1. Kommunedirektøren si innleiing
"Vi må nok klatre over ein topp til, og då er det større moglegheiter for at landskapet opnar seg opp."
Karl André Birkhol, kommunedirektør
Giske - historisk og framtidsretta
Vi må nok klatre over ein topp til…
I «Kommunebiletet» for Giske kommune, har Statsforvaltaren samla inn data frå kommunen for å danne seg eit bilete av kva som er bra og kva ein ser på som utfordringar i kommunen sine tenester.
«Kommunebiletet» viser at mykje er bra i Giske kommune.
I framtidsperspektivet meiner Statsforvaltar at Giske bør arbeide vidare med:
- strategisk kompetanseplanlegging for å sikre rett kompetanse på rett plass.
- innovasjon og omstilling, for å sikre framtidige berekraftige omsorgstenester.
- tiltak for å forebygge vidare negativ utvikling for barn i familiar med låg inntekt og unge sosialhjelpsmottakarar
Sjølv om mykje er bra, er det likevel behov for omstilling. Utgiftene må ned og inntektene opp. Giske har høg lånegjeld og med aukande rente går også desse utgiftene kraftig opp. Dei neste åra er det viktig å prioritere det viktigaste. Etter mitt syn er første prioritet å stette lovkrav i dei enkelte tenestene, og då må primærtenestene kome først. Når ubalansen mellom inntekter og utgifter er så store som dei er, og har vore over tid, er det heilt nødvendig å stramme inn drifta vidare.
Kommunedirektøren meiner det er avgjerande at ein i tillegg til å sørgje for auka inntekter, også ser på moglege strukturendringar for å kome i økonomisk balanse. Det er behov for at ein samlar tenestene, komprimerer og har færre lokalitetar. Dette handlar både om økonomisk effektiv drift og tilgang på nok arbeidskraft med riktig kompetanse.
Ekstraordinære inntekter dei siste åra har gitt eit lite pusterom frå ROBEK, men utan nødvendige tiltak er vegen tilbake kortare enn vi skulle ønske. Vi må nok klatre over ein topp til, og då er det større moglegheiter for at landskapet opnar seg opp.
Kommunen må også legge betre til rette for eit godt samspel med frivillige ressursar som kan vere eit supplement til dei kommunale tenestene. Vi må utnytte potensialet vi har for vekst og utvikling på best mogleg måte. Giske har ein relativt ung befolkning, det er stor byggeaktivitet og stor tilflytting. Faktisk den raskast veksande kommunen i fylket dei siste åra. Her er tilgang på bustadareal og store næringsareal. Når det gjeld næringsutvikling er det mykje spennande som skjer, spesielt på Gjøsund. Der blir det klare næringstomter og planane for oppbygging av ei ny og moderne hamn med tilhøyrande næringsareal er lagt.
Kommuneplanen sin samfunnsdel for 2023 til 2033 vart vedteken no i vår, og planen er eit viktig dokument og verktøy for både kommuneadministrasjonen, politikarane og ikkje minst innbyggarane i kommunen. No har også arbeidet med kommuneplanen sin arealdel starta opp, og den blir viktig for å utnytte det potensialet kommunen har for vidare vekst og utvikling. Administrasjonen ønskjer seg mange innspel i løpet av planprosessen slik at vi får nytta arealet i kommunen slik at det samsvarar med dei målsettingane som er definert i samfunnsdelen.
Vi går ei spennande tid i møte med mange nye politikarar på plass denne hausten. Dei gjer ein viktig og krevjande jobb for innbyggarane våre. Den viktigaste oppgåva er å få ein sunn kommuneøkonomi med gode og tilpassa tenester dei neste åra. Dette skal vi klare saman!
Karl Andre Birkhol