9 Teknisk

Generelt og satsingsområde


Dei fleste tenesteområda innan ramme 9 er budsjetterte innanfor regelverket for sjølvkost. For å få fram balansen i sjølvkost vert teknisk eining sitt budsjett presentert på ansvarsområda. Samla inntekter, utgifter og nettokostnad går fram av tabellen nedanfor. Overskot innan eit sjølvkostområde vert sett av til fond og underskot vert dekt med bruk av fond. Betalingssatsane er justerte i tråd med sjølvkostregleverket. For 2024 har vi også vedteke ny forskrift for vatn og avløp som påverkar gebyra og gjer at ein ikkje kan samanlikne tala frå 2023 med 2024 tala, jamfør eiga sak.

Områda som ikkje er sjølvfinansierte er eigedomsavdelinga, reinhald, brannvern, grunnkjøp, kart, rettleiing og tilsyn på byggesak, opparbeiding av utbyggingsområda, vegar og parkar samt gravferdsteneste, overordna plan samt regulering.

Regulering er ikkje eit vedteke sjølvkostområde, men gebyra legg opp til auka dekningsgrad med mål om å vere sjølvfinansierande.

Satsingsområde:

Eigedomsforvaltning

Området heng saman med samfunnsplan og tilhøyrande arealplan - der arbeidet vart starta opp i 2022. Vi må kartlegge kommunale areal og kommunal bygningsmasse. Samfunnsplan med arealplan vil vere styrande dokument som gir føringar for kva areal som kan seljast, brukast av kommunen sjølv eller leigast vekk. Bygningsmassen må også karleggast og vurderast - kva skal vi ta vare på og utnytte på best mogleg måte, kva bygg kan vi selje eller bruke til noko anna og kva nybygg er nødvendig i eit 5,10,15,20 års perspektiv. Arbeidet med ein eigedomsstrategi kan skje parallelt med arealplanarbeidet.

Utviklingsarbeid- spesielt når det gjeld Gjøsundet hamn og næringsområde- vidare utvikling

Teknisk har i fleire år tatt tak i fleire utviklingsoppgåver i kommunen. I første rekke gjeld dette Gjøsundet. Arbeidet har kome på toppen av anna arbeid i mange år. Teknisk eining fekk tilsett einingsleiar frå april 2023. Gjøsundprosjektet fekk tilsett prosjektleiar i halv stilling frå 1.10.23. Dette gjer det mogleg å etablere ei gruppe som kan arbeide med utvikling- og ivaretaking av kommunale areal og bygningar. Målet må vere å ta vare på verdiane til Giske kommune i eit berekraftperspektiv og etter formuesbevaringsprinsippet i kommunelova.

Avlasting av tunnellane

Tunnellane frå Ålesund til Giske kommune- er i periodar sterkt belasta. Statens vegvesen arbeider no med å konsekvensutgreie ulike alternativ som i sin tur skal innarbeidast i nasjonal transportplan. Forslaget som statens vegvesen vil gå for, blir klart vår/sommar 2024. Realisering av vald alternativ vil ta tid. I mellomtida er det viktig å få ned trafikken gjennom tunnellane. Dette kan vere mogleg ved å auke kollektivbruken. Pendlarparkering på Ytterland kombinert med gratis buss/båt kan vere aktuelle tiltak som kommunen kan spele inn ovanfor statens vegvesen og fylkeskommunen.

Byggesak

Byggesak vil vere eit satsingsområde i 2024. Bemanninga vart styrka i 2023 noko som har gitt resultat. I dag klarer teknisk å ta unna dei nye byggesakene som kjem inn. I tillegg har byggesaksbehandlarane no makta å avslutte ein del gamle saker. Målet er å avslutte alle gamle saker i løpet av første halvår 2024 samstundes som nye saker blir behandla og det blir gjort lovpålagt tilsyn.

Viser til rapporten over statsforvaltar sitt hovudbilete av kommunen om klagesaker etter plan og bygningslova:

Statsforvaltaren har behandla 33 plan- og byggesaker frå Giske kommune i perioden 2019-2022. Talet er relativt høgt i forhold til
innbyggjartalet, men kommunen har eit stort utbyggingspress, særleg i deler av kommunen.
Vår samla vurdering er at kommunens vedtak i hovudsak blir gjort i samsvar med plan- og bygningslova. Vi peikar likevel på nokre område kommunen bør ha fokus på framover.

