lånegjeld ved utgangen av 2027 vere kr 1 485 474 000 og ha hatt ein auke frå 2023 med kr 315 000 000. Det er ikkje tatt høgde for tilbakebetaling for forskotteringsprosjektet Gjøsund Nasjonal Fiskerihamn i denne perioden.

Ved utrekninga av kommunen sine renteutgifter er det teke omsyn til låneopptak i investeringsbudsjettet. Kommunen sine inntekter er ikkje justert opp med kommunal deflator kvart år. Det betyr at delar av auken i finansutgifter utover i økonomiplanperioden vil kunne bli dekt av auka inntekter.

4.4.4 Renteinntekter og utbyte

Renteinntekter av bankinnskot og utbyte frå kapitalforvaltning er budsjettert med kr 8 250 000 per år i heile planperioden. Dette inneber at kommunen har same risiko med kapitalplassering som i 2023, og at kommunen sitt kraftfond er uendra.

4.4.5 Bruk av disposisjonsfond.

Det er ikkje budsjettert med bruk av disposisjonsfond i perioden.

4.4.6 Overføring frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet

Det er lagt inn overføringar frå driftsbudsjettet til investeringar med kr 1 650 000 for åra 2025 - 2027, for å dekke kapitaltilskot i KLP.