4.2 Ytre vilkår for den kommunale økonomien

Statlege rammeoverføringar og skatteinntekter (frie inntekter) er den viktigaste inntektskjelda til kommunane. For Giske kommune utgjer desse overføringane i 2024 kr 617 800 000.

Samla overføring inneber ein auke på kr 28 500 000 eller 4,8 %.

I budsjettrammene til kommunane er den største veksten i frie inntekter begrunna med

  • Maksimal foreldrebetaling er foreslått redusert til kr 2 000 per månad frå 1. august 2024
  • Kontantstøtta er foreslått endra frå 1. august 2023. Kontantstøtte foreslås gitt til barn mellom 13 -. 19 månader, og ikkje 13 - 23 månader som i dag.
  • Pensjon i private barnehagar - redusert tilskot
  • Ny opplæringsov skal etter planen tre i kraft hausten 2024
  • Nytt prøvegjennomføringssystem som vil auke grad av digitalisering som vil gi gevinstar for kommunene

Heilårseffektar innarbeidd i 2023-budsjettet

  • Maksimalpris foreldrebetaling barnehage er redusert til kr 3 000 frå 1. januar 2023
  • Gratis barnehageplass fra tredje barn i familier som har barn i barnehage
  • 12 timar gratis SFO på andre trinn, innført frå haust 2023
  • Pasienttilpassa basistilskot innført frå 1. mail 2023
  • Auke i veiledende sosialhjepssatser vart heva med 100 prosent frå 1. juli 2023
  • Barnetillegget i kvalifiseringsprogrammet vart auka frå 1. februar 2023


Normalt blir ikkje statlege tiltak som kommunane skal iverksete finansierte fullt ut. Dette gir ein effektiviseringsgevinst i kommunal sektor som det ikkje er rekna på

Utviklinga i rentenivået påverkar også den kommunale økonomien i sterk grad. Tilsvarande gjeld resultat av lønsoppgjer og kommunen sine pensjonskostnader, samt reglar for føring av premieavvik og amortisering av premieavvik.

Kommunen har plasseringar av kapital i aksjar og obligasjonar, og endringar i aksjemarknad og avkastning av obligasjonar påverkar den kommunale økonomien. Ustabilitet i aksjemarknaden ser ein effekt av. Om kommunen berre skal overvake situasjonen eller sette i verk moglege tiltak, vil bli drøfta i formannskapet.

Generelt ser ein ei innstramming i overføringane som gjer den økonomiske situasjonen svært krevjande.