Det gjeld at reguleringsplanane for fleire press- og fortettingsområde ikkje er oppdatert i samsvar med kommuneplanen sin fortettingsstrategi, og kommunen blir oppmoda om å oppdatere reguleringsplanane i dei største pressområda. Statsforvaltar ber også kommunen merke seg at i dispensasjonsvurderingar må kommunen ta konkret stilling kva verknad dispensasjonen kan gi. Kommunen har i fleire av klagesakene vore for generell i vurderinga av om vilkåra for å gi dispensasjon er oppfylt.

Rullering av arealplanen

Rullering av arealplanen er eit krevjande arbeid. Teknisk med sin spesielle kompetanse, må bidra tungt i mange av dei planlagde utgreiingsbehova i åra framover til og med 2025.

Viser til statsforvaltar sitt hovudbilde av kommunen om Miljø og klima:

Organisering av teknisk eining

Det er behov for nærmare gjennomgang av organiseringa av teknisk eining. Eininga består i dag av hovudområda (1) forvaltning, (2) driftsavdeling, (3) eigedomsavdeling og (4) reinhald. Teknisk utval har gjort ei vurdering av strukturen etter kommunestyrevedtak 016/22 av 28.04.22. Tilrådd modell bør vere utgangspunkt for vidare arbeid.

Investeringar vatn og avløp

Det er behov for vesentlege investeringar i vatn- og avløpsanlegg komande år. Ny hovudplan er no godkjent. Opptrapping i tråd med dei nødvendige investeringane lagt i hovudplanen vil påvirke gebyrnivået både for privathushaldningar og bedrifter. Nye EU krav til reinsing av avløp vil mest truleg bli innført og vil gjelde for alle norske kommunar. Nytt regleverk vil føre til auka reinsekrav for avløp og auka investeringsbehov i åra framover.


Overordna blikk - utfordringar

Teknisk eining har ansvar for eit svært breitt spekter av oppgåver. Samtidig er vi få tilsette på kvart ansvarsområde. Dette gjer oss sårbare ved sjukdom og jobbskifte og er ei vedvarande utfordring i arbeidet med å rekruttere- og behalde tilsette. Det er eit gap mellom forventningar og lovkrav og kva teknisk reelt sett kan klare å levere.

Byggesaksavdelinga

Bemanningssituasjonen har betra seg i 2023, og det er i dag 5 tilsette som arbeidar med byggesak. I 2023 har det vore ein snuoperasjon. Vi har klart å svare alle nyinnkomne sakar, og ta gebyr for alle saker. Det har ikkje vore tapte gebyr på byggesak i 2023. Vi har også klart å følgje opp gamle sakar, og har målsetning i 2024 om å lukka alle gamle sakar.

Byggesak er ikkje eit reint sjølvkostområde, og det blir gjenspeila i årets budsjett. Ansvaret er delt i 70% sjølvkost og 30% ikkje sjølvkost, noko som er i tråd med gjeldande regelverk. Dei 30% dekker mellom anna rettleiing, (rettleiing i Plan- og bygningsregelverket), tilsyn og klagehandsaming.

Rekneskap frå 2020 – september 2023

År

2020

2021

2022

tom. September 2023

Inntekter:

1 892 276

1 880 461

1 453 418

2 065 145



Bygg og eigedom

Viser til forvaltningsrapport utarbeidd i 2021 som viser at Giske kommune ikkje har sett av midlar til vedlikehald. I realiteten dekker løyvingane kun drift. Denne situasjonen har vort uendra over mange år. Manglande vedlikehald påverkar tenestene og brukarane av bygga.

Giske kommune står ovanfor eit vegval - kva vi skal gjere med vår bygningsmasse framover, skal vi utføre verdibevarande vedlikehald eller skal bygga forfalle. For enkelte av bygga er situasjonen pr. dags dato slik at manglande vedlikehald blir sjølvforsterkande, og tilstanden er alt svært dårleg. Dette gjeld mellom anna fleire av omsorgsbygga.

For å maksimere brukstid/nytteverdi av bygga må ein ha midlar til oppgradering for å møte endra krav til funksjon (brukstilpasning) og energibruk. Samla sett "forbrukar" ein bygningsmassen mykje raskare enn forventa levetid og gjer at sanering og nybygg tvingar seg fram. Dette er ei utvikling som på sikt er uøkonomisk og lite berekraftig.

Etterslepet er berekna til minst 100 mill. kroner. Teknisk foreslår at løyvingane til vedlikehald av den kommunale bygningsmassen vert trappa opp med kr 2 million i 2024 og aukar med same beløp dei 3 påfølgande åra, til kr 8 million pr år. Berre på denne måten kan Giske kommune hente inn att vedlikehaldsetterslepet.

