3. Klimabudsjett 2024
Kva er eit klimabudsjett?
Eit klimabudsjett er eit nyttig verktøy for å nå vedtekne klimamål. KS har valt å definere eit klimabudsjett som "et styringsverktøy for å oppnå klimagassreduksjonar og andre vedtekne klimamål". Eit klimabudsjett er ikkje eit økonomisk budsjett, men ei oversikt over klimatiltak som vert planlagt gjennomført i Giske kommune.
Klimabudsjettet viser i nokre tilfelle kor mykje klimagassutslepp som reduserast ved gjennomføring av tiltaket. Styrken til eit klimabudsjett er at mål og tiltak vert kopla tettare saman i kommunen sitt viktigaste styringsdokument, kommunen sin handlings- og økonomiplan. Gjennom klimabudsjettet får kommunen eit verktøy for å styre mot utsleppsmåla. Klimabudsjettet sikrar at kommunen iverksett og finansierar tiltak for å redusere utsleppa. Ansvaret for oppfølging av tiltaka er tydeleg definert. Gjennom regelmessig rapportering på tiltaka, vert resultat og framdrift målt opp mot måla for utsleppsreduksjonar.
Klimabudsjettet viser om tiltaka som er vedtatt er tilstrekkelege for å nå målet, eller om det er behov for styrka innsats. Årleg oppdatering av klimabudsjettet gir moglegheit til å justere kursen.
Klimabudsjettet er transparent og synleggjer ovanfor avgjerdstakarar og interessentar kva som er utfordringsbildet og korleis kommunen prioriterer innsatsen for å nå målet.
Giske kommune sitt klimabudsjett
Giske kommune ønsker å vedta sitt første klimabudsjett i 2024, klimabudsjettet skal gjelde for 2024-2027 med årleg justering. Klimabudsjettet vert eit styringsverktøy for kommunen sitt klimaarbeid. Klimabudsjettet viser klimatiltaka som vert planlagt gjennomført i Giske kommune og kven som har ansvar for gjennomføringa. Klimaarbeidet skal rapporterast på lik linje med kommunen si økonomirapportering. Kommunen prioriterer tiltak som kjem frå einingane og som dei vurderer at dei har kapasitet, økonomi og ressursar til å gjennomføre. Dette er tiltak som bidrar til å bygge opp klimakompetansen i kommunen og tiltak som styrker kommunen sitt kunnskapsgrunnlag. Sjølv om nokre av tiltaka er små og fleire ikkje kan talfestast i utsleppsreduksjon, dannar det grunnlaget for klimaarbeidet i åra som kjem. Det er derfor nødvendig for vidare utsleppsreduksjon i kommunen.
Kommunen skal vere ein pådrivar for at Giskesamfunnet sitt klimagassutslepp vert redusert med 50 prosent innan 2030. Skal Giskesamfunnet nå dette målet, må innbyggjarar, næringsliv, andre kommunar og forvaltingsnivå samarbeide og legge inn ein felles innsats. Det er spesielt viktig at staten følger opp nasjonale klimaambisjonar med ytterlegare tiltak som gjer det mogleg med klimaomstilling på kommunalt nivå.
Klimamål for Giske kommune
Klimautfordringa er av mange omtalt som den største utfordringa i vår tid. I Meld. St. 13 (2020-2021) Klimaplan for 2021-2030 står det: Dei globale klima- og miljøutfordringane krev omstilling til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innan naturen si tolegrenser. Det må skje ein overgang til produkta og tenester som gir betydeleg mindre negative konsekvensar for klima og miljø enn i dag. Samfunnet må igjennom eit grønt skifte. Det vil vere krevjande, men fullt mogleg.
Parisavtalen frå 2015 stadfestar eit globalt mål om å styrke samarbeidet på klimaområdet. Føremålet med avtalen er å avgrense auken i den globale gjennomsnittstemperaturen i år 2100 til 2 oC over førindustrielt nivå. Det skal jobbast mot å avgrense temperaturauken til 1,5 oC. Vidare skal avtalen auke evna til å tilpasse seg dei negative konsekvensane av klimaendringar og fremme utviklinga av robuste samfunn med lave utslepp.
Norge har meldt inn ei forplikting under Parisavtalen om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 og opp mot 55 prosent innan 2030 samanlikna med 1990. Det er eit avgjerande steg på vegen mot at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.
I kommuneplanen sin samfunnsdel til Giske kommune står det:
Utsleppa av CO2 i kommunen har samla auka dei siste åra samanlikna med referanseåret 2015, jf. Fig 7. I Giske kommune medfører skipsleia, flyplassen og riksvegen at dei vesentlege CO2-utsleppa kjem frå sjøfart, luftfart og vegtrafikk. Sektorvis er det auke i sjøfart og luftfart og ein mindre nedgang i vegtrafikk. Utsleppa frå vegtrafikk og jordbruk er omlag like store. Det er ein nedgang i CO2-utslepp for sektorane jordbruk, anna mobil forbrenning, avfall og avløp og oppvarming. Grunna pandemien er det for 2020 ein markert nedgang i utsleppa frå sektorane sjøfart og luftfart.
Arbeidet med klimabudsjettet
KS har utarbeida ein rettleiar for klimabudsjettarbeid, som Giske kommune vil følgje. Arbeidet med klimabudsjett kan delast opp i fire faser: 1) Oppstart, 2) Utarbeide og rekne ut effekten av tiltak, 3) Utarbeide klimabudsjettet og 4) Rapportering og oppfølging. Giske kommune er avhengig av at alle einingar i kommunen samarbeider med utarbeidinga og oppfølging av tiltaksplan til klimabudsjettet
Med klimabudsjett i Giske kommune vil kommunen arbeide for å nå FNs bærekraftsmål nr 7, 11, 12, 13, 14, 15 og 17.
