4. Diverse tenesteområder
Ramme 4 omhandlar sosiale tenester som vert gitt av NAV Giske.
Driftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag
Teneste | 4 - Diverse tenesteområde | Regnskap 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 | Budsjett 2026 | Budsjett 2027 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2420 | SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING | 3 515 | 3 528 | 4 548 | 4 548 | 4 548 | 4 548 |
2760 | KVALIFISERINGSPROGRAM | 1 105 | 1 238 | 1 533 | 1 533 | 1 533 | 1 533 |
2810 | ØKONOMISK SOSIALHJELP | 4 386 | 3 927 | 6 911 | 6 911 | 6 911 | 6 911 |
2851 | NAV DRIFT - STATLEG DEL | - 0 | - | - | - | - | - |
Sum ramme 4 Diverse tenesteområde | 9 005 | 8 694 | 12 992 | 12 992 | 12 992 | 12 992 |
Sosialtenesta, Nav
Lov om sosiale tenester i NAV inngår i kommunen sitt samla velferdsansvar og omhandlar kommunale tenester og oppgåver som NAV Giske skal utføre og medverke i. Dei obligatoriske kommunale tenestene (minimumsløysinga) som inngår i NAV Giske er opplysning, råd og rettleiing (medrekna økonomisk rådgjeving), økonomisk stønad, mellombels bustad, individuell plan og kvalifiseringsprogram.
Ut over minimumsløysinga deltek NAV Giske i introprogrammet for flyktningar med arbeidsrelatert opplæring/bistand.
Oppgåvene er til dels forankra i lov, som økonomisk sosialhjelp, og i nasjonale program som kvalifiseringsprogrammet. Desse er førande for kommunen sitt arbeid i høve grupper som treng særskild oppfølging. Giske kommune og NAV Giske har eit tett og godt samarbeid, noko som gjer at tenestene vert kvalitativt betre og heng betre saman. Kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønad må sjåast i samanheng med økonomisk sosialhjelp. Kvalifiseringsprogrammet er eit viktig verkemiddel i arbeid mot fattigdom. Målet med programmet er å fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet ved hjelp av tettare og meir forplikta bistand og oppfølging, også i dei tilfella vegen fram kan vere relativ lang og usikker.
Auka i ramme 4 er knytt til:
- Budsjettert høgare ramme for økonomisk sosialhjelp, sosial rådgjeving og veiledning grunna auka tal flyktningar.
- Løns- og prisvekst.
Driftstiltak i 2024:
- Endringar i flytningarbeidet. Fellestiltak. Reduksjon kr 0,75 mill
- Felles ramme 4 og ramme 6. Flyktning Ukraina. Auke kr 1 mill
- Kontinuerleg forbetring. Reduksjon kr 0,1 mill
Utfordringar og satsingsområder for sosiale tenester
Spesielle utfordringar:
- Ein erfarer at busette flykningar har hatt større behov for sosiale tenester også under introduksjonsprogram. Auka utbetaling av økonomisk sosialhjelp.
- Stor auke i busette flyktningar. 49 flyktningar i 2022, ca 40 i 2023, planlegg for 40 nye i 2024.
- Mange har ikkje rett til introduksjonsprogram grunna alder. Dette gir auke i utgifter til økonomisk sosialhjelp
- Grunna auke i behov for kommunale tenester som sosialhjelp, samtidig som ein opplever statleg nedtrekk, kan ein få auke i ungt utanforskap
- Endra statlege reglar har ført til fleire brukarar som må ha sosialstønad. Høgare kostnad per brukar (mellom anna som følge av høgare levekostnader)
- Ein skal ikkje lengre inntektsberekne barnetrygd i utmåling av økonomisk sosialhjelp
- Flere brukarar med meir komplekse gjeldsproblem
- Auka tal brukarar med samansette utfordringar
- Imøtekome nye oppgåver og krav til tenesteutvikling
- Vidareutvikle samarbeid mellom NAV og kommunen
- Ein arbeidsmarknad som har større krav til kompetanse
Satsingsområde for tenestene
- Arbeide for tettare samarbeid med kommune og privat næringsliv ved hjelp av jobbkonsulent og medarbeidar flykning
- Tett oppfølging av utsatte grupper ved hjelp av inkluderingskompetanse for å styrke arbeidsinkludering
- Digital innbyggartenester (Digisos) for å betre kvaliteten og effektiviteten på saksbehandling ytterlegare
- Oppretthalde fokus på konkrete og individuelle vurderingar i saksbehandlinga knytt til vedtak om økonomisk sosialhjelp, slik at nivået på KOSTRA-tala samanlikna med behovsjustert indeks blir oppretthalde
- Oppretthalde fokus og satsing på gjeldsrådgjeving
- Oppretthalde fokus og satsing på Kvalifiseringsprogrammet
- Oppretthalde fokuset på vilkår om aktivitet ved tildeling av økonomisk sosialhjelp
- Auka innsats for å betre overgang til arbeid for flyktningar
Kostra nøkkeltal 2022
Nøkkeltal | Enhet | Giske | Ulstein | Sula | Sykkylven |
---|---|---|---|---|---|
Sosialhjelpstilfelle | Antal | 123 | 296 | 109 | 97 |
Sosialhjelpstilfeller som forsørger barn under 18 år | Antal | 35 | 98 | 28 | 31 |
Sosialhjelpstilfelle med sosialhjelp i 6 mnd eller meir | Antal | 29 | 72 | 21 | 23 |
Langtidstilfeller med sosialhjelp som hovudinntekt (6-12 mnd) | Antal | 10 | 35 | 3 | 13 |
Sosialhjelpstilfelle med sosialhjelp i 6 mnd eller meir | Antal | 29 | 72 | 21 | 23 |
Samla stønadssum (bidrag + lån) | 1000 kr | 4639 | 11633 | 3476 | 3636 |
Tal på barn under 18 år i familiar som mottok sosialhjelp | Antal | 71 | 175 | 57 | 51 |
Styringskort og styringsindikator
Fokusområde | Mål | Måleindikator | Resultatmål 2024 |
---|---|---|---|
Brukere | Auke tal brukarar som nyttar digitale tenester | Brukarar på sosialområdet som kan nytte digitale tenester skal nytte DIGISOS som plattform for søknader om sosialhjelp. | 90%, sidan ikkje alle brukarane er digitale |
Oppretthalde fokus og satsing på gjeldsrådgjeving | Alle som melder behov skal få tilbod om bistand | 25 | |
Vurdere Kvalifiseringsprogrammet (KVP) for brukarane og tilby program til alle som fyller vilkåra | Giske kommune har i rammetilskotet budsjett til 7 brukararar i KVP | 7 | |
Sette vilkår om aktivitet ved tildeling av økonomisk sosialhjelp til brukarar under 30 år. | Følge intensjonen i Sosialtenestelova § 20 | 100% | |
Medarbeidere | En trygg og sikker arbeidsplass | NAV Giske sin verksemdsplan | Systematisk HMS-arbeid |
Økonomi | Systematisk HMS-arbeid | NAV Giske sin HMS/IA plan | Følgje NAV Giske sin HMS/IA plan |
God økonomistyring | Avvik i % av vedtatt netto driftsramme | Halde tildelt budsjett. |