Ansvar veganlegg

Ansvarsområdet dekkjer drift av veganlegg, gatelys, gravferdsteneste, parkar og plassar. Ansvarsområdet er ikkje sjølvkostfinansiert.

Snøbrøyting/vinterdrift:

Giske kommune har i dag 7 brøyteroder. Av desse brøyter kommunen 1 rode sjølv. Giske kommune set opp brøytestikker for alle rodene. Giske kommune strør sand for alle rodene utanom rode T6 Godøya (innleige av private her). Det er i dag ca. 88 km med kommunal køyreveg og ca. 20 km med gang- og sykkelveg i kommunen. For 2024 må kommunen auka brøytebudsjettet. Rekneskapen pr. august 2023 er på 1 482 000. Budsjettet for 2023 er på 1 800 000. Forventa rekneskap i slutten av året er dermed estimert til kr. 2 468 000. Dette tilsvara ei overskriding på ca. kr 700 000 og skuldast i hovudsak nye brøyteavtalar samt auka stillingsprosent frå 30 til 70 på saksbehandlar veg.

Drift og vedlikehald av gatelys er hovudsakleg delt inn i to budsjettpostar "Straumutgifter" og "Vedlikehald anlegg":

Giske kommune har ansvar for drift og vedlikehald for ca. 3100 gatelys. Dette er gatelys på kommunale vegar, fylkesvegar og delar av riksveg i kommunen. For drifta og vedlikehaldet av gatelys på riksveg og nokre av fylkesvegane får vi refusjon frå Statens vegvesen og Fylkeskommunen. På fylkesveg får vi refusjon på dei vegane som har årsdøgntrafikk (ÅDT) på over 1200. Størsteparten av drifts- og vedlikehaldskostnadane er naturleg nok i vinterhalvåret med tilsvarande reduserte kostnader sommarhalvåret.

Giske kommune har løyvd særs lite til drift og vedlikehald av kommunale vegar over mange år. For delar av vegnettet er slitasjen no så stor at det er behov for nyinvesteringar. I 2022 vart det asfaltert for kr 1.2 mill og i 2023 vert det asfaltert for kr 2 mill. I tillegg blir det asfaltert i samband med rehabilitering av ledningsanlegg.

Gatelysa skulle ha vore skifta til LED lys for å redusere straumforbruket, men så langt har ein ikkje hatt midlar til innfasing av LED. Enovastøtta opphøyrde i 2017.

Gravferdsteneste

Kyrkja dekker tenesta med knappe 1,2 mill. Dette motsvarar 2 stillingar. Føring av timar viser at behovet for å dekke tenesta ligg på 2,8 stillingar til dette arbeidet. Også når det gjeld kjøp av utstyr i samband med gravferdstenesta (heve- og senkeapparat og grøftekasse) så dekker teknisk halvparten, noko som går på drifta.

Det er behov for nærmare gjennomgang av organiseringa av teknisk eining. Eininga består i dag av hovudområda (1) forvaltning, (2) driftsavdeling, (3) eigedomsavdeling og (4) reinhald. Teknisk utval har gjort ei vurdering av strukturen etter kommunestyrevedtak 016/22 av 28.04.22. Tilrådd modell bør vere utgangspunkt for vidare arbeid.

Det er behov for vesentlege investeringar i vatn- og avløpsanlegg komande år. Ny hovudplan er no godkjent. Opptrapping i tråd med dei nødvendige investeringane lagt i hovudplanen vil påvirke gebyrnivået både for privathushaldningar og bedrifter.

Kommunalt kartverk

Lovpålagd teneste som ikkje er sjølvfinansiert. Omfattar drift- og oppdatering av alle kartopplysningar. Flyfoto vil bli utført i 2024.

Kommunen har delteke i felles kartleggingsprosjekt saman med nye Ålesund kommune og Statens kartverk der sjøområda i kommunen er kartlagde. Det er undersjøisk topologi og grunnforhold som er kartlagt. Ut frå desse datasetta angis undersjøisk fauna og biologisk masse. Framtidig vidareutvikling/ kvalitetsheving i form av nykartleggingar på utvalde tema som til dømes forureiningspunkt, område med dårleg resipient, straumforhold osv må vurderast på lik linje med fortløpande kvalitetsheving av kommunens landbaserte kart.