Klimabudsjett Giske kommune 2024
DIREKTE KLIMAUTSLEPP | Ansvarleg | Finansiering | Oppstartsår | |
---|---|---|---|---|
1. | Overgang til utsleppsfri bilpark i kommunen innan 2030 | |||
Ladeinfrastruktur skal vurderst | Teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
Sikre at alle nye kommunale bilar er elektriske | Bilansvareg | Innan driftsramma | 2023 | |
Innføre bildelingsordning | Stab | Innan driftsramma | 2024 | |
2 | Redusere bruk av fossilt kjøretøy i Giskesamfunnet | |||
Arbeid for at barn/unge skal gå/sykle til skulen | Oppvekst | Innan driftsramma | 2024 | |
Kommunalt tilsette nyttar kollektivtrafikk til jobb/møter, samkjører til møter o.l. | Stab | Innan driftsramma | 2023 | |
Kommunen tilrettelegg for sykkelparkering med overdekte og låsbare sykkelskur ved skular og kommunale arbeidsplassar | Teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
Prioritere mjuke trafikantar i planar | Teknisk | Innan driftsramma | 2023 | |
Samarbeid med Fylkeskommunen om gangfelt, gang-og sykkelvegar | Teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
Utrede moglegheit for samordning av varelevering | Alle | Innan driftsramma | ||
3 | Overgang til fleire elektriske bussar | |||
Samarbeid med Fylkeskommunen om overgang til elektriske bussar | Fylkeskommunen, teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
4 | Auka kollektivsatsing | |||
Kommunen bidrar til vidareutvikling av kollektivtilbodet gjennom dialog med Fylkeskommunen og FRAM | Teknisk, Fylkeskommunen | Innan driftsramma | 2024 | |
5 | Utsleppsfri maskin- og utstyrspark | |||
Overgang til elektriske grasklipparar der det er mogleg | Teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
6 | Utsleppsfrie byggeplassar | |||
Utrede innføring av utsleppsfrie bygge- og anleggsplassar i kommunale prosjekt | Teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
7 | Redusere klimagassutsleppa gjennom samfunns- og arealplanlegging | |||
I arbeid med ny arealdel skal kommunen ha fokus på grep som kan gi positiv effekt på klima t.d føringane i PAKT, auka vekt på og tilrettelegging av tilbod innan kollektivtransport, karbonfangst i myr. Styre etter godkjent samfunnsdel. | Stab | Innan driftsramma | 2023 |
INDIREKTE KLIMAUTSLEPP | Ansvarleg | Finansiering | Oppstartsår | |
---|---|---|---|---|
8 | Vurdere tilpassing i anskaffelsesreglementet | Økonomiavd | Innan driftsramma | |
Sirkulær innkjøpsstrategi knytt til møblar og inventar. Ombruk og kjøp av brukte møblar og inventar der det er mogleg. | Stab, teknisk | Innan driftsramma | 2023 | |
Mat og embalasje, redusere bruk evt gjennbruk | Kjøkkenet, oppvekst, omsorg | Innan driftsramma | 2024 | |
9 | Redusere forbruk av materiell i kommunen si drift | |||
Redusere bruk av eingongsutstyr | Pleie og omsorg | Innan driftsramma | 2024 | |
Flyt av læremidlar mellom skulane | Oppvekst | Innan driftsramma | 2024 | |
Bruk av digitale læremiddel | Oppvekst | Innan driftsramma | 2023 | |
Foliering av skulebøker for å auke levetida | Oppvekst | Innan driftsramma | 2023 | |
Miljøtårnsertifisering av barnehagane | Oppvekst | Innan driftsramma | 2024 | |
10 | Redusere utslepp frå kommunale bygningar | |||
Kompetanseheving | Teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
Meir effektiv bruk av kommunen sitt areal | Teknisk | Innan driftsramma | 2023 | |
Vurdere gjennbruk av eksisterande bygg | Teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
Vurdere bruk av solceller på nye og eksisterande bygg | Teknisk | Innan ramme/budsjett | ||
Utskifting av vindauge og etterisolering av bygg, utbetre ventilasjonsanlegg | Teknisk | Innan ramme/budsjett | 2024 | |
11 | Redusere Klimautslepp for kommunale lyspunkt | |||
Gatelysstyring og utskrifting av lyspunkt | Teknisk | Innan ramme/budsjett | 2024 | |
Utskifting av armaturer | Teknisk | Innan ramme/budsjett | 2024 | |
12 | Redusere matsvinn i kommunen | |||
Matsvinnprosjekt i barnehagane | Oppvekst | Innan driftsramma | 2023 | |
Matsvinnprosjekt i bufellesskap og omsorgssenter | Pleie og omsorg | Innan driftsramma | 2024 | |
13 | Renovasjon | |||
Lage retningslinjer for kildesortering i kommunen sine lokaler | Stab | Innan driftsramma | 2024 |
TILRETTELEGGANDE AKTIVITETAR | Ansvarleg | Finansiering | Oppstartsår | |
---|---|---|---|---|
14 | Kommunikasjon og mobilisering | |||
Kommunikasjon om klimaløysingar | Stab | Innan driftsramma | 2024 | |
Markedsføre tilskotsordningar som kan vere aktuelle for innbyggjarar og næringsliv i Giske | Stab, teknisk | Innan driftsramma | 2024 | |
15 | Kunnskapsgrunnlag | |||
Vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget for framtidige klimabudsjett | Stab | Innan driftsramma | 2024 |