5 Oppvekst
1. Introduksjon
Rammeområde 5 oppvekst omfattar barnehage, grunnskule, kulturskule og vaksenopplæring.
Systematisk og kunnskapsbasert samhandling på tvers av fagområder, med fokus på rett og tidleg innsats, er forstått som ein føresetnad for god kvalitet i laget rundt barnet, og for god kvalitet i barnehage og skule. Ein viktig suksessfaktor for å utvikle system, strategi og arenaer for samhandling, har vist seg å vere koordinator som er fristilt frå sektorane.
God kvalitet i barnehage og skule er forstått som ein føresetnad for å førebyggje utanforskap. God kvalitet og tidleg innsats er eit viktig grunnlag for ein god oppvekst, og viktigast for sårbare barn og unge.
Kommunebilete peikar på for få barnehagelærarar og for høg del tilsette utan formalkompetanse som hovudgrunnlag for å vurdere barnehageområdet i Giske kommune som "svakt".
Grunnskulen vert vurdert som "middels" på bakgunn av positiv utvikling knytt til mobbetal og også positiv utvikling av grunnskulepoeng. Grunnskulepoenga ligg under landssnittet for 2022 og andel elevar med spesialpedagogisk tilbod er over landssnittet.
Det er oppretta Samhandlingsteam for god oppvekst, med politisk forankring. Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar er vedteken, og det skal i planperioden utarbeidast og forankrast ein handlingsdel. BTI-modellen er påbegynt, det skal arbeidast vidare med tiltak for nivå 2 og 3, nivåa som fordrar samhandling i størst grad.
Barnehagane og skulane i Giske kommune arbeider målretta og langsiktig med å utvikle varige betre praksisar. Det er fokus på inkluderande praksis der barnet får erfare «Det var bra eg kom!». Barnet skal være i sentrum, læring og utvikling skal være sosial og ha fokus på samarbeid. Barnet sin motivasjon/emosjonar er vektlagd og forkunnskap og individuelle forskjellar vil være ein ressurs. I oppvekst Giske skal barnet bli utfordra utan å verte overbelasta. Vurdering blir brukt som læringsmål og framovermelding i grunnskulen. Barnet skal erfare samanheng på tvers av fag/aktivitet/grupper i og utanfor barnehagen og skulen.
Det er etablert inkluderingsteam i alle einingar i oppvekst. I inkluderingsteama blir utfordringar møtt med tverrfagleg blikk og analytisk tilnærming.
Tenestene i oppvekst skal utviklast i samhandling med dei andre tenesteområda i kommunen og i tråd med sentrale og lokale styringssignal. Det er to kommunale barnehagar og fem grunnskular som alle er sjølvstendige resultateiningar. Det er skulefritidsordning ved alle barneskulane. Det er etablert ein felles ungdomsskule. Ramme 5 Oppvekst har også ansvar for finansiering og oppfølging av seks private barnehagar. Samfunnsplanen legg til grunn eit mål om fleire kommunale barnehageplassar. Spesialpedagogisk team er organisert i stab og har ansvaret for fagleg utviklingsstøtte til barn med spesialpedagogiske vedtak i barnehagealder, og for støtte til systemarbeid i einingane.
2. Kjerneverksemd
Kjerneverksemd | Tal brukarar 2022 | Tal brukarar 2023 | Årsverk 2022 | Årsverk 2023 |