Denne kartlegginga er no fullført og kommunen kan i løpet av 2023 be om utbetaling av 1,3 mill som kommunen har forskuttert.

Formannskapet har i sak 115/21 den 20.09.21 gjort vedtak om å inngå intensjonsavtale med fylkeskommunen om ytterlegare styrking av marint kunnskapsgrunnlag i fylket. Kartlegging av sjøområda vil vere eit avgjerande verkty for berekraftig planlegging- og forvaltning av sjøområda i kommunen. Marine grunnkart vil vidare vere viktig beslutningsgrunnlag for landbaserte aktivitetar/utbyggingar og andre menneskeskapte påverknader som har konsekvens for sjøområda.

Oversikt tal årsverk

Oversikt tal årsverk

Ansvar Årsverk 2019 Årsverk 2020 Årsverk 2021 Årsverk 2022 Årsverk 2023
5000 - Byggesak 3,80 2,53 3,33 3,33 4,33
5100 - Eigedomsavdelinga 22,54 23,58 22,22 21,68 22,18
5300 - Brannvern 7,30 4,70 0,00 0,00 0,00
5310 - Feiing og tilsyn 0,00 0,00 0,00 0,00 0,00
5400 - Kommunalt kartverk 1,30 1,80 0,80 0,83 0,83
5410 - Oppmåling 0,90 0,62 0,60 0,85 0,80
5500 - Regulering 1,70 1,85 1,80 1,53 1,33
5510 - Plan 0,00 0,55 0,65 1,08 1,33
5520 - Grunnkjøp 1,50 1,50 1,40 1,93 2,33
6000 - Opparb. utbygging 0,00 0,70 1,50 1,00 1,00
6100 - Veganlegg 4,38 4,73 3,64 3,66 3,86
6200 - Vassforsyning 4,97 3,29 5,45 4,98 4,88
6300 - Avløp og reinsing 5,03 4,00 4,35 4,88 4,43
6350 - Slamtømming 0,00 0,15 0,10 0,85 0,80
6400 - Renovasjon 2,37 2,33 2,88 2,78 2,78
Sum 55,79 52,33 48,72 49,38 50,88
Alle tal i heile 1 000 kroner

Driftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag

Driftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag

Ansvar Ramme 9 Teknisk Regnskap 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026 Budsjett 2027
5000 BYGGESAK - Sjølvkost 2 832 957 1 341 1 341 1 341 1 341
5021 Byggesak (vegleeing, klagehandsaming - ikkje sjølvkost) frå 2023 - - 1 383 1 383 1 383 1 383
5100 EIGEDOMSAVDELING 37 694 38 926 31 625 31 625 31 625 31 625
5300 BRANNVERN 9 283 10 154 11 001 11 001 11 001 11 001
5400 KOMMUNALT KARTVERK 2 893 3 254 3 335 3 335 3 335 3 335
5500 REGULERING 915 988 759 759 759 759
6000 OPPARBEIDING UTBYGGINGSOMRÅDER - 1 341 - 1 352 - 5 209 - 10 209 - 15 209 - 20 209
6100 VEGANLEGG 7 833 9 349 10 012 10 012 10 012 10 012
6200 VASSFORSYNING - VAR 220 - 150 - 238 - 238 - 238 - 238
6300 AVLØP OG RENSING - VAR 756 - 150 383 383 383 383
6350 SLAMTØMMING - VAR - 10 - 26 26 26 26
6400 RENOVASJON - VAR 852 - 34 34 34 34
5310 FEIING OG TILSYN - Sjølvkost - - - 3 - 3 - 3 - 3
5410 OPPMÅLINGSFORRETNING - Sjølvkost - 51 - - 2 - 2 - 2 - 2
5510 PLAN 1 073 1 297 662 662 662 662
5520 GRUNNKJØP 1 610 1 701 1 766 1 766 1 766 1 766
5110 REINHALD - - 11 196 11 196 11 196 11 196
Sum ramme 9 Teknisk 64 558 64 974 68 071 63 071 58 071 53 071
Sjølvkostområde er budsjettert med 0 kroner. Dette kjem av at områda er sjølvfinansierande, og overskot eller underskot blir ført til/eller dekt av sjølvkostfond.
Alle tal i kroner

