2.1 Samfunnsutvikling
Befolkningsutvikling med framskrivingar
Giske er ein "annleis" kommune både når ein samanliknar med kommunane i fylket og i landet elles. Det har vore stor tilflytting dei siste åra, og det er ei forholdsvis ung befolkning. I fylkessamanheng er Giske den kommunen som har størst innbyggarvekst dei siste 10 åra. Sjølv om gjennomsnittsalderen aukar også i Giske, har vi framleis ei ung befolkning. Framover ser det ut til at tal på barn i barnehage går nedover, medan tal på eldre med hjelpebehov aukar også her i kommunen. Det er desse tenestene som vil prege økonomien i perioden.
I Kommuneplanen sin samfunnsdel 2023-2033 er desse utviklingstrekka behandla i større detalj.
Sjå meir her:
Bustadutbygging
Kommuneplanens arealdel (2018) legg føringar for ei stor bustadutbygging i kommunen. Fram til og med 2020 har det vore etter måten bra aktivitet når det gjeld utarbeiding av nye reguleringsplanar. Frå og med 2021 er det imidlertid kun oppstarta eit fåtal nye planarbeid . Tidlegare prognose om opptrapping av utbygging mot slutten av økonomiplanperioden har difor ikkje skjedd.
Avhending av kommunal grunn som er regulert- eller som i kommuneplanens arealdel er avsett til utbyggingsføremål vert i det vidare å avhende som råtomtareal. Øvrige kommunale bygg som ikkje skal nyttast vidare som føremålsbygg vert å avhende i samsvar med rullert arealdel.
Giske skal igjen ta i bruk verktøyet «utbyggingsavtale» for å få fortgang i bustad- og næringsutviklinga. Det vil seie at private som ønsker å bygge ut bustadområde, etter avtale med kommunen, kan bygge ut teknisk infrastruktur for eiga rekning og overlevere tekniske anlegg til kommunen når dei er ferdig utbygde.
Næringsutvikling
Giske er blant dei 5 største fiskerikommunane i landet. Gjøsund, mellom Vigra og Valderøya, er prioritert satsingsområde for næringsutvikling med eit 30-tals bedrifter og meir enn 700 tilsette. Fiskerinæringa og leverandørar har ca 4 mrd kroner i omsetning. Kommunen er no i gang med mudringsarbeidet i Gjøsundet med Aurstad Tunnel AS som utførande entreprenør. Giske kommune er byggherre. Det vert etterkvart opna for nye næringsetableringar på begge sider av sundet, og landområda vert utvida med mudringsmasse.