---|---|---|---|---|
2 komm. bhg | 109 | 105 | 24,8 | 29,1 |
6 priv. bhg | 438 | 398 | - | - |
Spesped bhg ** §31 | 27 | 27 | 5,7 | 5,7 |
Tilrtettelegging § 37 | ||||
Norsk og samf. for innvandrarar *** | 17 | 30 | - | - |
Grunnskule vaksne | 2 | 3 | - | - |
Administrasjon oppvekst | - | - | 3 | 3 |
** BASIL (Barnehagens Statistikk og Innrapporteringsløsning)
*** Giske kommune kjøper tenesta frå Ålesund vaksenopplæring, og har difor ikkje eigne tilsette.
****Assistent til barn med behov for ekstra støtte er medrekna i årsverk for kommunale barnehagar
3. Diftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag
Teneste | Beskrivelse | Regnskap 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 | Budsjett 2026 | Budsjett 2027 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1250 | IKT | 2 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
2110 | FØRSKULE OG PRIVATE BARNEHAGAR | 79 792 | 89 386 | 98 447 | 101 307 | 101 307 | 101 307 |
2111 | STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN | 9 586 | 10 833 | 10 347 | 10 347 | 10 347 | 10 347 |
2120 | GRUNNSKOLE | 120 925 | 123 821 | 132 441 | 132 396 | 132 366 | 132 336 |
2121 | PEDAGOGISK RETTLEIINGSTENESTE | 1 382 | 1 099 | 1 207 | 1 207 | 1 207 | 1 207 |
2122 | SKULEVURDERINGSPROSJEKT(UTD.DIR.) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
2130 | VAKSENOPPLÆRING | 611 | 4 475 | 1 475 | 1 475 | 1 475 | 1 475 |
2140 | SPESIALSKOLAR | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
2150 | SKOLEFRITIDSTILBOD | 3 713 | 2 120 | 6 109 | 6 109 | 6 109 | 6 109 |
2210 | FØRSKOLELOKALER OG SKYSS | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
2220 | SKOLELOKALER | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
2230 | SKOLESKYSS | 2 249 | 684 | 2 134 | 2 134 | 2 134 | 2 134 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 4 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
2423 | MOT - PROSJEKTET | 311 | 311 | 1 052 | 1 052 | 1 052 | 1 052 |
3830 | KULTURSKULE | 966 | 679 | 851 | 851 | 851 | 851 |
Sum Ramme 5 Oppvekst | 219 541 | 233 407 | 254 063 | 256 878 | 256 848 | 256 818 |
Grunnskule
Det er behov for å styrke grunnskuleområdet når det gjeld;
-tidleg innsats etter § 1-4,
-auka omfang og kvalitet i symjeopplæringa,
-betre tilgang til varierte læremiddel, analoge og digitale
Symjeopplæringa, per i dag, strekk berre til for svak grad av måloppnåing.
Berre ein av barneskulane har tidleg innsats i tråd med opplæringsloven §1-4, lesekurs, matematikk-kurs m.m.
Driftstilskot private barnehagar
- Driftstilskot blir utrekna med utgangspunkt i rekneskapen for kommunale barnehagar to år i forvegen (2022). For å kompensere for løns- og prisvekst blir tilskotsgrunnlaget justert med kommunal deflator for dei to påfølgjande åra (2023 og 2024). Anslag for deflatorane blir gitt i samband med statsbudsjettet.
- Private barnehagar får eit pensjonspåslag på 11/10 prosent av lønnskostnadane i dei kommunale barnehagane (konsern/frittståande barnehagar).
- Det blir gitt eit administrasjonspåslag på 4,3 % som skal dekkje barnehagane sin del av felles administrasjonskostnadar i kommunen som ikkje er med i utrekninga.
- Private barnehagar i kommunar utan kommunale barnehagar får tilskot basert på nasjonale satsar, fastsett av Utdanningsdirektoratet
Kapitaltilskot private barnehagar
- Private barnehagar får tilskot som skal dekke rente- og avskrivningskostnader. Satsane er fastsette av Utdanningsdirektoratet etter utrekninga gjort av Telemarksforsking.
- Kapitaltilskotet er minimum 11 800 kroner per heiltidsplass. Barnehagar som er nye eller har fått godkjent utviding av areal, får større tilskot, avtakande med alder på bygga.
4. Utfordringar og mål
4.1 Utfordringsbilete
- Komunnebilete si samla vurdering av barnehageområdet er farga raudt, "SVAK". Kommunen har lågare utdanningsgrad og lågare pedagogtettleik enn landssnittet. Det er få barnehagelærarar og høg del av tilsette utan formalkompetanse. Kompetanse og pedagogtettleik er forstått som sentral faktor for å sikre eit godt pedagogisk barnehagetilbod. Antall barn per barnehagelærar er 17,1 i Giske kommune, medan landssnittet er 13,3. Det er høg andel pedagogar på dispensasjon.
- Samfunnsplanen legg til grunn eit fokus på tidleg innsats og førebygging av utanforskap gjennom god kvalitet i barnehage og skule. Laget rundt barnet og samhandling om dette skal verte styrka. Samhandling for god oppvekst, på tvers av fag, er sett på som ein føresetnad for å lukkast med dette arbeidet.