Utvalde kostratal

Utvalde kostratal

Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Årsgebyr for vassforsyninga - eksl. mva.
Kommunalt avløp 3 074 3 394 6 454 4 761 4 435
Kommunal vassforsyning 2 459 2 566 4 053 3 814 4 033
Hushaldningsavfall 2 690 3 320 3 318 3 001 3 140
Samferdsel
Brutto utgifter til gatebelysning pr. kilometer belyst veg 22 829 14 777 14 482 21 406 25 675
Netto driftsutgifter til kommunale vegar og gater pr. km. 77 368 169 497 184 603 116 024 166 720
Eigedomsavdeling
Utgifter til vedlikehald pr. kvadratmeter 48 223 20 84 109
Herav utgifter til reinhald 179 175 90 163 172
Herav energi-kostnader pr. m2 57 101 43 128 143

Ansvar 5000 Byggesak - Sjølvkost

Byggesak står til ei kvar tid i spennet mellom kunde, søkjar, lovverk og politisk vedtekne planar. Som tidlegare påpeika - sist i årsmeldinga for 2020 - er dispensasjonsgraden i Giske alarmerande høg. I den grad dispensasjonsgraden er eit uttrykk for at den faktiske politiske vilje ikkje samsvarar med overordna regelsett i kommuneplanens arealdel - så må aktuelle regelsett vurderast/justerast i den føreståande rulleringa av arealdelen. Det er difor avgjerande at rulleringsarbeidet blir prioritert.

Bemanningsituasjonen har vore kritisk over lengre tid med notorisk underbemanning kombinert med stor turnover. Arbeidet med rekruttering, opplæring og behalde tilsette over tid, vil alltid vere særleg utfordande i ein liten organisasjon. Situasjonen pr. i dag - med tre av fire nytilsette sakshandsamarar - fordrar ekstraordinær tilnærming.

I prognose for månadsrapport for oktober har ein etter prognose meldt om manglande gebyrinntekter på 1,5 mill. ved utgangen av året. Pr. dags dato ligg dekningsgraden på 34% i høve budsjetterte inntekter. Ein har ikkje ikkje tilgjengelege sjølvkostmidlar (fond) på området og kommunen må dekke manglande gebyrinntekter.

Dei siste fem åra har kommunen til saman dekt om lag kr 6 mill. i manglande gebyrinntekter. Det er eit tankekors at kommunen ikkje har valgt å finansiere opp tilstrekkeleg produksjonskapasitet gjennom gebyrauke.

For budsjettåret 2023 tilseier sjølkostberekningane eit driftsbudsjett på kr. 3,3 mill. Ut frå bemanninssituasjonen (produksjonskapasiteten) og påløpte restansar, må ein ta høgde for at det vert vesentleg underdekning i gebyrinntektene) også for budsjettåret 23.

Grunna arbeidssituasjonen har ein ikkje prioritert raportering for året 2021. Gitt dagens situasjon kan ein heller ikkje pårekne at ein maktar å gjennomføre rapportering for inneverande år.

Ansvar 5210 Feiing og tilsyn - Sjølvkost

Kommunen kjøper tenesta frå Ålesund kommune.

Ansvar 5410 Oppmåling - Sjølvkost

Kommunen kjøper oppmålingstenester frå to ulike landmålarføretak. Gebyrområdet har over fleire år hatt jamn- og god produksjon. Gebyrsatsane vart reduserte for inneverande for å kunne redusere eldste delen av opparbeidd sjølvkostfond.

Ansvar VAR - Vatn, avløp og renovasjon: 6200 Vassforsyning, 6300 Avløp og reinsing, 6350 Slamtømming. 6400 Renovasjon - Sjølvkost

Drift og vedlikehald av vassforsyninga, som saman med avløp og reinsing, slamtømming og renovasjon blir regulert av eige lov- og regelverk, og skal drivast innanfor særavgifter, er sjølvfinansierande. Noko vatn blir kjøpt frå Ålesund kommune sidan dette er nytta som reservevassforsyning, og ein må ha kontinuerleg flyt av vatn i leidningane. Vidare er teneste 3400 Behandlingsanlegg og teneste 3450 Leidningsanlegg eigne tenesteområde under sjølvkost, der det er store investeringsbehov.

Slam og renovasjon blir kjøpt frå - og er administrert av ÅRIM. Vi legg satsane til ÅRIM til grunn.

I samband med kartlegging av grunn på kommunal eigedom på Gjøsundet er det hausten 2023 avdekka eit gammalt søppeldeponi. For å kunne bruke området må det gjerast tiltak- avhengig av kva området skal brukast til. Kostnadar i samband med etterarbeid av gamle deponi kan førast på renovasjon, og ein må i 2024, eventuelt i 2025 investere i tiltak grunna desse tilhøva.

Ansvar 5500 Regulering - Ikkje sjølvkost, men vedteken sjølvfinansiert

Ny gebyrforskrift iverksett 01.01.2021. Regulering er ikkje eit vedteke sjølvkostområde, men gebyra forutset som prinsipp at området i størst mogleg grad skal vere sjølvfinansierande. For året 2020 var dekningsgraden 83%.

Grunna tørke i oppstarta/nye reguleringsplanar (gjeld i perioden 2020, 2021 og så langt i inneverande år) har ein for inneverande år budsjettert med gebyinntekter på kr. 445 000 . Samla driftsutgifter er budsjetterte til kr. 1,7 mill. Prognose pr. oktober tilseier eit årsresultat på om lag kr. 215 000.

Ansvar 5510 Plan

Består av overordna planarbeid:

  • Rullering av kommuneplanens samfunnsdel forutsettast sluttført i løpet av 2022.
  • Rullering av kommuneplanens arealdel vert å starte opp i løpet av vårparten 2023.

Vi er første generasjon som handfast opplever menneskeskapte klimaendringar. Samstundes er vi den siste generasjon som realistisk sett kan påverke (redusere/bremse) desse. Møre og Romsdal fylkeskommune har sett seg som mål å vere berekraftsfylke nr.1. Plan for Areal, Klima og Transport (PAKT) er no vedteken for Ålesundsregionen.

Implementering av FNs berekraftsmål vurderast som avgjerande i all kommunal planlegging og er elles i samsvar med forvaltningsansvaret som kommunen har etter plan- og bygningslova § 1.

Det er avgjerande at ein i arealdelen arbeider vidare med dei styringssignal som er gitt i samfunnsdelen for framtidig busetnadsmønster, tettstad-/senterstruktur, trafikkmønster, trafikktrygging, kollektivtransport, næringsutvikling, landbruk/jordvern, struktur for skule- og helsetenester mm. Slik sett vert arealdelen ikkje berre ein plan for arealdisponering, men også ein plan for utbyggingstakt og ein viktig premissleverandør for kostnader med framføring av teknisk infrastruktur.

Kommunebilde (statsforvaltar):

Giske kommune har ikkje stort og roboust miljø på plansida, men kommunen er flink til å bruke plan som verktøy for utbygging. Kommunen kan jobbe meir med å bruke det overordna planverket som strategisk veerktøy i si planlegging.

Statsforvaltar merkar også at kommunen har utfordringar knytt til forvaltning av arealressursane i strandsona, særleg på Valderøya. Aktive og offensive utbyggjar, utbyggingspress og eit avgrensa tilgjengeleg areal kan ver utfordrande å handtere for kommunen som planmyndigheit.

Når det gjeld framtidsperspektiv peikar statsforvaltar på at Giske kommune er ein av få kommunar i fylket med vekst i folketalet. Nærleiken til Ålesund gjer Giske attraktiv som bustadkommune for mange, for etablering av næringar mv. Kommunen er slik i posisjon til å ta styring over arelabruken sin, og legge føringar for korleis areala skal forvaltast. Statsforvaltar trekker også fram at samarbeid med nabokommunar om strategiske plan - og utviklingsoppgåver som vil kunne styrke kompetanse og kapasitet på planområdet.

Ein kan merke her at kommunen samarbeider alt om ein del strategiske plan - og utviklingsoppgåver, som mellom anna PAKT planen, arealplalegging i sjø, og samarbeid om marine grunnkart.

Ansvar 5100 Eigedomsavdeling

Bygg og eigedomsavdelinga

Viser til forvaltningsrapport utarbeidd i 2021 som viser at Giske kommune ikkje har sett av midlar til vedlikehald. I realiteten dekker løyvingane kun drift. Denne situasjonen har vort uendra over mange år. Manglande vedlikehald påverkar tenestene og brukarane av bygga.

Giske kommune står ovanfor eit vegval - kva vi skal gjere med vår bygningsmasse framover, skal vi utføre verdibevarande vedlikehald eller skal bygga forfalle. For enkelte av bygga er situasjonen pr. dags dato slik at manglande vedlikehald blir sjølvforsterkande, og tilstanden er alt svært dårleg. Dette gjeld mellom anna fleire av omsorgsbygga.

For å maksimere brukstid/nytteverdi av bygga må ein ha midlar til oppgradering for å møte endra krav til funksjon (brukstilpasning) og energibruk. Samla sett "forbrukar" ein bygningsmassen mykje raskare enn forventa levetid og gjer at sanering og nybygg tvingar seg fram. Dette er ei utvikling som på sikt er uøkonomisk og lite berekraftig.