- Nye oppgåver og ansvar tildelt kommunene, gjer, saman med samfunnsendring, arbeidet med barn og unge meir komplekst og samansett, krev nye praksisar og forpliktande samhandling. Ein ser større utfordringar tidlegare, både i barnehage og i skuleløpet, med utfordringar knytt til sjølvregulering, og i skulen ufrivillig skulefråvèr.
- Det er påvist stor samanheng mellom åtferdsvanskar og manglande språk- og omgrepsutvikling. Systematisk, kunnskapsbasert språkutvikling tidleg i barnehagealder vil vere ei viktig prioritering, det same gjeld lesekurs, omgrepskurs og matematikkurs i grunnskulen.
- Det er stor usikkerheit knytt til kostnadsbildet for overføringar til private barnehagar, samt handlingsrom for å kunne etablere rett kapasitet. Samfunnsplanen legg til grunn at andelen kommunale barnehageplassar skal aukast.
- Andel pedagogar og fagarbeidarar i barnehage skal aukast frå 2025 og også vidare. Rekruttering av rett kompetanse er utfordrande, og fordrar strategisk arbeid.
- Auka kvalitet i det allmennpedagogiske i både barnehage og skule, saman med tidleg innsats, tverrfagleg samhandling og god kompetanse og kvalitet på tilpassa opplæring vil vere viktige innsatsområder for redusert spesialundervisning.
- Klassens time på alle steg i grunnskulen, for medverknad, arbeid med klassemiljø og kompetanse i medborgarskap.
- Vi vil vektlegge å sikre gode overgangar mellom barnehage og skule, barneskule og ungdomsskule.
- Vidareføre arbeidet med TALK-prosjektet
- Fleire barn, unge og vaksne signaliserer auka sårbarheit og dermed utvida behov og forventning om støtte og hjelp.
Demografisk utvikling
Demografimodellane som er utarbeidde av KS, viser at utgiftsbehovet for grunnskule vil auke kraftig fram mot 2023 og vere høgare enn 2020 nivået fram til 2030. Utgiftene til barnehage vil bli kraftig reduserte fram mot om lag 2026.
4.2 Satsingsområde
Barnehage
Tenesteområde 2110 Førskule og private barnehagar
Kommunebilete peikar på fokusområde:
-alle skal ha eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø
-barn som treng hjelp, skal få det tidleg, slik at alle skal få utvikla potensialet sitt
-dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse
-alle skal ha god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet
8 av 10 barn i Giske kommune går i private barnehagar. Samfunnsplanen legg til grunn at ein større andel barnehageplassar skal vere kommunale. Rett barnehagekapasitet er eit kommunalt ansvar. Tilskot til private barnehagar er basert på kostnader i kommunale barnehagar to år tilbake, med indeksregulering og justerte pensjonsutgifter. Det er gjennomført omfattande innsparingar i dei kommunale barnehagane. Stykkprisen for 2023 er hausten utrekna til kr 226 196 (for andre ordinære barnehagar) / 228 622 (enkeltståande barnehagar) per år for barn under tre år og kr 108 911/110 158 per barn over tre år. Giske kommune sine satsar for driftstilskot er heilt i nedre sjikt. Det er ulike satsar for enkeltståande barnehagar og barnehagar i kjede. Sum drifts- og kapitaltilskot blir betalt ut frå barnetal per 15.12.2022. Dei to kommunale barnehagane lokalisert på Giske og Vigra har 105 barn og driftar med svært låge driftskostnad per barn. Økonomien i barnehagedrifta er sårbar med tanke på pålagd fagleg kvalitet og barnehagekapasitet. Leiarane i private barnehagar er med på styrarmøte og fagdagar i oppvekst.
To av barnehagane har kristen formålsparagraf: Daggry barnehage på Valderøya og Tryggheim barnehage på Godøya. Tryggheim ynskjer å byggje ny barnehage og har søkt om dette over tid. Barnehagekonsernet Norlandia Barnehager AS eig Norlandia Nordstrand og Norlandia Sætra. Skjong barnehage og Myra barnehage er foreldreeigde. Regjeringa legg til grunn at det skal være 50% pedagogar i barnehagane frå august 2025, noko som inneber ei ca 10 % fagleg styrking, med kostnadsauken det inneber. Regjeringa vedtok også at 25% av dei tilsette skal vere barne- og ungdomsarbeidarar. Det er fokus på språk, adferd og tilpassing innafor det allmenpedagogiske for å utvikle ein meir inkluderande praksis også i barnehagane. Tidleg innsats knytt til språk og omgrep er ein viktig beskyttelsesfaktor mot åtferdsvanskar og utanforskap.
Tenesteområde 2111 Styrka tilbod til førskulebarn
Kommunen gir tilbod til førskulebarn med særskilte behov i både private og kommunale barnehagar. Førskuleteamet gir spesialpedagogisk tilbod til enkeltbarn og grupper i barnehagane og bidrar også til kvalitetsutvikling og samanheng i det allmennpedagogiske. Kommunen finansierer assistentstøtte til barn med særskilte behov. Vi ser stor auke i behovet for assistentstøtte knytt til låg grunnbemanning og krevjande drift.
Grunnskule
Giske kommune har fire barneskular: Vigra skule, Valderøy barneskule, Godøy skule og Giske skule. Giske ungdomsskule samlar ungdomstrinnet i kommunen.
Kommunebilete vurderer grunnskulen til "middels" og peikar på desse fokusområda:
-eit godt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
-spissa arbeid med fagleg innkludering i grunnskulen
-barn og unge som har behov for det, får hjelp slik at dei får utvikla sitt potensiale
-alle lukkast i opplæringa og utdanninga
Netto driftsutgifter per barn 6-15 år i Giske kommune var i 2021 på 96 779 kroner, for 2022 var summen 102 528.
Frå 2019 gjorde skulane betydelege sparetiltak, noko som resulterte i drift under lovleg norm. Frå 2022 er skulane drifta opp til minste lærarnorm.
Giske kommune har digitalisert med nettbrett 1:1 i skulane og det er starta ei investering i pc-ar til ungdomstrinnet. Leiarar og tilsette i grunnskulen etterlyser større mangfald i både digitale og analoge læremiddel, etter at dette har vore salderingspost gjennom Robek-åra.
TALK-arbeidet fokuserer på elevar som er diagnostisert med ASF-H (Autismespekterforstyrring, høgtfungerande). Dette prosjektet har gått i grunnskulen i fleire år. Helse- og omsorgssektoren er også i gang med dette arbeidet.
Betre inkluderande praksis og tidleg innsats
Det er stort fokus på felles kvalitetsutvikling innafor fagområdet inkluderande praksis med felles retning for heile oppvekstsektoren. Kompetanse handlar her om å utvikle varige betre praksisar – bruke dei viktige timane barn og unge er på skulen, til å gjere meir av det som har best effekt.
Elevane får no symjeopplæring i nokon grad, faget fysisk aktivitet og tilbod om leksehjelp. I tillegg til ressursar til lærarnorm kjem ein tidsressurspott med to årstimar per elev, og ein innleiande ressurs for ungdomssteget med 57 årstimar per klasse. Skulane må og ha ressurs til kontaktlærarteneste med 42, 75 årstimar per kontaktlærar, og nedsett undervisningstid for nyutdanna lærarar dei to første åra, rettleiing av desse, samt redusert leseplikt for lærarar over 57 år.
Kompetente lærarar
Dei nyutdanna lærarane har no kompetanse på masternivå.
I ordninga "Kvalitet for kompetanse" kan lærarar få vidareutdanning for å møte kvalifikasjonskrava. Ordninga er eit spleiselag mellom stat, kommune og den enkelte deltakaren, der staten betaler vikar etter fastsett sats for lærar som tek godkjend vidareutdanning i utvalde undervisningsfag. Kommunen betaler bøker og utstyr samt reise og opphald i samband med studiet. Deltakaren får permisjon i 37,5% stilling. Studiet er sett til 50% arbeidsbelastning. 12,5% stilling er dermed deltakaren sitt bidrag i "spleiselaget".
Spesialundervisning
Kommunestyret har sett i verk eit arbeid for å redusere omfanget av spesialundervisninga og inkludere fleire elevar i den ordinære tilpassa opplæringa. 8,8 % får spesialundervisning i 2023, i 2022 var talet 10,8. Nedgangen skuldast nok i hovudsak manglande kapasitet til sakshandsaming i PPT gjennom 2022-23, andelen er forventa å auke.
Utfyllande informasjon om skulesektoren er å finne i Skoleporten og i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem).