Etterslepet er berekna til minst 100 mill. kroner. Teknisk foreslår at løyvingane til vedlikehald av den kommunale bygningsmassen vert trappa opp med kr 2 million i 2024 og aukar med same beløp dei 4 påfølgande åra, til kr 8 million pr år. Berre på denne måten kan Giske kommune hente inn att vedlikehaldsetterslepet.

Ansvar 5300 Brann- og oljevern

Giske kommune kjøper no tenesta frå Ålesund kommune. Giske kommune deltek i det Interkommunale utvalet mot akutt forureining IUA.

Ansvar 5400 Kommunalt kartverk

Lovpålagd teneste som ikkje er sjølvfinansiert. Omfattar drift- og oppdatering av alle kartopplysningar.

Kommunen har delteke i felles kartleggingsprosjekt saman med nye Ålesund kommune og Statens kartverk der sjøområda i kommunen er kartlagde. Det er undersjøisk topologi og grunnforhold som er kartlagt. Ut frå desse datasetta angis undersjøisk fauna og biologisk masse. Framtidig vidareutvikling/ kvalitetsheving i form av nykartleggingar på utvalde tema som til dømes forureiningspunkt, område med dårleg resipient, straumforhold osv må vurderast på lik linje med fortløpande kvalitetsheving av kommunens landbaserte kart.

Kartlegging av sjøområda vil vere eit avgjerande verkty for berekraftig planlegging- og forvaltning av sjøområda i kommunen. Marine grunnkart vil vidare vere viktig beslutningsgrunnlag for landbaserte aktivitetar/utbyggingar og andre menneskeskapte påverknader som har konsekvens for sjøområda. Formannskapet har i sak 115/21 den 20.09.21 gjort vedtak om å inngå intensjonsavtale med fylkeskommunen om ytterlegare styrking av marint kunnskapsgrunnlag i fylket.

Ansvar 5520 Grunnkjøp

Ein legg opp til budsjettmessig ressursbruk på om lag 2,3 stillingar. Ei stilling står vakant, noko som har gjort at der er lang kø av gamle saker. Arbeidet omfattar alt førebuande arbeid i samband med kjøp/avhending av kommunal eigedom - både for det som er delegert til kommunedirektøren - jf delegeringsreglementet kap 7, samt saker lagt fram for formannskapet.

Arbeidet med utbyggings- og avhendingsporteføljen i samsvar med økonomiplan har vore særs arbeidskrevjande. Arbeidet har i realiteten hatt karakter av å vere eigedomsutvikling snarare enn tradisjonell avhending. Etter planen skulle ein avhende areal for å kunne finansiere utbygging av tekniske anlegg på andre områder. Føremålet med slik utbygging av tekniske anlegg er å kunne selge som byggeklare tomter. I 2023 har ein lukkast i å få fram prosjekt Jusspimarka/Sundnesmarka.

Ansvar 6100 Veganlegg

Ansvarsområdet dekkjer drift av veganlegg, gatelys, gravferdsteneste, parkar og plassar. Ansvarsområdet er ikkje sjølvkostfinansiert

Snøbrøyting/vinterdrift:

Giske kommune har i dag 7 brøyteroder. Av desse brøyter kommunen 1 rode sjølv. Giske kommune set opp brøytestikker for alle rodene. Giske kommune strør sand for alle rodene utanom rode T6 Godøya. Det er i dag ca. 88 km med kommunal køyreveg og ca. 20 km med gang- og sykkelveg i kommunen.

Drift og vedlikehald av gatelys er hovudsakleg delt inn i to budsjettpostar "Straumutgifter" og "Vedlikehald anlegg":

Giske kommune har ansvar for drift og vedlikehald for ca. 3100 gatelys. Dette er gatelys på kommunale vegar, fylkesvegar og delar av riksveg i kommunen. Drift og vedlikehald av gatelys på riksveg og nokre av fylkesvegane får vi refusjon frå Statens vegvesen og Fylkeskommunen. På fylkesveg får vi refusjon på dei vegane med ÅDT over 1200. Størsteparten av drifts- og vedlikehaldskostnadane er naturleg nok i vinterhalvåret med tilsvarande reduserte kostnader sommarhalvåret.

Parkar og plassar:

Sjølv med auka overføringar frå kyrkja er tenesta framleis underfinansiert og underbemanna. Kyrkja dekker tenesta med knappe 1,2 mill. Dette motsvarar 2 stillingar. Føring av timar viser at behovet for å dekke tenesta ligg på 2,8 stillingar til dette arbeidet. Det betyr at 80% stilling i realiteten vert sponsa av vatn, avløp og renovasjon. Også når det gjeld kjøp av utstyr i samband med gravferdstenesta (heve- og senkeapparat og grøftekasse) så dekker teknisk halvparten, noko som går på drifta.

Ei oppjustering av driftsmidlane er difor påkrevd for å halde parktenesta på dagens nivå og er foreslått i neste års budsjett.

Utfordringsbilete

  • Ny hovudplan for vatn og avløp er under sluttføring og vil legge føringar for framtidig utbygging/utskifting av leidningar, reinseanlegg samt framtidig leidningsstruktur. Slik utbygging forutset vesentleg gebyrauke i åra som kjem.
  • Komplekse byggesaker tek mykje ressursar og er krevjande. Omfanget av dispensasjonar som gis er særs arbeidskrevjande og er - så langt administrasjonen kan sjå - ei vesentleg forklaring på utfordringane med å handtere saksmengda innan tidsfristane etter lova. Forholdet mellom den enkelte reguleringsplan og den seinare- og overordna kommuneplan er på mange områder uklart - både for administrasjonen og søkar.
  • Stort vedlikehaldsetterslep i kommunale bygg i ein storleik av om lag kr 100 mill.
  • Det er utfordrande å oppnå jamn og stabil utleige - utleigebygg kan bli ståande tomme. Enkelte bustadar har ikkje hensiktsmessig lokasjon - særleg med tanke på kollektivtilbod.
  • Fragmentert ansvar for utleigebygga (utleige, fakturering, vedlikehald, inngåing av husleigeavtalar). Gjennomført LEAN-prosess - men ikkje teke stilling til ansvar og finansiering av funksjonen eigedomsforvaltar.
  • Vi treng ein forvaltningsplan for kommunal eigedom (kva skal vi eige og kva skal vi selje?) Må avklarast gjennom rullering av samfunnsdel og arealdel i kommuneplan.
  • Plan - rullering av ny samfunnsdel og arealdel i 2021 og 2022. Kapasietsmessig er dette særs utfordrande for eininga. Det er behov for å revidere og spisse samfunnsdelen av kommuneplanen slik at han blir eit styringsverktøy. Det er stort behov for å sjå samanhengen i dei kommunale planane. Det er utfordrande å sikre at prosessen vert gjennomført slik at heile kommunen får eigarskap til styringsdokumentet.

Styringskort og styringsindikatorar

Styringskort og styringsindikatorar

FOKUSOMRÅDE MÅL MÅLINDIKATOR RESULTATMÅL 2023
BRUKARAR:
Abonnentar Sikre trygg leveranse Rangering i kostra samt effektivitetsbarometer samt eigne laboratorieanalyser for vatn. Avklare opptrappingsplan for gebyrområda i samsvar med hovudplan for vatn og avløp
Søkjarar Saksbehandling i samsvar med lov, forskrift og kommunale planar innan tidsfrist Rangering i kostra Alle saker skal handsamast innan frist
Brukarar av føremålsbygg Tilby bygg med ein akseptabel (minimum) standard Rangering i kostra samt kommunens eige FDV-system (IK-bygg) Ingen: Budsjetterte midlar går fullt ut til å dekke fortløpande drift
MEDARBEIDARAR: Behalde- og rekruttere rett kompetanse Målstruktur og målformulering må synleggjerast - Er ikkje klart nok definert på einingsnivå. Avklare behov for kompetanse på ansvar-/tenesteområde
Sikre naudsynt kompetanseutvikling Behovskartlegging gjennom medarbeidarsamtaler
Sikre trivsel i ein økonomisk krevjande situasjon Synleggjere/forklare føremål og effekt av budsjett i balanse.
ØKONOMI: Auka ressurstilgang til eininga for å sikre bemanning for oppgåver utanfor sjølvkostområda. Grad av samsvar mellom forvaltningsområde/lovområde - slik desse går fram av delegeringsreglementet - og bemanningsgrad/stillingsprosent på det enkelte ansvars- og tenesteområde. Gjennomgang av delegeringsreglementet samt effektuere ny vidaredelegering frå kommunedirektøren
God økonomistyring Avvik i % av vedteken netto driftsramme, Månadleg rapportering ≤0