Skulebygg
I 2017 fekk kommunestyret presentert rapportar, utført av Norconsult, som viser eit klart behov for utbygging og oppgradering av skulebygga. Mest prekært er behovet på Vigra skule. Godøy skule har fått noko oppgradering gjennom arbeidet med å samle 1-7. Både på Godøy og Vigra skule manglar tilrettelagd uteområde.
Giske ungdomsskule har fått på plass modulbygg for å romme ein større elevflokk og skulekjøkkenet er renovert Godøy skule 1-7 har for nytt uteområde med alderstilpassa leikeapparat. Det er gjort vedtak om å bygge ny skule på Vigra.
Barn i grunnskulealder ser ut til å trenge støtte til Livsmeistring i større grad enn før. Årsakane er samansette og komplekse, og må sjåas i samanheng med den totale samfunnsutviklinga.
Årsverk i grunnskulen
2022-23 | 2023-24 | |
---|---|---|
Rektor/avdelingsleiar * | 9,8 | 9,8 |
Undervisningspersonale ** | 119,1 | 119,95 |
Assistent/anna elevretta arbeid *** | 21,28 | 23,54 |
Kontor **** | 1,6 | 0,3 |
*Alle avdelingsleiarstillingar er no tilsett, nokre er konstituert
**Ønska dreiing å redusere bruk av assistent til fordel for lærarkompetanse. Opplæringa ligg no nærare tidleg innsats/lærarnorm.
***Nye brukarar med behov for ekstra støtte
****Merkantil ressurs er frå august 2023 organisert under eininga Kultur, servise og næring
Elevtal
Skule | 1. kl. | 2. kl. | 3. kl. | 4. kl. | 5. kl. | 6. kl. | 7. kl. | Sum 1.-7. klasse | 8. kl. | 9. kl. | 10. kl | Sum 8.-10. klasse | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Giske skule | 16 | 15 | 14 | 17 | 10 | 10 | 11 | 93 | 93 | ||||
Godøy skule | 26 | 17 | 20 | 23 | 17 | 24 | 13 | 140 | 140 | ||||
Vigra skule | 27 | 25 | 30 | 30 | 24 | 25 | 24 | 185 | 185 | ||||
Giske ungdomsskule | 132 | 133 | 106 | 351 | 351 | ||||||||
Valderøy barneskule | 68 | 68 | 62 | 61 | 60 | 58 | 58 | 435 | |||||
I alt | 137 | 125 | 126 | 131 | 111 | 117 | 106 | 853 | 132 | 133 | 106 | 351 | 1204 |
Teneste 2121 Pedagogisk rettleiingsteneste
Pedagogisk rettleiingsteneste omfattar fagleg pedagogisk støtte til system, struktur og individsaker i oppvekst skule, samt vaksenopplæring. Hovudfokus er på å utvikle inkluderande, likeverdige tilbod. Ansvar for planlegging, koordinering, støtte til forsøk og arbeid med søknadar om midlar frå fylke og stat. Einingane får samlande oppfølging av sine planar og rapportar for mest mogleg felles kommunale planar og prosedyrer. Ansvar for kurs og rettleiing til leiarar, fellesutgifter til kurs (inntekter og utgifter), midlar interkommunalt arbeid blir også ført her. Giske kommune har ei 100 % stilling knytt til denne tenesta. Stillinga som pedagogisk konsulent står vakant.
Teneste 2130 Vaksenopplæring
Vaksenopplæring omfattar både grunnskule, spesialundervisning på grunnskuleområdet for vaksne, samt opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar med rett og plikt til slik opplæring etter introduksjonslova § 17. Kommunen får tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Grunnskuleopplæring for vaksne skal dekkjast av rammetilskotet. Tilskotet til norsk og samfunnskunnskap er todelt med eit grunntilskot på 610 000 kroner per år og persontilskot på 146 600 fordelt på tre år. Så langt i 2023 har vi motteke noko over 1 mill.
30 personar får for tida opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Giske kommune kjøper denne tenesta Ålesund vaksenopplæring. Giske kommune har ikkje tilbod til arbeidsinnvandrarar frå EØS-området, som ikkje har rett på gratis opplæring og heller ikkje plikt til å ta norskopplæring. Desse blir vist til ei av nabokommunane våre som har tilbod til betalingselevar. Deltakarar som har arbeidsgivar, kan få norskopplæring betalt gjennom den statlege støtteordninga Kompetansepluss.
Tre vaksne får for tida grunnskuleopplæring etter § 4 A-1 i opplæringslova. Denne tenesta blir også kjøpt frå Ålesund kommune. Deltakarar i grunnskuleopplæring har rett til gratis skuleskyss.
Teneste 2150 Skulefritidsordning (SFO)
SFO-tilbodet skal vere eit likeverdig tilbod til alle barn på 1.-4. årssteg og til barn i 5.-7. årstrinn med omfattande oppfølgingsbehov. Nasjonal Rammeplan for SFO kom i juni 2021. Både den og Fagfornyinga har tydelege forventningar om kompetanseutvikling for tilsette, utvikling av profesjonsfellesskap. Kommunen dekkjer ekstra kostnader til barn som har omfattande behov for tilrettelegging. Det er innført gratis kjernetid i SFO for 1. og 2. årssteg. Utover dette skal foreldrebetalinga dekkje kostnadene for tilbodet. Sjølvkost for SFO inkluderer utgifter til lokale. Frå hausten 2021 ser vi ei sterk auke i søknader om nedsett betaling i SFO, betalinga skal ikkje overskride 6 % av husstanden si inntekt.
Teneste 2230 Skuleskyss
Elevar som bur meir enn 4 km frå skulen - rekna frå dør til dør - har rett på gratis skuleskyss. For elevar i første klasse er grensa 2 km. Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skuleskyss, har rett til skyss uavhengig av avstand. Elevar kan også ha rett til skuleskyss på grunn av trafikkfarleg veg. Fylkeskommunen er ansvarleg for skuleskyssen, og kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarar enkeltbillett.
Teneste 3830 Kulturskule
Kulturskulen er organisert under Valderøy barneskule. Tilbodet ved kulturskulen har blitt tilpassa den økonomiske situasjonen og slik redusert. 224 elevar får per 1. okt opplæringstilbod i kulturskulen. Kulturskulen er tidleg innsats for livsmeistring og utgjer første trinn i omsorgstrappa.
Nøkkeltal per 1. oktober 2023
Kulturskule
Kulturskulen | 2019-20 | 2020-21 | 2021-22 | 2022-23 | 2023-24 |
---|---|---|---|---|---|
Musikkundervisning | 133 | 123 | 106 | 71 | 66 |
Visuelle kunstfag | 30 | 30 | 23 | 30 | 30 |
Teater | 17 | 0 | 0 | ||
Dans | 130 | 129 | 137 | 133 | 128 |
Andre kunst- og kulturuttrykk | 0 | 0 | 0 | ||
Samla elevtal | 310 | 282 | 266 | 235 | 224 |
Årsverk | 2,96 | 2,62 | 2,42 | ||
Rektor/inspektør | 0,92 | 0,7 | 0,2 | 0,2 | 0,2 |
Kontorhjelp | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Årsverk til undervisning | 4,62 | 3,33 | 2,96 | 2,42 | 2,62 |
4.3 Styringskort og styringsindikator
Fokusområde | Mål | Måleindikator | Resultatmål 2024 |
---|---|---|---|
Brukarar | God kvalitet i oppvekst | Systemretta tiltak i alle einingar for lovfeste tidleg innsats (§ 1-4) | |
God kvalitet i barnehage | *Andel tilsette med utdanning som barnehagelærar | 50 % | |
**Andel tilsette med Fagbrev | 33 % | ||
Systemretta tidleg innsats for god språkopplæring i barnehage | |||
Brukartilfredsheit totalt | 4,6 | ||
God kvalitet i skule | *Grunnskulepoeng | 45 | |
Elevar på meistringsnivå 2-3, nasjonale prøver 5. trinn lesing (i prosent) | 80% | ||
Elevar på meistringsnivå 2-3, nasjonale prøver 5.trinn rekning(i prosent) | 80% | ||
Elevar på meistringsnivå 3-5, nasjonale prøver i lesing på 8. trinn (prosent) | 69,5 % | ||
Elevar på meistringsnivå 3-5, nasjonale prøver i rekning på 8. trinn (prosent) | 63,8% | ||
Elevundersøking trivsel (skala 1-5) | 4,5 | ||
Medarbeidarar | Godt arbeidsmiljø og tilfredse medarbeidarar | Nærvær | 94 % |
Økonomi | God økonomistyring | Avvik i % av vedtatt netto driftsramme | +/- 0 |